Om På Høyden

På Høyden er Universitetet i Bergen sin interne kanal for nyheiter, meldingar og debatt for tilsette og studentar. Her finn du informasjon om kva som rører seg i UiB-samfunnet og lenker vidare til arbeidsstøtte og nyttige verktøy. Nettstaden vert driven av kommunikasjonsavdelinga ved UiB.

Kommunikasjonsavdelinga overtok hausten 2020 ansvaret for På Høyden. Den tidlegare På Høyden-redaksjonen er no del av nettavisa Khrono som driv uavhengig journalistikk innan universitets- og høgskulesektoren, forankra i Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Retningslinjer for debatt i På Høyden

Har du tips eller innspel? Ønsker du å publisere eit debattinnlegg eller ei ytring?
E-post: [email protected]

Treng du råd og hjelp om kommunikasjon?

Ta gjerne kontakt med kommunikasjonsrådgjevar ved ditt fakultet eller museum. Du finn også arbeidssstøtte for kommunikasjon på ansattsidene.