200 år med ordsamling i Bergen 22. januar 2025 lanserte Universitetet i Bergen dei reviderte utgåvene av standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka på ordbøkene.no. Men ordbokarbeid er ingen ny aktivitet ved UiB.
Spesialglimt: Kva er ei ordbok? Tysdag 23. mai blei utstillinga «Kva er ei ordbok?» opna i lokala til Bibliotek for humaniora. I 2023 er det 150 år sidan Aasen «Norsk Ordbog med dansk Forklaring» kom ut. Utstillinga gir eit innblikk i ordbokarbeid i Noreg med hovudvekt på arbeidet til Ivar Aasen. Utstillinga viser kor viktig det er å samle inn data for å kunne beskrive eit språk.