YTRING
Team Samdal tar ballen: Likestilling og mangfald krev dagleg leiaroppfølging og innsats frå kvar og ein av oss
Team Samdal svarer på utfordring fra Rotevatn, Gya og Dankel.
! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.
Forskar Dorothy Dankel, stipendiat Ragnhild Gya og Professor Atle Rotevatn utfordrar oss i På Høyden på tre likestillingskrav: i) Rådgjevarstilling, ii) Tydeleg likestillingsmandat til MatNat-dekan og iii) Gjennomgang av tilsetjingsprosedyrer og oppfølging av medarbeidarar. Team Samdal tar ballen.
På Kvinnedagen 8. mars skreiv mange om kor viktig det er å arbeide for likestilling. Vi stiller oss bak desse innlegga. Samtidig er det viktig å understreke at vi må adressere likestillingsarbeidet systematisk, på alle nivå i organisasjonen, og kvar einaste dag. Ansvaret ligg først og fremst hos leiarane. Men det gjeld òg kvar einskild av oss. Vi må våge å løfte fram utfordringar og påpeike dårleg kultur som hindrar likestilling og mangfald.
Arbeidet for å oppnå likestilling og mangfald må skje gjennom både strukturelle og kulturbyggande tiltak. Tiltaka må ta utgangspunkt i både teori og empiriske data for likestilling og mangfald blant tilsette og rekruttering av studentar.
Talgrunnlaget for mangfald er dessverre framleis mangelfullt. Ser vi på status for likestilling ved dei ulike fakulteta, så har MatNat lågast kvinneandel, SV litt høgre, medan HF har balanse for førsteamanuensane men når ikkje heilt dit for professorane. Felles for alle fakultet er at likestillingsarbeidet går så altfor seint. Det tilseier at vi treng både meir kunnskap om faktiske forhold, og ikkje minst auka handlekraft i alle ledd i organisasjonen.
Enberg synleggjer i sitt Khronoinnlegg den 10. mars at kjønnsfordelinga i studentrekruttering verkar inn på rekruttering til vitskaplege stillingar ved MatNat-fakultetet. Det same er tydeleg ved MedFak og PsykFak. Dei siste 30 åra har desse fakulteta hatt klar overvekt av kvinnelege studentar. I 2020 hadde dei balanse mellom kjønna i professorstillingane, medan nesten to tredjedelar av førsteamanuensane var kvinner. Det er òg ei likestillings-utfordring. Ved dei to fakulteta har det ikkje dei ti siste åra vore spesifikke tiltak retta mot å rekruttere kvinner til fast vitskaplege stillingar. Auken i kvinnedelen kan ein såleis sjå på som ein konsekvens av betydeleg overvekt av kvinnelege studentar og stipendiatar både ved UiB og nasjonalt. Det kan såleis tolkast som underbygging av Enberg sine poeng.
Og så til svar på utfordringane: Team Samdal vil i samarbeid med fagmiljøa ved UiB som forskar på kjønn og mangfald initiere eit analyseprosjekt og invitere med andre universitet for å få eit breiare empirisk grunnlag om kva som skaper og hindrar likestilling og mangfald. Her vil vi sjå på heile tilsettingsprosessen. Tilsvarande vil vi sjå på mangfald. Vi vil òg kartlegge opplevd kultur knytt til like vilkår i fordeling av oppgåver, løn og anna anerkjenning for kvinner og menn og for minoritetar og bruke resultata til å utarbeide både politikk og tiltak for å betre likestilling og mangfald. Relevante tiltak er til dømes: i) likestilling og mangfald skal inngå som ei tydeleg ansvarsoppgåve for alle leiarar og vere del av leiaropplæringa, ii) bruke leitekomitear for å sikre at begge kjønn er representerte blant søkarar der det er naudsynt , iii) gi opplæring om implisitt bias til alle beslutningstakarar i prosessane, iv) sjå på prosessane bak endringar i rekkefølga frå vitskapleg bedømmingskomité til tilsetting og v) Synleggjere rollemodellar både eksternt og internt, med vekt på å løfte underrepresentert kjønn og minoritetar.
Kulturbygging er eit viktig og naudsynt tiltak som ikkje berre vert skapt gjennom betre kjønnsbalanse. Forsking viser at bevisstgjering på implisitte bias og haldningsskaping òg er viktig. Her har leiarar på alle nivå i organisasjonen i både vitskapleg og administrativ linje ei viktig rolle. Derfor vil Team Samdal ha tydeleg leiaropplæring omkring korleis likestilling og mangfald styrker oss som institusjon, kva som utfordrar dei innan eiga fagmiljø, og kva tiltak som kan bygge god kultur for likestilling og mangfald i heile organisasjonen. Under pandemien har det vore framheva at kvinner tar meir av omsorgsarbeidet heime og eit større ansvar for den digitale undervisinga. Tilsvarande viser forsking, også referert av Dankel, Gya og Rotevatn i Khrono 18. mars, at kvinner endar opp med fleire av dei lite meritterande oppgåvene, at både studentar og kollegaer gjerne ventar større innsats av kvinner, og samtidig får kvinner mindre respekt for det dei faktisk gjer. Dette må adresserast, til dømes gjennom skjerming av forskingstid og, no i koronatida, ved prioritering av kontorplass på campus for småbarnsforeldre. Det er eit felles ansvar å melde frå og handle når ein ser at innsatsen for fellesskapet er skeivfordelt. Leiarar må sikre at alle får høve til meritterande oppgåver og fagleg leiarskap, at arbeidsbelastning vert likt fordelt og innsats anerkjent likt. Det er viktig å styrke den samla kollektive innsatsen for å sikre likestilling og mangfald. Først då kan vi som institusjon lukkast.
Til sist vil vi påpeike at det er ei særleg utfordring å få betre likestilling i leiarstillingane ved UiB, både i fagleg og administrativ linje. For dei siste har utviklinga gått negativ veg frå 52 prosent kvinnelege leiarar i 2009 til 32 prosent i 2020. Eit generelt kulturarbeid for likestilling og mangfald, vil slå positivt ut her. Mykje handlar om å sikre at kvinner søker leiarstillingar. Men dette krev òg at ein har sikra ein god likestillingspolitikk på alle nivå på vegen mot leiarstilling.
Team Samdal er opptatt av likestilling og likeverd og vil at det skal synast i organisasjonsarbeidet ved UiB. Derfor vil vi tilsette eit likestillings- og mangfaldsombod som både kan rådgje, initiere og kvalitetssikre opplæringstilbod og vurdere om vi som institusjon gjer det vi skal og kan for å fremme likestilling og mangfald.
Oddrun Samdal, rektorkandidat
Nils Gunnar Kvamstø, prorektorkandidat
Camilla Brautaset, viserektorkandidat for internasjonalt samarbeid
Kristine Jørgensen, viserektorkandidat for innovasjon og infrastruktur
Arne Tjølsen, viserektorkandidat for utdanning