SPESIALGLIMT

Utsnitt av oppmålingskart frå 1866 med namna Sumatra og Madeira innteikna.

Paradis ligg ved Sumatra og Madeira

Ja, det høyrest smått merkeleg ut, men det er sant. Paradis ligg faktisk ved både Sumatra og Madeira – for alle desse tre er lokale stadnamn rett sør for Kristiansand. Og dei er ganske spesielle – nemleg namn som er gjevne av ein vaskeekte sjørøvar!

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Vi er vande til å tenkje på stadnamna våre som norske, og som det som er med på å definere Noreg. Dei norske stadnamna er danna av norske ord – og av dei folk som budde i og på dei stadane som vart namngjevne. Men når vi ser eit namn som Madeira, kan vi lett sjå at det ikkje ser særleg norsk ut.

Sjølv om mange av dei norske stadnamna er 500, 1000 eller 2000 år gamle, har vi òg mange heilt unge namn. Dei er ofte gjevne for å gje staden eit positivt islett. I andre tilfelle er det tale om namn som er oppkallingar etter andre stader – stader som betydde noko for dei som gav namnet.

Paradis, Sumatra og Madeira er alle oppkallingsnamn. Og i motsetnad til dei fleste andre stadnamn veit vi kven som gav desse namna: Hans Kielland, skipper og kaperkaptein.

Han vart fødd i 1767 litt sør for Kristiansand, på Kroodden. Som barn av ein sjøfartsfamilie stakk han tidleg til sjøs. Hans Kielland var dyktig og steig fort i gradene, og vart skipper i ein alder av 25. Som skipper kom han seg langt omkring, og opplevingane hans kom til å prege han djupt – og det ser ut som om dei også ligg til grunn for namngjevingslysta hans.

Men han måtte først gjennomgå mykje, før han kom så langt.

Fanga

Etter å ha segla som skipper i nokre år, vart Hans Kielland i 1795 kaptein på «Minister Grev Bernstorff», eigd av den lokale kristiansandsmagnaten og reiaren Niels Moe. I 1796 segla skipet på Middelhavet. På den tida herja sjørøvarar frå dei såkalla barbareskstatane handelsrutene på Middelhavet, og nesten ein million europearar enda som slavar i Nord-Afrika.

Illustrasjonen ‘Sjøkrig med barbareske korsarar’ av Lorenzo A. Castro (ca. 1664-ca. 1700).

Den som ikkje hadde reisepapira sine i orden, vart teken i arrest. Og dette skjedde med skipet, Hans Kielland og heile mannskapet hans. Dei vart tekne av korsarar frå Tripolis og sette i fangenskap i byen. Til all lukke enda verken Kielland eller mannskapet som slavar, men som betaling for fridomen sin laut dei late korsarane behalde «Minister Grev Bernstorff».

Forlist

Vel heime att i Kristiansand får Hans Kielland ein ny ordre av Niels Moe. Denne gong som koffardikaptein på fregatten «Ceres» frå 1798. I år 1800 er Hans Kielland og «Ceres» på veg til Batavia i hollandsk Aust-India.

Etter å ha nådd Batavia – våre dagars Jakarta i Indonesia – stemnde «Ceres» ut att derifrå, men segla rett inn i ein orkan. Fregatten gjekk på grunn ved Anyer i sundet mellom Java og Sumatra, og gjekk tapt med last og alt.

Dette var eit hardt slag og eit nederlag for Kristiansand, og ikkje minst for skipsreiaren. Då meldinga nådde heim til Noreg averterte Niels tapet, og la til:

«Denne ulykksalige gudinna er ikkje meir. Ho var altfor kostbar, god og dydig til å få nyte eit så kort liv. Mange har grunn til å gråte over hennar død. Eg ønskjer ikkje å høyre tale om henne, og ønskjer heller ikkje nokon kondolanse».

Heldigvis overlevde Hans Kielland og mannskapet.

Samtidig prospekt av Batavia (no Jakarta) som då Hans Kielland besøkte byen.

