YTRING
Tre krav til det nye rektoratet, og eitt krav til UiB-studentar og -tilsette
Vi rettar tre krav til det nye rektoratet i arbeidet med likestilling og mangfald ved UiB. Blir det Team Hagen eller Team Samdal som tek ballen, spør innleggsforfattarane.
! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.
Det er rektorval, me skriv 2021, og ein skulle tru at ein i likestillingslandet Noreg i dag kunne konstatere at alle stilte på like kår, og at mangfald og likestilling gjennomsyra organisasjonskulturen i Vestlandet sin viktigaste forskings- og undervisningsinstitusjon. Tala viser imidlertid at slik er det diverre ikkje, og i delar av vår organisasjon står det dårleg til.
I dag er 30% av professorane ved UiB kvinner. Ved det Matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat) er berre 16% av professorane kvinner. Nasjonalt tener menn meir enn kvinner i 27 av 44 stillingskategoriar i kunnskaps-Noreg. Ved UiB er lønnsskilnadane borte når ein smører tala utover og ser heile institusjonen under eitt, men vi veit at bak tala skjuler det seg store ulikskapar internt på fakultet og avdelingar. Forskerforbundet har tal frå MatNat som mellom anna viser korleis relativt kvinnesterke fag har lågare lønningar til kvinnelege professorar, samanlikna med meir mannsdominerte fag.
Dette skjer altså ved Vestlandet sin viktigaste forskings- og undervisningsinstitusjon. I Noreg. I 2021.
Dette understrekar alvoret i situasjonen, og me har ei klar forventning om at dei som vert UiB si nye øvste leiing vil ta konkrete grep for å auke likestillinga i institusjonen.
Me er glade for at begge rektor-teama har vore klare på at likestilling er ei høgt prioritert sak, og me lovar å halde dykk ansvarlege for desse løfta. Men valtalar og handling er ulike ting, og me fremjar her tre konkrete krav til det komande rektoratet, anten det vert Team Hagen eller Team Samdal som sit att som vinnaren – det er opp til veljarane å avgjere.
Krav 1: Full stilling som likestillingsrådgjevar
UiB har ein Likestillingskomité som skal kome med forslag til tiltak og støtte utarbeiding av planar, svare på utfordringar og gje råd til grupper, enkeltpersonar eller instansar innanfor universitetet. UiB hadde tidlegare ein fulltidstilsett likestillingsrådgjevar som gjorde ein stor jobb – mellomt anna med implementering/oppstart av Balanse-prosjektet og opprykkskurs. Det noverande Rektoratet har nedprioritert dette og me har ikkje lenger ei heil stilling som likestillingsrådgjevar slik som andre universitet i Noreg. Me krev at dette rettast opp. UiB treng denne likestillingsrådgjevaren i ei fulltidsstilling for å gjennomføre naudsynte tiltak for dei høge ambisjonane for likestilling.
Krav 2: Tilsetting av ein MatNat-dekan med eit krystallklart mandat og ansvar for å betre mangfald og likestilling på fakultetet
Dekanane spelar ei sentral rolle i å følge opp UiB sin Handlingsplan for likestilling. I år skal det tilsettast ein ny Dekan ved Mat. Nat. I utlysinga står det «Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.» Me krev at den nye dekanen får eit krystallklart mandat og klare, konkrete mål for mangfald og likestillingsarbeid, som vedkommande skal haldast ansvarleg for av rektoratet gjennom sitt åremål. Med tanke på at 6 av 7 dekanar ved Mat.Nat. no er menn, er det naturlegvis svært ønskeleg at den nye dekanen ved Mat.Nat. er ei kvinne.
Krav 3: Gjennomgang av tilsetjingsprosessar og ivaretaking av alle medarbeidarar
Implisitt bias, eller å vere forutinntatt, inneber å vurdere menneske ulikt utan å vere bevisst på det. Forsking viser at implisitt bias favoriserer menn, truleg spesielt i uformelle prosessar, eksempelvis tidleg i karriereløpet, eller i formelle prosessar, til dømes i intervju av nye tilsette. Det er mykje UiB som institusjon kan gjere med dei formelle prosessane. Me krev at heile tilsetjingsprosessen vert gjennomgått for å sikre auka bevisstheit og rettferd, med fokus på mangfald, likestilling og implisitt bias. Dette gjer ein til dømes ved å 1) sjå på ulike stillingstypar som kan vere meir inkluderande (til dømes: innstegsstillingar), 2) bruke "kalling" aktivt til å heve likestilling og mangfald ved UiB, 3) aktiv bruk av leitekomitéar, og 4) kursing av tilsettingskomitéar i deira “implisitte bias”. På denne måten kan UiB koma nærare rettferdige tilsettingsprosessar som gjev betre likestilling og som aukar mangfaldet på UiB, noko me alle er tent med. I tillegg krev me at det nye rektoratet gjer det dei kan for dei uformelle prosessane; nemleg at dei legg til rette for å betre inkludering av alle tilsette, slik at alle får like vilkår for vekst, trivsel og utvikling, uavhengig av kjønn og bakgrunn.
Det siste av våre krav går til alle studentar og tilsette ved UiB: Bruk stemmeretten din!
Vi kan ikkje får understreka kor viktig dette er. Demokrati krev deltaking. Noverande rektor ved Universitetet i Tromsø, Anne Husebekk, har brukt lav deltaking i rektorvalet som argument for å avskaffe demokratiet i favør av tilsett rektor, ei styringsform som også NTNU, NMBU, NHH og Høgskulen på Vestlandet har avskaffa. Det er eit paradoks at det i Noreg, som har sterk stortingsvaldeltaking (78,2% i 2017), er så få som brukar stemmeretten sin ved rektorvala: berre 28% av dei som har stemmerett stemte i 2013 (det siste reelle valet med to rektorkandidatar.) Dette synest vi er trist!
Alle studentar og tilsette i minst 50% stilling har stemmerett. Valet byrjar 22. mars kl. 9.00 og avsluttast 25. mars kl 12.00. Så sjå til å stem alle saman – det har i all fall vi tenkt å gjere.
Ein ting er sikkert: UiB får sin andre kvinnelege rektor gjennom historia denne våren. Spørsmåla som står att er følgende: Blir det Team Hagen eller Team Samdal som kan leie UiB i den lange vegen me har å gå for å nå kjønnsbalanse ved UiB?
Godt val og heia universitetsdemokratiet!
Dorothy Dankel, forsker ved Institutt for biovitenskap
Ragnhild Gya, stipendiat ved Institutt for biovitenskap
Atle Rotevatn, professor ved Institutt for geovitenskap