SPESIALGLIMT

Dette kan vere det fyrste regnbogeflagget som var i bruk i Noreg, under paraden i 1986. Det fortel fotografen av bildet, Leif Pareli. Merk at på fana som kan sjåast mot høgre bildekant, er regnbogen oppned, med den raude fargen nedst. Rosa ballongar og rosa fane minner om den sentrale funksjonen fargen har hatt som symbol.

Regnbogeflagget

Når bunadane er pakka vekk, og siste iskremen fortært, er det på tide med den årlege debatten rundt pride-flagging. Ein hundreårig, norsk tradisjon. Eller? Her får du lære meir om regnbogeflagget.

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Den rosa trekanten

Det var i det skeive miljøet i San Fransisco på vestkysten av USA, at regnbogen som symbol for skeive oppsto. Ideen bak var å finne eit nytt og positivt lada symbol for lesbiske og homofile fordi symbola som var blitt brukt tidlegare hadde opphav i ei mørk forhistorie. Det vanlegaste av desse symbola var ein rosa trekant. Den rosa trekanten hadde sitt opphav i forma og fargen på merket som homofile menn fekk på kleda sine i nazistiske konsentrasjonsleirar under andre verdskrig.

Ein svart trekant var også i bruk for lesbiske kvinner, men fekk ikkje same gjennomslagskraft som den rosa. Den svarte trekanten var eit merke som vart nytta i konsentrasjonsleirane for å markere nokon som var såkalla asosiale, og vart visstnok tatt i bruk for lesbiske kvinner, til dømes i leiren Ravensbruck. Dette står det meir om mellom anna i Kvinnemuseet si nettutstilling. Den svarte trekanten fekk ikkje eit veldig stort gjennomslag som symbol for lesbiske i Noreg, men var i bruk i nokre miljø.

Rosa trekantar har vore i bruk i Noreg også, og var lenge eit velkjent symbol. Denne fanen har vi i Skeivt arkiv, og den vart laga av Leif Erik Grindheim og Ole Ringdal Johnsen til Homofil bevegelse i Bergen i 1994.

På den rosa trekanta fanen frå 1995 var også den greske bokstaven Lambda (λ) som var i bruk som symbol frå rundt 1970 i USA, basert på mellom anna tydinga teiknet har hatt innanfor kjemi og fysikk og potensial for endring. Lambda har også blitt assosiert til dei gamle grekarane og soldatane som skal ha hatt teiknet på skjolda sine, og som gjerne hadde med seg yngre menn i felt. Vidare kan bokstaven sjåast som teikn på fridom etter det franske og engelske liberation, som byrjar med same bokstav. Andre teikn som har vore i bruk er mellom anna ulike variantar og kombinasjonar av teikna for planetane Mars og Venus, som vi kjenner som teikna for mann og kvinne.

Eit heilt nytt symbol, med opphav i noko positivt, vart altså skapa, og forma som ein flat regnboge. Ein av pådrivarane for dette var den amerikanske politikaren og skeive aktivisten Harvey Milk, som var den fyrste ope homofile folkevalde representanten i California. Det var kunstnaren og aktivisten Gilbert Baker (1951–2017) som gav forma til regnbogeflagget.

Her er det opphavlege flagget som Baker designa i 1978, med åtte fargar, inkludert rosa og turkis, som ikkje er inkludert i det vanlegaste regnbogeflagget i dag.

Frå åtte til seks striper

Den originale versjonen av flagget Baker skapa, hadde åtte vassrette striper som hadde sin spesifikke symbolikk. Fargane rosa, raudt, oransje, gult, grønt, turkis, indigo og fiolett symboliserte seksualitet, liv, helse, sola, naturen, kunst/magi, harmoni og sjel/ande.

Då flagget skulle masseproduserast, var ikkje alle fargane tilgjengelege, ettersom Baker hadde farga for hand nokre av stripene i originalversjonen. Ved masseproduksjon kom difor ein variant med sju striper til, utan den rosa fargen. Flagget vart tatt i bruk i 1978, og brukt på «Gay Freedom Day»-paraden i San Fransisco same året.

Flagget vart meir kjent etter at Harvey Milk vart drepen av ein kollega, ein annan politikar, seinare same året. Ved paraden i 1979, der Harvey Milk vart minna, bestemte paradekomiteen seg for å dele flagget i to, med ein halvdel på kvar side av paradegata. For å kunne dele flagget i to like store delar, vart den turkise og den indigo stripa slått saman til kongeblå. Dette gav opphav til dagens mest brukte variant, som har seks striper.

