SPESIALGLIMT

Kart med stadnamn innsamla til Norsk Stadnamnarkiv. Namnet Perleporten har talet sju på seg - same som på setelen nedanfor med omtalen av staden.

Frå Perleporten til Himmerike – draumen om paradis på jord?

Nokre stadnamn peikar tilsynelatande på stader som ikkje finst – i alle fall ikkje på vår jord. Men kva er det eigentleg som motiverer desse religiøst ladde namna?

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Når vi går gjennom hyllemeter etter hyllemeter av Språksamlingane sine lister og setlar med stadnamn, kviler vi stundom blikket på eitt og anna sært namn. Nyleg kom eg over eit namn eg aldri før hadde sett, men som likevel ga gjenklang: Perleporten, namnet på eit farvatn i Risør kommune. Sært...

Idéen om Perleporten stammar frå kristen mytologi og skal vere eit sett store portar oppe i skyene, der sankt Peder, han som har ’nøklane til riket’, bestemmer ferda vidare for den avdøde. Enten vert ein ført gjennom porten opp i himmelen, eller så vert ein nekta adgang og send lukt ned i helvete. Men kvifor skulle dette vere eit stadnamn?

Lat oss sjå nærare på Perleporten.

Setel frå Norsk Stadnamnarkiv i Språksamlingane med namnet ‘Perleporten’ samt forklaring af lokaliteten.

Runde steinar som perler

På stadnamnsetelen finst det ein ledetråd – ”Smalt sund mellom Store og Lille Vardøya”. På Noregskartet kan ein tydeleg sjå at Perleporten er eit smalt farvatn, der ein tversgåande odde forma som ein halvlukka port snevrar innløpet inn til eit under ti meter breitt sund.

Det er tale om eit ekstremt smalt sund, der berre den mest røynde sjøfarar kjem seg gjennom. Som ved den mytologiske perleporten kjem berre dei gjennom som fortener det – nett som på terskelen til himmeriket.

Utsnitt frå Noregskartet med sundet Perleporten markert. Merk det smalet sundet navnet refererer til.

Namnet er relativt nytt, då namnesetelen opplyser at leia opprinneleg var steinfylt. Først då steinane vart rydda, kunne ein sigle gjennom. Det er interessant å sjå at dei vekkrydda steinane skal ha vore ’heilt runde’. Kan hende ga dei perlerunde steinane også høve til assosiasjonen med perleporten, kven veit?

Skapar si eiga verd

Perleporten er då eit spøkefullt samanlikningsnamn. Men kva så med alle dei andre stadnamna som har namn etter religiøse stader?

Eigentleg er stadnamn oppkalla etter religiøse stader ikkje noko som burde vekke oppsikt. Det er mennesket sin natur å skape meining i tilværet. Dette gjeld òg for omgjevnadene.

Den danske kulturhistorikaren Martin Zerlang har i studiane sine av bylivet i København påvist at mennesket gjennom skalareduksjon gjer det uoverskuelege og uoverkommelege leveleg og overkomeleg ved at ein skaper sitt eige rom, si eiga verd å forstå livet ut frå. Stadnamn oppkalla etter andre stader, kan vi sjå som freistnader på å skape si eiga verd etter sitt eige verdsbilete.

Men er dette tilfelle med stadnamn oppkalla etter stader i religionen – er stadnamn som Paradis, Himmerike og Helvet ein freistnad på å gjenskape verda, eller er dei spøkefulle utfordringar av førestillingsverda vår?

Lat oss sjå på litt andre døme.

Paradis, Himmerike og Helvete

Noregskartet, punktkart med religiøse stadnamn. Helvete-stadnamna er merkte med grøn firkant, Himmerike-døma med blå trekant og Paradis-namna med lilla trekant.

Dei mest alminnelege stadnamna av denne typen er Paradis, Himmerike og Helvete. Dei finst faktisk namngjevne over 250 stader i Noreg. Heldigvis, kunne ein nesten seie, er berre ein tredel av stadane kalla Helvete.

SSom ein ser på noregskartet, finst desse stadnamna over det meste av landet, men Helvete er mest alminneleg i Trøndelag, Innlandet og Vestfold, medan Paradis finst meir på Vestlandet og i Oslo-området.

Når vi kikkar i setelkartoteket kan vi sjå at stadnamn på Paradis eller Paradiset gjerne er assosierte med positive ting, gjerne at det er lunt og fint, at jorda er fruktbar eller at det er ein stad der ungdomen kan slappe av og møtast til dans utan dei vaksne sine vakande auge over seg.

Helvete skildrar vanskeleg terreng

Helvete og Helvetet derimot, skildrar gjerne vanskeleg og uframkommeleg terreng, eller jordstykke som er vanskelege og tunge å dyrke opp og halde avling på. På nokre måtar er dette ei form for skalareduksjon, der førestillingsverda vår blir projisert ned på omgjevnadene våre og dannar ei verd i miniatyr. Men likevel er det ikkje heilt det.

Å kalle eit vanskeleg framkomeleg område for Helvetet er ikkje det same som å legge all helvetets elendigheit på staden – det er heller ei biletgjering av det vi ikkje likar. Stadnamna på Paradis og Paradiset kan ein sjå på same måte – det er staden der vi har det hyggeleg og fredeleg, men ikkje nødvendigvis der vi strevar etter evig sæle.

Setel frå Norsk Stadnamnarkiv i Språksamlingane med danseplassen ‘Paradis’. CC-BY Språksamlingane.
Setel frå Norsk Stadnamnarkiv i Språksamlingane med namnet ‘Paradis’ samt forklaring av lokaliteten. CC-BY Språksamlingane.
Setel frå Norsk Stadnamnarkiv i Språksamlingane med namnet ‘Helvete’ og forklaring af lokaliteten. CC-BY Språksamlingane.

Svært gamle namn

Kor gamle er eigentleg stadnamna som er oppkalte etter stader i religionen?

På overflata virkar dei ganske unge. Dei er ofte ikkje skrivne ned tidlegare enn i det nittande eller tjuande hundreåret. Og i og med at mange av desse namna utfordrar det gjengse verdsbiletet, skulle ein tru dei var eit fenomen av den moderne tida. Men overraskande nok er nokre av dei svært gamle.

Dei eldste, Himmerike i Indre Østfold og eit no forsvunne Himmerike i Lier, er begge kjende frå ’Den raude boka’, biskop Eysteins jordebok frå 1390. Paradis i Vinje i Telemark kjenner vi frå 1471.

Utruleg, men spennande!

Litteratur:

Huitfeldt-Kaas, Henrik Jørgen, 1873-80: Biskop Eysteins Jordebog : (Den røde Bog) : Fortegnelse over det geistlige Gods i Oslo Bispedømme omkring Aar 1400. Christiania.

Rygh, Oluf, et.al. 1897-1936: Norske Gaardnavne : Oplysninger samlede til Brug ved Matrikelens Revision. 1-18. Christiania/Kristiania/Oslo.

Zerlang, Martin. 2002: Bylivets kunst - København som metropol og miniature. København.

Powered by Labrador CMS