SPESIALGLIMT

Parelius, det fine livet nær sola – om norske etternamn på latin
Korleis vart eit stadnamn frå Møre og Romsdal til eit etternamn inspirert av gresk og latin?
Vi kjenner alle Ludvig Holbergs komedie Erasmus Montanus. Her dreg sonen til Jeppe på Bjerget, Rasmus Bjerg til København for å studere og oppfinn seg sjølv på ny som Erasmus Montanus – ein halvstudert røvar som strør omkring seg med latinske ord og gjer seg betre enn dei andre i den sjællandske landsbyen han sjølv kjem frå. Holberg gjer med komedien skikkeleg narr av den lærde standen i 1700-talets Danmark-Noreg og framstiller dei som oppblåste narrar. Temaet gjev framleis gjenklang hos oss nordmenn i dag – ingen skal tru dei er betre enn oss andre. Likevel går nokre av oss rundt med etternamn som Arctander, Pontoppidan og Parelius – korleis har det gått til?
Den fine latin
Verkemiddelet Ludvig Holberg bruker for å vise det overflatiske i hovudpersonen i skodespelet, er å gje han eit latinsk namn: Erasmus Montanus. Ved å latinisere namnet sitt, gjer Rasmus Bjerg seg med eit pennestrøk til medlem av ein 'betre' klasse av borgarar – dei utdanna. Men kvar stammar ideen med latinisering frå?
Latiniserte etternamn i Noreg er eit interessant fenomen som eigentleg går tilbake til innføringa av kristendomen, men høgdepunktet for latiniserte etternamn var frå 1500-talet til ut på 1700-talet. Latiniserte etternamn oppstod hovudsakleg blant den lærde eliten i landet. Prestar, professorar og embetsmenn tok ofte latiniserte namn, noko som var vanleg praksis i heile Skandinavia og Nord-Europa. Førenamnet vart òg latinisert, men ein interessant forskjell frå latiniserte etternamn er at medan etternamna ofte vart skapte som nye namn, var fornamna vanlegvis eksisterande latinske namn eller latiniserte versjonar av norske namn som var i bruk i kyrkja og det lærde miljøet.
Latiniserte etternamn i Noreg: Ulike typar
Mange av desse namna vart danna ved å omsette eit norsk stadnamn til latin (t.d. Bru → Pontanus, frå det latinske ordet for ei bru). Av og til latiniserte ein ved berre å leggje til latinske endingar til eksisterande norske ord og namn (-ius, -us, -ander), men det var vanleg å omsette norske ord, etternamn eller stadnamn til gresk eller latin.
Namn avleidd av stadnamn
Latinisering av stadnamn var ein av dei vanlegaste måtane å skape lærde etternamn på i Noreg frå 1500-talet og framover. Prestar og andre embetsmenn tok ofte namn basert på garden eller staden dei kom frå, men gav dei ei latinsk form og ending. Til dømes kunne ein mann frå Berge kalle seg Montanus (av latin mons for ‘fjell’), eller man kunne ta og latinisere etternamnet sitt frå Dall til Dalinus, som hoffpredikanten Anders Bensøn Dall, som òg gjekk under navnet Andreas Benedictus Dalinus – fint skal det vere. Andre kjende er trondheimsrektoren Anders Iverssøn Borch, som òg kalla seg Andreas Borrichius, og forfattaren Diderik Brinch, alias Dietericus Brinckius.
Det var ikkje berre stadnamn som kunne bli latiniserte. Til dømes er det kjende etternamnet Arctander avleidd av det greske ordet arktikos ‘nordleg’ og aner ‘mann’ - i latinisert form Arctander – rett omsett til Nordmannen. Denne tradisjonen var særleg sterk i kyrkja, der prestane gjerne ville markere både si lærde utdanning og samstundes det geografiske opphavet sitt.
Namn avleidd av farsnamnet eller yrke
Når slektsnamn vart latiniserte, var det ofte for å gje dei større prestisje og knyte dei til den europeiske danningstradisjonen. Eksisterande patronymikon (farsnamn) var òg ein vanleg måte å skape latiniserte etternamn på. I denne tradisjonen tok ein farsnamnet, som Jon, Olav, Nils, og la til ei latinsk ending, ofte -ius eller -i (genitivform). Slik kunne til dømes Jonssøn bli til Jonius eller Jonæus, og Nilssøn til Nicolai" eller Nicolaius – som namnet til humanisten Jens Nilssøn som vert latinisert til Johannes Nicolai.
Andre tok den latiniserte utgåva av sitt eller farens yrkesnemning som etternamn. Eit kjent døme er namnet Fabricius, som kjem frå det latinske ordet for smed ‘faber’ og vart brukt av søner av smedar – til dømes kleinsmeden Jørgen Jørgensen Smed sin son, overinspektør i Larvik Laurs Fabricius (1695-1761), far til viseadmiral Jens Schow Fabricius, og så vidare. Denne typen namn var særleg vanleg blant fyrste generasjon lærde, som ikkje hadde eit etablert familienamn å byggje på. Mange slike namn vart seinare etablerte slektsnamn som vart førte vidare i generasjonar, og den opphavlege tydinga som ‘son av’ gjekk tapt over tid.

