Retningslinjer Ytring


Alle studentar og tilsette ved UiB er hjarteleg velkomne til å skrive innlegg og kommentarar i På Høyden. Ytring er ein debattarena for meiningsutveksling hos tilsette og studentar ved UiB, og eit utrykk for den enkelte skribent sitt syn. Terskelen for å få eit leserinnlegg/ytring på trykk skal være lav, men i tråd med nokre klare grunnreglar:

  • Du må signere innlegg og kommentarer med fullt navn
  • Diskuter sak, ikkje person. Sjikane og personangrep er ikkje tillete og kjem ikkje på trykk
  • Du er som skribent sjølv ansvarlig for innhaldet, inkludert å følge norske reglar og lover for ytringar og opphavsrett
  • Reklame og anna kommersielt innhald er ikkje tillatt.

Legg også gjerne ved eit portrettbilde av deg sjølv.
Begrens lengda på leserinnlegget til maks 6000 tegn.
Innsendte innlegg vert som hovudregel publisert innanfor ordinær arbeidstid på kvardagar.

Kommentarfelta under saker og lesarinnlegg i På Høyden er ikkje moderert på førehand, men innlegg som bryt med retningslinjene kan bli sletta i etterkant. Det krevs innlogging i Comento for å skrive i kommentarfeltet.

Powered by Labrador CMS