Regnbogen som kristent symbol

Regnbogen var allereie i bruk som eit kristent symbol, for fred. Bak ligg historia om Noah som bygde ein ark, ein stor båt, som han og familien hans kunne vere i medan Gud drukna alt anna liv på jorda. Då syndfloda var over, viste ein regnboge seg på himmelen som eit symbol for ei pakt om fred mellom Gud og alt levande etter dette (1 mos 9). I tillegg til å vere eit symbol for fred, er den også teikn på noko som finst naturleg og gudskapt, og alt dette høvde fint inn i ein symbolikk for skeive. Regnbogen er framleis i bruk som eit kristent symbol.

Regnbogeflagget i Noreg

Det fyrste teiknet vi har på at regnbogen var synleg i paraden er frå 1982. Merk at her er regnbogen opp ned, med raudt nedst, og lilla øvst.

Det tok nokre år før bruken av regnbogeflagget spreidde seg til Noreg. I DNF-48, den fyrste store norske interesseorganisasjonen for skeive, sitt tidsskrift Fritt fram, kan vi sjå eit foto frå 1982. Fotografiet er ein svartkvit versjon, men andre foto av det same banneret viser at regnbogen er måla på rosa bakgrunn med teksten «opp alle jordens homofile under» på. Sitatet er henta frå boka ved same namn, skriven av forfattaren Gerd Brantenberg og utgjeven i 1973.

Om regnbogen på fanen er inspirert av regnbogeflagget frå San Fransisco, veit vi ikkje sikkert. Her trengst det meir forsking! Så då NRK-serien Makta i sin episode nr 9, viste ungdommar med regnbogeflagg på Utøya i 1981, måtte Skeivt arkiv sin Bjørn Andre Widvey seie som sant var at det var mogleg i teorien, sidan flagget vart gjeve form i 1978, men at det var usannsynleg (her er lenke til saka på nrk.no med faktasjekk av episoden).

Leif Pareli har vore aktiv i dei skeive rørslene i Noreg sidan 1970-talet, og kan fortelje at det var få regnbogeflagg å sjå på 1980-talet. I 1986 var det to regnbogeflagg som vi kan sjå på fotografiet under, som Pareli har tatt. I paraden i 1988 var det flaggborg i byrjinga av toget, med regnbogeflagg, men elles lite bruk av flagget.

Etter dette kom regnbogeflagget i meir alminneleg bruk under skeive dagar og arrangement, og på slutten av 1990-talet var det blitt vanlegare enn den rosa trekanten. I dag er det grunn til å tru at fleire kjenner til regnbogeflagga som symbol for skeive, enn den rosa trekanten.

Dette kan vere det fyrste regnbogeflagget som var i bruk i Noreg, under paraden i 1986. Det fortel fotografen av bildet, Leif Pareli. Merk at på fana som kan sjåast mot høgre bildekant, er regnbogen oppned, med den raude fargen nedst. Rosa ballongar og rosa fane minner om den sentrale funksjonen fargen har hatt som symbol.

Stor kreativitet

Etter kvart har det komme til svært mange ulike variantar av flagget, som kanskje seier noko om potensialet i formspråket til regnbogestripene. Det seier også noko om ein enorm kreativitet, og behov for å markere både fellesskap og individualitet på gruppenivå. Dei ulike variantane seier også noko om behov og kulturelle strømningar.

1 1999 designa Monica Helms eit flagg for transpersonar ved å bruke striper av rosa og lyseblå, som i moderne kultur blir oppfatta som ein jente- og ein gutefarge, i tillegg til kvit som har blitt oppfatta som ein kjønnsnøytral farge. I 2013 vart eit flagg for intersex-personar skapa av australske Morgan Carpenter, forma som ein lilla sirkel på gul bakgrunn. I 2017 vart det i amerikanske Philadelphia lagt til ei brun og ei svart stripe til regnbogeflagget, for å representere dei særskilte utfordringane som skeive med mørkare hudfarge kan oppleve. Året etter, i 2018, designa Daniel Quasar det som vart kalla Progress Pride-flagget, ved å ta fargane frå transflagget og den brune og svarte stripa frå Philadelphia, og plassere det som ei pil lagt oppå venstre side av regnbogeflagget.