Kaperverksemd

Då Hans Kielland kom heim att til Kristiansand, var det nye tider. Krigen med England rasa. Fordi han hadde brukt opp velviljen til Niels Moe, såg Kielland no betre sjansar i meir nærliggjande aktivitetar – nemleg det lukrative kaperiet.

Å vere kaper var å vere sjørøvar med styresmaktene si godkjenning. Formålet var å engasjere privatpersonar i å føre krig for eiga rekning, mot at dei fekk betaling, ‘prise’, for å bringe opp fienden sine handelsskip.

I 1810 var Hans Kielland medeigar i kaperen «Uforsagt», ein ombygd kutter med to kanonar. Under ein patrulje fekk dei auge på eit skip frå Gdansk som oppførte seg mistenkjeleg. Dei tok kontrollen over dette skipet med det drøymande namnet «Die Hoffnung besserer Zeiten». Under forhøyret innrømde kapteinen at skipet segla med falske papir. Skipet vart erklært som lovleg prise i 1811 og selt for 19 000 riksdaler.

Eksempel på ein norsk fregatt, rett nok ein litt seinare type enn Hans Kiellands ’Ceres’.

Betre tider

Det kapra skipet levde opp til namnet sitt – det vart betre tider no! I 1812 kjøpte Hans Kielland småøyane Brøvikholmen og Møvikholmen samt eigedomen Kragelunden på den andre sida av Kyresundet.

Utsnitt av noregskartet med eigedomen Paradis markert. Legg merke til holmane Sumatra og Madeira som ligg rett nordom.

Han gjekk straks igang med å anlegge ein lysteigedom på den største av holmane og i 1814 stod den ferdig på holmen, som han før dette hadde døypt Sumatra. Den andre holmen kalla han Madeira. Ryktet vil ha det til at han gav desse namna fordi han hadde hatt ein kjæraste på kvar av øyane.

Det kan jo hende, men det var vel heller Kielland sine voldsomme opplevingar i Aust-India og Middelhavet som låg bak namngjevinga. Han såg sikkert på desse øyane som ein fristad for seg, og verd å gje nye namn til, no når han var gått i land. I ettertida er namna stort sett alltid omtala saman. Dei er matrikulerte Sumatra og Madeira.

Paradis

Men Hans Kielland sin namngjevingsiver slutta ikkje der. Misnøgd med namnet Kragelunden døypte han eigedomen om til Paradis. Det kan forundre oss at han valde nett det namnet, men tenk då på namnet på det skipet som han tok og som gav han mogleiken til å kjøpe eigedomen: «Die Hoffnung besserer Zeiten» - vona om betre tider. Det vart betre tider for Hans Kielland, og der på Møvik sør for Kristiansand fekk han sitt Paradis.

Poetisk, ikkje sant?

Seddel frå Bustadnamnregisteret i Språksamlingane med namna ‘Paradis’ (bruksnummer 9) samt ‘Sumatra og Madeira’ (bruksnummer 10).

Litteratur

Bustadnamnregisteret, Språksamlingane, Universitetet i Bergen

Feldbæk, Ole. 1973. "Dutch Batavia trade via Copenhagen 1795–1807. A study of colonial trade and neutrality", Scandinavian Economic History Review, 21:1, 43-75. DOI: 10.1080/03585522.1973.10407745

Folketelling 1865. Oddernes prestegjeld (RA/S-2231).

Leewy, Karl. 1956. Kristiansands bebyggelse og befolkning i eldre tider. Kristiansand

Liene, Normann. 2019. "Sumatra og Madeira", Menighetsbladet Voie, 04/2019.

Ødegaard, Torbjørn. 2006. Nordiske slaver - afrikanske herrer. Oslo.

Ødegaard, Torbjørn. 2012. "Jeg manglede intet uden Friheden": om bergensmatrosen Hans Jochum Schrams slaveri i Tunis (1747-1750). Kråkerøy.

Powered by Labrador CMS