SPESIALGLIMT

Søkjeresultat frå det generelle søket på den trunkerte teksten 'ekenos*'. Søkjeresultatet blir vist i venstre kolonne og treff i kartet blir vist i kartvisninga til høgre.

Stadnamnportalen – millionar av namn i tid og rom

Stadnamnportalen er Språksamlingane sin nye nettressurs for stadnamn i Noreg. Han inneheld per i dag 1 million stadnamnoppslag og heile 3,8 millionar kjeldeformer. Dette gjer han til ein av verdas største vitskaplege nasjonale stadnamndatabasar – om ikkje den største. Og han vert endå større framover.

Publisert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Eigong imellom får ein høve til å skape noko heilt nytt. På Språksamlingane har vi dei siste par åra arbeidd med å få laga ein nettressurs for stadnamn i Noreg. Han ligg no på nettet som Stadnamnportalen. Han er framleis under utvikling – fleire datasett blir lagde til og fleire funksjonar kjem til i løpet av året.

I utgangspunktet har Noreg vore tidleg ute med å digitalisere stadnamnverk – kanskje litt for tidleg. Innsatsen har ført til ei rekkje vidt ulike digitale datasett og portalar, nokre landsdekkjande, nokre regionale eller lokale. Nokre datasett har lyd, andre har skanna setlar og lister – og nokre av desse har koordinatar, men dei fleste ikkje. Difor har utfordringa vore å skape ein ressurs som både kunne romme dei mange ulike digitaliseringane og samtidig fornye dei slik at dei får betre relevans for forskarar, stadnamnforvaltarar og ålmenta.

Fornyinga

Sidan Språksamlingane vart etablert, har det vore eit mål å få laga ein felles portal for stadnamn for heile Noreg – i både tid og rom. Ein database som viste både stadnamnoppslag og dei historiske skrivemåtane deira – og samtidig skulle ein kunne arbeide med dei einskilde datakjeldene òg. Ein slik ressurs eksisterte ikkje for Noreg, og blant fagfolk og digitaliseringsekspertar var det generell semje om at det var umogleg å skape. Men gjennom kunnskap om samfunnsutviklinga, kan det la seg gjere. Då alt grunnlagsmaterialet var på plass i 2018, gjekk arbeidet i gang med å fornye datasett for å få dei sette inn i dei rette onomastiske og administrative samanhengane. Resultatet er at størsteparten av Stadnamnportalen sine datasett no er koordinatfesta og i hovudsak plasserte under felles stadnamnoppslag. I skrivande stund inneheld portalen 1 million stadnamnoppslag og 3,8 millionar kjeldeformer. Endå fleire datasett vil bli lagde til i løpet av dei neste åra, men allereie no er han større enn alle samanliknbare stadnamndatabasar.

Stadnamnportalen

Og korleis verkar han så? Tanken har vore å gjere Stadnamnportalen så fleksibel som mogleg. Difor er det mogleg å gjere søk både overordna og i einskilde i datasett. Det er òg mogleg å filtrere på område – i hovudsak fylke og kommunar. Og det er òg mogleg å ha både listevisning, hierarkisk visning og tabellvisning av data. For å hjelpe med å finne den måten ein liker å arbeide med portalen på, er det på framsida av portalen både ei søkjerettleiing og høve til å sjå kva datasett som er lagde inn – og velje dei ut einskildvis om ein ønskjer det.

Informasjon om oppslagsforma 'Eikenos' kan aktiverast gjennom å klikke på oppslagsforma. Og viss det er fleire kjeldeoppslagdatasett, kan ein sjå dei ved å klikke på nedtrekksmenyen til høgre på oppslagslinja.