I 2021 kombinerte Valentino Vecchietti alle desse flagga ved å plassere den lilla sirkelen på gul bakgrunn frå intersexflagget i feltet inst til venstre i den femstripa V-forma pila til Quasar sitt flagg.

Det finst også ulike variantar av regnbogeflagget kombinert med element frå det samiske flagget og det kvenske flagget som markørar for at same person kan ha ei rekke identitetar som kan vere viktige for dei på ulike måtar.

I dette flagget designa i 2021 av Valentino Vecchietti har regnbogen fått med seg fargane og formene frå intersex-flagget, med det gule feltet med lilla sirkel, transflagget med det kvite, rosa og lyseblå, og brun og svart som symboliserer skeive med mørkare hudfarge. Varianten på bildet har fått med seg ulike nyansar av hudfargar.

Usemje om flagget

Regnbogen har no blitt eit sterkt symbol på mangfald særleg knytt til kjønn og seksualitet. Det er lett å gløyme den sterke kristne symbolikken som også ligg i regnbogen, og andre tydingar regnbogen har hatt, til dømes i barnekultur og barnemote. I takt med at det blir arrangert stadig fleire Pride-arrangement, med Sápmi-pride frå 2014 og Bygdepride i Volda frå 2018 som døme, har bruken av, og motstanden mot, regnbogeflagga vakse.

Medan det har blitt enklare å leve som homofil cismann eller lesbisk ciskvinne, viser levekårsundersøkingar at transpersonar har det verre enn andre. Inkluderinga av transpersonar sin kamp for synlegheit og aksept har medverka til at mangfald og kjønnsidentitet har blitt oppfatta som meir kontroversielt enn tidlegare. Regnbogeflagget blir ei mogleg skyteskive for personar og grupper som av ulike årsaker er usamde med, eller ønskjer å markere motstand til, heile eller delar av det skeive feltet. Det har blitt eit symbol det er vanskeleg å vere likegyldig til, ettersom både nærvær og fråver av flagget, blir lada av meining, og forstått av mange i samfunnet som ei støtte for eller mot skeive og saker som skeive står for.

Flagg for alle?

Det er også laga flagg for heterofile cismenn og ciskvinner, altså personar som identifiserer seg med det kjønnet dei fekk då dei vart født, og som blir romantisk eller seksuelt tiltrukne av personar som høyrer til motsett kjønnskategori. Nokre flagg viser fram den heteronormative familien, med ein mann, ei kvinne, og barn på. Andre liknar meir på regnbogeflagget, ved å ta i bruk liggande striper. Til dømes har ein variant av flagga seks striper, som er svarte og kvite oppå kvarandre. Andre har ulike gradar av gråfarge på stripene. Mange av desse flagga har opphavet sitt i konservative rørsler og system, og handlar om å markere avstand til regnbogeflagget og til skeivheit.

Det er også laga eit flagg for ikkje-skeive som kan nyttast til å markere støtte. Det vart teikna av Michael Page i Portland, USA, i 2019. Page tok flagget med svarte og kvite striper, og la ein regnbogefarga A, eller opp ned V oppå.

Frå 2019 har dette flagget blitt nytta for å symbolisere ikkje-skeive støttespelarar. Det er laga av Michael Page.

Når vi no går inn i den mest aktive Pride-månaden, med arrangement og paradar i mellom andre Bergen og Oslo, kan de gjere det med litt meir kunnskap om flagget og dei mange variantane som finst. Vi ønskjer alle ein flott månad!

_____________________________________________________

Vil du høyre meir? Her er lenke til NRK-radioprogrammet Ukeslutt, der Skeivt arkiv sin faglege leiar fortel om regnbogeflagget.

Vil du lære meir om norsk skeiv historie, skal UiB og Skeivt arkiv ha to arrangement under Regnbuedagane i Bergen.

Måndag 3. juni kl 16 har vi arrangementet Fra peppermøer til skeivhet til sjøs. Historier om skeiv kjærlighet og sex – med og uten identiteter.

Fredag 7. juni har vi arrangementet Fra homoskandaler til skeive hverdagsliv i Bergen 1900-1970. Begge skjer i Pride park på Festplassen.

Powered by Labrador CMS