Frå Solnør til Parelius – korleis gjekk det til?
Eit spesielt eksempel på en latinisering er slekts- og mannsnamnet Parelius – det kjem faktisk av stadnamnet Solnør. Men vegen frå Solnør til Parelius går gjennom omtyding.

Stadnamnet Solnør i Ålesund kommune i Møre og Romsdal har ei lang og innfløkt historie. Blant dei eldste skriftlege formene av namnet, finn vi i 1617 og 1666 forma ‘Solner’ som viser at namnet ser ut til å ha vore gjennom ei endring i skrivemåte. Det ser ut til at namnet vart tolka til å tyde ‘nær sola’. Sjølve namnet er eineståande og vanskeleg å tolke. Ifølge Norske Gaardnavne og Norsk stadnamnleksikon kan sisteleddet -nør ha samanheng med eit gamalnorsk adjektiv *nǫrr som tyder 'trong', og refererer til det tronge Dragsundet der garden ligg. Førsteleddet er uklart, men har i alle fall – som ein ser av 1600-talets skrivemåtar – blitt forstått i tydinga 'sol' i seinare tider.
Tolkinga av stadnamnet Solnør som ‘nær sola’ er seinare, som eit resultat av gjentyding eller kanskje i eit lærd forsøk på å finne meining i eit gamalt namn. Denne forståinga av namnet vart så grunnlaget for å skape det lærde slektsnamnet Parelius. Slektsnamnet er ei sofistikert språkleg konstruksjon som kombinerer gresk og latin: para frå gresk som tyder 'nær', og helios frå gresk som tyder 'sol', med den greske endinga -ios: Parhelios, dernest omsett eller dannet direkte i latin med dei to greske orda og endinga -ius: Parelius. Dette er eit typisk døme på korleis lærde menn på 1700- og 1800-talet skapte slektsnamn med klassisk klang for å vise tilknytinga si til europeisk danningstradisjon.
Det er interessant å merke seg at påverknaden også kan ha gått andre vegen. Kjeldene viser at uttalen av stadnamnet Solnør har endra seg over tid. I Norske Gaardnavne er uttalen oppgitt som /só:`llnæ:r/, i uttale lik skrivemåtane frå 1600-talet, medan uttalen frå 1961 er /so:l`nø:r/, stemmer med moderne skrivemåte og opphavet til namnet. Denne endringa kan ha blitt påverka av forståinga av namnet som ‘nær sola’. I Norske Gaardnavne står det direkte at «Af senere Tiders Etymologiseren er Navnet opfattet som betydende ‘nær Solen’, hvorfor det som Familjenavn er blevet oversat til ‘Parelius’.» Dette representerer ein språkleg sirkel der folketolkinga av eit stadnamn førte til skapinga av eit latinisert slektsnamn og som kan ha påverka uttalen av det opphavlege stadnamnet. Slektsnamnet Parelius vart først og fremst brukt på Vestlandet og i Trøndelag og har vore knytt til fleire kjende personar gjennom historia, blant anna skodespelar Sofie Parelius.

Dette viser korleis eit stadnamn frå Møre og Romsdal kunne bli brukt på ein helt ny måte og i ny språkdrakt som slektsnamn og seinare som mannsnamn med utbreiing især i Trøndelag og Nordland. Garden Solnør er ikkje berre opphavet til eit spesielt personnamn, det er ein stor og gammal gard med en lang historie. Og vidkjende folk har tilknyting – nynorskens far, Ivar Åsen, har ein gong har vore huslærar på Solnør!
Jo, fint skal det vera – men tenk at namn er spanande òg!
Referanser
Alhaug, G. 2024. ‘Parelius (mannsnamn)’, Store Norske leksikon. [henta 21. mars 2025]
Bratberg, T. 2025. ‘Parelius’, Store norske leksikon. [henta 21. mars 2025]
Olsen, O. 1921. Norske slægtsnavne. Deres oprindelse og historiske utvikling, Risør, s. 75-81. [henta 21. mars 2025]
Rygh, O. 1908. ’15. Solnør’, Norske Gaardnavne. Oplysninger samlade til brug ved Matrikelens Revision. Kristiania, bd. 15, s. 159. [henta 21. mars 2025]