Men lat oss prøve å søkje i det overordna søket. Eg har høyrt om eit stadnamn i Ålesund ved namn Eikenosa – det vil eg finne ut meir om. For å vere sikker på treff set eg eit trunkeringsteikn til slutt i søket 'Eikenos*' – det gir meg 12 treff (sjå bilete over). To av treffa har fleire kjeldeformer i seg, Eikenosvaag og Eikenos. Klikkar ein på namneforma 'Eikenos', får ein eit kart med tilvisning av namnelokaliteten si plassering og dei historiske skriveformene av namnet. Nedtrekksmenyen til høgre ut for oppslaget gir høve til å sjå alle førekomstar av namnet i ulike datasett. Nokre av desse har skanna setlar knytte til seg, som 'Eikenos' i Bustadnamnregisteret (sjå bilete under). 

Døme på ei biletevisning av ein skanna kartoteksetel frå Bustadnamnregisteret. Setelen sine metadata blir vist under biletet og nedst viser namnelokaliteten si plassering.

Her kan ein ofte finne presis uttale og ulike typar informasjon om namnelokaliteten. Datasett som Norsk stadnamnleksikon og Norske Gaardnavne har informasjon om opphavet til namnet (sjå bilete under), tidlegare skrivemåte og uttale.

Døme på eit oppslag i Norske Gaardnavne – her blir artikkelen for stadnamnoppslaget for 'Eikenos' vist, med matrikkelnummer, uttale, kjeldeformer og tolking. Datasettet sine metadata ser ein under oppslaget og nedst ser ein namnelokaliteten si plassering.

Same data, fleire visningar

Fleire av datasetta er digitaliserte matriklar, der vi har påført koordinatar og samla dei under same historiske matrikkelnummer, det som blir oppgitt som GNIDu eller MIDu. Klikkar ein på namneforma for garden 'Ekornaas' i 1838-matrikkelen, så får ein informasjon om gardsnamnet og dei bruka som ligg under garden (første bilete under). Ønskjer ein å sjekke i originalen, kan ein klikke på knappen 'Skanna matrikkel' og sjå den skanna matrikkelen med si gotiske skrift (andre bilete under). Synest ein det er vanskeleg å lese, kan ein finne same opplysningar i den digitale matrikkelen frå Registreringssentral for historiske data (tredje bilete under), som Språksamlingane sitt datasett er basert på.

Døme på resultatvisning på kjeldeoppslag i Matrikkelen av 1838. Her blir oppslaget 'Ekornaas', no Eikenosa vist. Oppslaget sine metadata visast under oppslagsforma saman med underliggjande bruk. Det er òg lenkjer til eksterne ressursar, den skanna matrikkelen i Digitalarkivet og den digitale frå Registreringssentral for historiske data.
Oppslag i den skanna matrikkelen i Digitalarkivet – 'Ekornaas' står oppført mellom gardane 'Røsevold' og 'Ødegaard'. Garden står oppført saman med bruka sine og med informasjon om eigarar og skyldsetting.

 

Oppslag i den digitaliserte matrikkelen frå Registreringssentral for historiske data. Garden 'Ekornaas' står oppført saman med bruka sine og med informasjon om eigarar og skyldsetting.

Det er ikkje alltid like lett å orientere seg i ein matrikkel gjennom eit vanleg søk, så difor har vi laga ei hierarkisk registervisning av data. Den kan ein gå til ved å gå inn under fana 'Datasett' og velje til dømes Matrikkelen av 1838. Øvst i høgre hjørne av søkjefeltet kan ein velje knappen 'Register' og så får ein ei liste med matrikkelen si høgaste inndeling – amt (sjå bilete under). 

Inngangen til den hierarkiske registervisninga av Matrikkelen av 1838. Øvste hierarkiske nivå i denne matrikkelen er amt.
Lenger nede i den hierarkiske visninga har vi lista over gardane i Borgund herad i Romsdal amt i Matrikkelen av 1838. Kartvisninga til høgre viser namnelokalitetane si plassering.

