SPESIALGLIMT

Leiketøy for leksikografar?
Høyrer ein ordet dokke, vil dei fleste av oss tenke leiketøy. Men ikkje ein leksikograf!
Den typiske ordbokartikkelen seier noko i den retninga om ordet. Bokmålsordboka skriv at ei dokke er «leketøy som ligner et menneske», mens Den danske ordbog definerer det som «menneskelignende figur i lille format, især brugt som legetøj».
At ei dokke finst i mange variantar viser setelen (på bildet over) frå arkivet til Norsk Ordbok. Ein har alt frå filledokker til nasjonaldokker, som ein vel må tru var av det meir forseggjorde slaget.


Ei dokke som godt kan kallast «nasjonaldokke» og som ikkje var tenkt som leiketøy kom sendande til Norsk Ordbok ein gong på midten av 1930-talet. Det typiske i arkivet er setlar med ordopplysningar og dokka skil seg dermed ut frå det vi elles finn i arkivet. Dokka vart send inn av Bergit Rike, ein av mange frivillige medarbeidarar som sende inn opplysningar om norske dialektord til Språksamlingane.
Dokka er kledd i plagg typiske for Setesdal. Kvar plaggdel har ein liten nummerlapp festa til seg. Nummera finn ein att i ei skrivebok der det står kva alle delane heiter og kva handarbeidsteknikkar som er nytta. I tillegg til ordlista finst det også ei skisse som viser delane drakta består av. Dokka er dermed ei verdifull kjelde til både norsk språk og plagg typiske for Setesdal.
Kjelder:
Bokmålsordboka | Nynorskordboka (uib.no)
https://www.setesdalswiki.no/wiki/Bergit_K._Rike
https://pahoyden.no/norsk-ordbok-ordbokene-setelarkiv/super-setelskrivar-fra-setesdal/111056