SPESIALGLIMT

Utsikt fra bruket Nerhole i Rauma mot Romsdalshornet. I det fjerne ses bruket Hole. På trods af afstanden hører både Hole og Nerhole til samme matrikkelgård, gårdsnummer 18 . Romsdalshorn.

Kva er ’stort’ i stadnamn?

Korleis kan ein avgjere at noko er stort? Jau då må ein ta målestokken eller bismaren og så måle seg fram. Men når det gjeld stadnamn?

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Når det gjeld stadnamn er det vanleg å bruke skattlegging som eit mål. Men ’stort’ er likevel mange andre ting også – og ved å kombinere forskjellige måtar å oppgi storleik på, er det faktisk mogeleg å seie noko nytt om stadnamntypane våre.

Språksamlingane ved Universitetet i Bergen hyser i alt 1800 hyllemeter med fysisk materiale, noko som gjer oss til det største arkivet for dokumentasjon av norsk språk i Noreg. Men dette er ikkje alt – Språksamlingane hyser òg betydelege mengder av digitale samlingar. Mykje av dette er digitaliseringar av dei fysiske samlingane, medan ann er digitale data frå andre kjelder, men utvida i Språksamlingane slik at geografisk plassering og skriftleg samanfall med andre stadnamn i digitale kjelder kjem fram.

Gammalt og nytt i stadnamngranskinga

Dei norske stadnamna har ei lang forskingssoge bak seg. På slutten av 1800-talet, då Noreg for alvor begynte å definere seg som ein nasjon, var stadnamn ein viktig reiskap for å vise at Noreg var ein sjølvstendig nasjon med heilt særeigne språklege trekk og eigne busettingsmønster. Stadnamna vart ein del av nasjonsbygginga. Noreg var seg sjølv, men språkleg vanrøkta av dei tidlegare makthavarane Sverige og, særleg, Danmark. Stadnamn vart symbol på at ein kasta av seg dei gamle, tunge åk og synte seg som ein sterk nasjon med gamle, sterke røter – og at det gjekk an å gjere Noreg norsk att.

Figur 1. Oversikt over utbreiinga av den gammalnorske stadnamntypen -þveit, den som vi no i hovudsak kjenner som -tveit og -tvet. Ein ser at namnetypen nesten berre finst i Sør-Noreg, med størst konsentrasjoni områda Østfold, Vestfold, Telemark, Rogaland og Hordaland. ®Peder Gammeltoft, basert på den digitale Norske Gaardnavne, Språksamlingane og Carto Positron.

Ein del av arbeidet handla om å vise kva dei særlege norske stadnamna tydde og kva samansetjingsledda i namna viste til. Ved å bruke språklege og historiske dateringskriterium blei det mogeleg å dele stadnamntypane inn i forskjellige tidsperiodar, jernalderen, vikingtida og den tidlege mellomalderen – den tida då Noreg hadde vore ein sterk og offensiv nasjon. Difor blei dei tidlege namnetypane, -vin og -heimr, sett på som sentrale studieemne. Namn frå vikingtida på -land, -staðir, -bólstaðr, -þveit (sjå figur 1), og -setr/-sætr, i og med at desse namnetypane også fanst på dei nordatlantiske øyane som var busette av nordmenn, fekk òg mykje fokus, nett som den seinvikingtidige/mellomalderlege namnetypen -ruð.

Stadnamna si plassering i landskapet

Noko av dateringsmetodikken gjekk ut på å sjå på den fysiske plasseringa namnetypane hadde i landskapet, og slikt som storleik og kva skattlegginga var i mellomalderen. Men fordi ein ikkje hadde reelle, einsarta landsdekkande data for dette, føregjekk mykje av den fysiske utmålinga på lokal eller regional basis – og i hovdusaka basert på skjønn. Difor ser vi at busetjingane som knyter seg til ulike namnetypar blir omtalte som ’store’ og ’små’ – og alt der i mellom.[1] Slike lause skildringar var vanlege i den nordiske stadnamngranskinga, Noreg stakk seg ikkje spesielt ut. Men i åra omkring år 2000 begynte danske kulturgeografar og namnegranskarar å forske i namnetypar ut frå deira jordsmonn, storleik, mengd av dyrka jord, og tal på bygningar for kvar namnetype som hadde status som sokn eller ’ejerlav’.[2] Kjeldene til dette var heilt digitale og kom frå historiske skattematriklar, jordsmonndata og digitaliseringar av tidlegare historiske kartseriar, alle landsdekkande eller nesten landsdekkande (Sør-Jylland høyrde til dømes administrativt under hertugdømet Slesvig og var ikkje omfatta av dei danske skattematriklane). Analyseresultata var påfallande presise i korleis dei skildra det dyrkingsmessige potensialet og det agrare fokuset.

