SPESIALGLIMT

Setelskuffer frå Norsk Ordboks arkiv.

Super setelskrivar frå Setesdal

Lærarinna Bergit Rike frå Setesdal var flittigaste bidragsytaren til Norsk Ordbok-arkivet.

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Norsk Ordboks setelarkiv

Ei stor samling innanfor materialet som utgjer Språksamlingane ved Universitetet i Bergen er setelarkivet til Norsk Ordbok. Dette er redigeringsgrunnlaget for verket i 12 band om dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket. Ordboka blei til i tida frå 1930 til 2015 og innsamlinga av data og redigeringa gjekk til dels parallelt.

Arkivet har vore godt planlagt. Det ser ein av det standardiserte formatet på setlane av syrefritt papir, alfabetisk ordna i spesiallaga skuffeseksjonar i eik. Skuffeseksjonane er ute av bruk og setlane pakka om i syrefrie esker for varig oppbevaring. Dei gamle papirsetlane finst også i avfotografert, digital versjon og er tilgjengelege for alle her
http://usd.uib.no/perl/search/search.cgi?appid=8&tabid=436.

Dugnadsinnsats

Ein inngang til det rikhaldige setelarkivet er lista over frivillige medarbeidarar. I utgangspunktet ein handskriven protokoll, men her blir det vist til den digitale versjonen. I si tid var Norsk Ordbok litt av eit dugnadsprosjket og redaksjonen vende seg til språkinteresserte i heile landet og bad om hjelp til å samle og registrere språkdata.

Bildet nedanfor er eit lite utsnitt av ei liste på kring 700 namn. Av stadnamna ser ein bidrag frå heile landet. Han står ikkje på lista, men vi kan også skilte med rojal informasjon om talemålet i Asker med setel notert etter kronprins Haakon. Den kanskje mest typiske bidragsytaren til NO-arkivet er læraren - kva statskonsuleten dreiv med er ukjent. Lektor Hope i Ålesund hadde tydeleg for store rettebunkar, for han sende ikkje inn ein einaste setel. Medarbeidaren med nummer 62 skil seg derimot ut.

Utsnitt av medarbeidarliste Norsk Ordbok.

Innsamlaren Bergit Rike

Bak nummeret 62 skjuler Bergit Rike seg. Ho var fødd i Setesdal 22. februar 1883 og levde til 12. juli 1944 og utdanna seg lærarinne frå lærarskulen på Notodden. Ho hadde lærarpostar i Gjerstad, Fåberg og Vennesla.

Bergit Rike var mellom dei flittigaste setelskrivarane i Norsk Ordbok-soga. Rundt 53 000 setlar kom det frå handa hennar. Det er ordsetlar med vakker og godt lesande skrift og dei utgjer godt 1,5 % av innhaldet på 3,2 millonar setlar i arkivet. Rike skreiv kring 50 000 setlar med sitat frå litteraturen, om lag 3000 inneheldt opplysningar om hennar eige målføre og mange tusen av dei litterærer setlane inneheld også kommentarar om kva ord eller uttrykksmåte for det same som ville vore brukt i Valle . Tenkjer ein seg eit forsiktig overslag at kvar setel i snitt krev fem minutt arbeid, kan ein rekne innsatsen hennar til i alle fall 265 000 minutt. Det utgjer minst 4400 timar dugnadsinnsats.

Ein skil mellom tre typar setlar. Det er setlar med ord og seiemåter ifrå ulike norske målføre, og setlar med sitat frå skriftlege kjelder. Dette kan vere alt frå Garborgs omsetjing av Odyssevskvædet, verk av forfattarar som Duun og Vesaas, giroblankettar og instruksjonsbøker frå Telegrafverket. I tillegg til desse to seteltypane finst såkalla kombinerte setlar som har opplysningar både frå skriftspåket og frå målføra. Bildet viser ein slik setel skriven av Bergit Rike. Hovudinnhaldet er eit sitat frå Aa.O. Vinjes Skrifter i utval. Ordet av interesse er understreka og er på denne setelen storstove. Attåt sitatet frå Vinje får ein tilleggsopplysning om uttalen av ordet i Valle, heimbygda til Rike i Setesdal. Som nemnt hadde Bergit lærarpost i Vennesla og setelen fortel oss at ein der seier bestestaua.

Setel med oppslagsord storstove skriven av Bergit Rike.

Setelen er representativ for setlane Rike sende og som hamna i dei vakre eikeskuffene til ordbokredaksjonen i Oslo.

I tillegg til å sende inn ordsetlar sende Bergit midt på 1930-talet inn ei dokke i setesdalsbunad. Den hadde lappar festa på seg med namn på kvar minste del av kleda. Saman med dokka kom ei skrivebok der ho skreiv om kvar einskild plaggdel.

I føreordet til Norsk Ordbok skriv hovudredaktør Hellevik «lærarinne Bergit K. Rike frå Setesdal… (har sendt) verdifullt tilfang.» Det sluttar eg meg til.

Kilder:

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Bergit_K._Rike

https://www.apollon.uio.no/artikler/2016/2_norsk_ordbok.html

http://usd.uib.no/perl/search/search.cgi?appid=8&tabid=436.

http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cg

Powered by Labrador CMS