Klikkar ein på Romsdals amt kjem herada i amtet fram. Under Borgund (bilete over), finn vi til dømes Ekenosa – den som vart skriven 'Ekornaas' den gongen. Men den har vi sett allereie, så vi går litt lenger ned på lista og finn namneforma 'Spillkevik', den som no blir skriven Spjelkavik og klikkar på den – så kjem matrikkelgarden fram og alle dei underordna bruka (bilete under) – og vil ein til dømes sjå meir om bruket 'Gotten', så klikkar ein berre på det.

Oppslag i den hierarkiske visninga på garden 'Spilkevik', no Spjelkavik, i Borgund herad i Romsdal amt. Garden står oppført saman med bruka sine og metadatainformasjon nedanfor.

Dette er eit par av måtane å bruke Stadnamnportalen på som vanleg brukar – ønskjer ein å utnytte data for forsking, er det fint å vite under kva vilkår ein har lov til å bruke og gjenbruke data. Der kan ein med fordel gå inn under fana 'Datasett' og informasjon om opphavet til datasettet, geografisk omfang og kva eksterne ressursar som er knytte til dataa, sjå bilete over. Viktigast er nok korleis og kven ein skal akkreditere – sjå bilete over. Dei fleste datasett er lisensierte under standardlisensen CC BY 4.0, og det blir oppgitt kven ein skal attribuere når ein viser til data (sjå bilete under).

Informasjon om Matrikkelen av 1838 under fana 'Datasett'. Under denne fana kan ein lese om dei einskilde datasetta, tilblivinga deira, geografisk utstrekning og modifikasjon – og ikkje minst under kva vilkår ein kan bruke data frå datasettet.

Kva skjer framover? Stadnamnportalen ligg på nettet, men det tyder ikkje at han står der fiks ferdig og ikkje endrar seg. Det dei fleste nok vil oppdage i tida framover, er at det kjem fleire datasett til – dugnadsinnsanmlingar, folketeljingar og postadressedata er viktige data å ha med – særleg for folk i forvaltninga, då det gir eit oversyn over den vanlege bruken av eit stadnamn i samfunnet. Det står att òg ein heil del arbeid med å få alle stadnamnoppslag samla under eitt og same oppslag, og det er ei av dei store oppgåvene å takle framover.

Det er òg framleis litt opprydding i funksjonaliteten. Med fleksibiliteten i bruk av data i portalen, er dette heilt å vente. Finn ein noko som ikkje stemmer, kan ein med fordel melde frå til oss gjennom knappen 'Tilbakemelding' på framsida. Ei funksjon vi òg treng er val for fleire språk, slik at ein kan velje mellom bokmål, nynorsk, engelsk, kvensk og samiske språk.

Ikkje alle datasett er 'døde', frosne data – ein stadnamnressurs som Norsk stadnamnleksikon er til dømes eit levande verk, som kjem til å bli oppdatert framover. Til det trengst ein intern redigeringsportal, der ein kan oppdatere data der det trengst. Og sidan dataa i Stadnamnportalen i stor grad er opne data, vil òg nedlastingsfunksjonalitet og webtenester vere noko som kjem i løpet av dei neste månadene.

Det som òg kjem til å skje, er at stadnamndata kjem til å bli knytte til Spesialsamlingane sine andre samlingar, som Biletesamlinga og Manuskript- og librarsamlinga. I framtida vil dei unike id-ane brukte i Stadnamnportalen òg bli brukte i Spesialsamlingane sin portal Marcus, for å skape ny funksjonalitet for søk og visning.

Men uansett kva, så kan ein bruke Stadnamnportalen allereie. Så berre gå i gang – og kos deg med stadnamna! 

Lenkjer:

Stadnamnportalen: https://stadnamnportalen.uib.no/

Marcus: https://marcus.uib.no/home

Registreringssentral for historiske data: https://rhd.uit.no/

Digitalarkivet: https://www.digitalarkivet.no/

 

Powered by Labrador CMS