Norge kjem seint med

For Noreg sin del var der ikkje nok digitale datasett tilgjengelege til å kunne føreta slike detaljerte analysar, men dei siste ti åra er det kome ganske mange datasett til. Dei kan brukast til liknande analysar, om ikkje heilt identiske. No er det mogeleg å kombinere arealdata frå den norske matrikkelen med andel av dyrka jord på matrikkelgardsnivå. Ved å slå dette saman med skattevurderingar frå dei historiske matriklane og stadnamntolkingane frå hovudverket for norske namnegranskarar, Norske Gaardnavne, kan ein kvantitativt vurdere dei ca. 45 000 norske matrikkelgardane ut frå namnetypane deira. Det optimale hadde så klart vore å bruke tidlegare matriklar, for eksempel skattematrikkelen av 1647, men dei er ikkje digitaliserte endå. Dei eldste landsdekkande matriklane er frå 1838 og 1886.

Stadnamn er ’store’ på flerie måtar

Ja, heldigvis stadfester dei kvantitative resultata i hovudsak dei tidlegare resultata frå namnegranskinga, men det er òg mogeleg å seie ganske mykje meir og å sjå stadnamntypane i ein samanheng. Ved å samanstille dei landsgjennomsnittlege verdiane for gardsareal, skattevurdering og andel av dyrka jord pr. gardseining, kan vi danne oss eit bilete av korleis dei enkelte stadnamntypane oppfører seg i høve til kvarandre.

Figur 2. Skjematisk framstilling av norske stadnamntypar oppstilte etter landsgjennomsnittleg matrikkelgardsareal, skattevurdering i 1838 og andel av dyrka jord. Jo lengre til høgre i skjemaet, desto større samla gjennomsnittleg gardsareal. Jo høgare plassert i skjemaet, desto høgare gjennomsnittleg skattevurdering, og jo større bobla er, desto større andel av dyrka jord i høve til det samla arealet av gardseininga. Den grå sirkelen markert ’μ’, er landsgjennomsnittet for alle matrikkelgardane. Peder Gammeltoft, basert på den digitale Norske Gaardnavne, Språksamlingane, dei historiske matriklane, samt den digitale matrikkelen av 2018, Statens kartverk og AR50 arealressurskartet 2018, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Som ein kan sjå i figur 2, er stadnamntypen -bólstaðr den arealmessig største, og -ruð den minste av dei utvalde namnetypane. Samstundes har -vin den høgste skattevurderinga, og -setr/-sætr den lågaste. Av alle dei utvalde namnetypane er det berre -setr/-sætr som ligg under landsgjennomsnittet i skattevurdering, medan både -vin og -rud arealmessig er mindre enn landsgjennomsnittet, og -heimr og -staðir berre så vidt ligg over gjennomsnittet. Når det gjeld andelen av dyrka jord i høve til samla areal, er -vin klart den som har mest dyrka jord i høve til samla areal, følgt av -ruð, -staðir og -heimr, og alle er ganske tydeleg over landsgjennomsnittet. Dei resterende navnetypane, -bólstaðr, -land, -þveit og -setr/-sætr ligg alle ein smule under landsgjennomsnittet for andel av dyrka jord i høve til samla areal.

Kva ser vi i tala?

Generelt sett ser det ut som at det som styrer skattevurderinga er mengda av dyrka jord. Stadnamntypane -vin, -heimr, -staðir og -ruð er arealmessig små, men den høge andelen som dei har av dyrka jord, mellom 24 og 33%, gjer at dei har relativt høg skattevurdering. Desse stadnamntypane har truleg alltid hatt eit jordbruksfokus med intensiv dyrking, og grasing og udyrka areal som supplerande inntektskjelder.

Derimot har namnetypane -bólstaðr, -land, -þveit og -setr/-sætr sikkert hatt ei større økonomisk inntekt av areal ut over det reint dyrka. Særleg virkar namnetypane -land og -bólstaðr til å vere meir fokuserte på landbruk med ei viss dyrking og ein høg andel av ekstensivt anvend jord, truleg brukt til grasing eller anna økonomisk inntekt. Det samla inntrykket er eldre busetjingar som har minst areal, men den beste jorda, og så frå vikingtida av ei oppdeling i intensivt dyrka einingar og meir blanda intensivt/ekstensivt dyrka einingar. Det interessante er at skilnadene synest å vere relaterte til enkelte namnetypar. For å vere sikre på denne tendensen, må det likevel fleire studiar til, også regionale, då Noreg er nokså forskjelligarta. Dei finare aspekta av regionalt avgrensa namnetypar kan vere ’skjult’ i overordna, nasjonale tal.

__________________________________

[1] Sjå til dømes Ola Stemshaug, Namn i Noreg – ei innføring i norsk stadnamngransking. Oslo 1973, s. 38-42.

[2] Sjå Peder Dam og Johnny Grandjean Gøgsig Jakobsen, Historisk-Geografisk atlas, København 2008.


Powered by Labrador CMS