SPESIALGLIMT

Poster til 150-årsjubileumsutstillingen for Ivar Aasens Ordbog.

Kva er ei ordbok?

Tysdag 23. mai blei utstillinga «Kva er ei ordbok?» opna i lokala til Bibliotek for humaniora. I 2023 er det 150 år sidan Aasen «Norsk Ordbog med dansk Forklaring» kom ut. Utstillinga gir eit innblikk i ordbokarbeid i Noreg med hovudvekt på arbeidet til Ivar Aasen. Utstillinga viser kor viktig det er å samle inn data for å kunne beskrive eit språk.

Publisert Sist oppdatert
Ivar Aasen reiste landet rundt for å dokumentere det norske språket.

I år er det 150 år sidan Ivar Aasen gav ut Norsk Ordbog med dansk forklaring i 1873. Dette er det viktigaste verket i norsk leksikografisk historie. Aasen samla inn og dokumenterte det norske språket under mange reiser rundt i landet. Han gjorde som Martin Luther som «dem Volk aufs Maul schaute», altså lytta til og interesserte seg for språket slik folk nytta det.

Norsk Ordbog har om lag 50 000 oppslagsord. Av desse er rundt 20 000 framleis med i Nynorskordboka. Aasen hadde forgjengarar, som presten Christen Jensøn som gav ut Den Norsk dictionarium eller glosebog i 1646, og mange større og mindre verk har kome etter hans tid.

Ordbøker bygger dokumentasjon av språkbruk.

Ei ordbok inneheld artiklar om orda i eit språk eller utvalde område av eit språk. Ei ordbok kan også vere to- eller fleirspråkleg. Ordbøker har oversyn over grunnformer og bøyingsformer av orda, definisjonar og annan informasjon om kva orda tyder og korleis dei blir brukte. Ei ordbok kan også ha opplysningar om uttale, døme på bruk og etymologien eller historia til orda. Eit anna ord for ordbokarbeid er leksikografi.

Ei god morsmålordbok viser gjennom ordartiklane kva språkbrukarane er samde om at orda i eit språk tyder. Denne utstillinga handlar om eittspråklege ordbøker for norsk, bokmål og nynorsk. Dette er det vi kallar norsk morsmålsleksikografi: utviklinga av ein vitskapleg dokumentasjon av norsk språk gjennom ordbøker.

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Powered by Labrador CMS