KJØNNSBALANSE

Kjønnsbalansen på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet skal verta betre enn den er i dag. GenderAct vert ein viktig verktøyskasse.

Kjem med tiltak mot skeiv kjønnsbalanse

Kun to av ti av dei fast vitskaplege tilsette på MN-fakultetet er kvinner. No lanserer fakultetet prosjektet GenderAct med tiltak for å endre på problemet.

Publisert

Trass i ein relativt jamn kjønnsfordeling mellom studentane og i rekrutteringsstillingane på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, er det ei heilt anna historie når det gjeld faste vitskaplege stillingar og i toppforskingsleiinga. Mellom dei fast vitskaplege tilsette er det 22 prosent kvinner.

– Eg trur vi må vere så pass ærlige at vi innser at dette har vi ikkje fått til. Det går så klart an til å observere positive endringar – men dei skjer alt for langsamt, seier dekan på fakultetet, Helge K. Dahle.

Helge K. Dahle, dekan på MatNat-fakultetet. Foto: Jens H. Ådnanes

Til samanlikning viser tal frå 2020 at 46 prosent av førsteamanuensisane ved Universitetet i Bergen (UiB) er kvinner, medan andelen kvinnelege professorar er 30.

Tala som er lagt fram av HR-avdelinga viser at MatNat-fakultetet har 32 prosent kvinner mellom førsteamanuensisane og 16 prosent kvinnelege professorar.

Skal endre kulturen

I 2021 startar prosjektet GenderAct, som skal bidra til ein kulturendring på fakultetet, mellom anna for å unngå skjulte «bias» i tilsetjingsprosessar og i andre samanhangar der kvinner i praksis vert diskriminerte.

– Frå tilsvarande prosjekt ved UiO veit vi at ei årsak til skeivfordeling er måten vi gjennomfører rekrutteringsprosessane våre. Eg trur også at det er viktig å rekruttere dyktige kvinner tidlig inn i akademia, og at vi skapar føreseielige karriereveier, for eksempel gjennom større bruk av «innstegsstillingar». Så må vi og vere medvitne om karriereutviklinga etter tilsetjing og umedvite bias som kan gjere det vanskelegare for kvinner enn for menn å hevde seg i den vitskaplege karriere, seier fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo. .

Elisabeth Müller Lysebo, fakultetsdirektør på MatNat-fakultetet

Det langsiktige målet med GenderAct er at ein oppnår minst 40 prosent kvinner i dei faste vitskaplege stillingane ved fakultetet.

– Det greier vi ikkje på eitt år, men i løpet av neste tiårsperioden bør vi nærme oss. Men det skjer ikkje uten at vi har dette høgt på agendaen heile tida, seier Müller Lysebo.

Seks millionar dei neste to åra

Prosjektet har eit samla budsjett på 6 millionar kroner over to år, og rettar seg mot kulturelt og strukturelt endringsarbeid, identitetsarbeid og konkrete tiltak. 1 million av budsjettet kjem frå Forskingsrådet.

Sjå faktaboks for å lese om tiltaka i GenderAct.

GENDERACT

GenderAct er sett saman av to tiltakspakkar:

Tiltakspakke 1 - Kulturendring gjennom leiingsutvikling og leiingsverktøy

  • Leiarprogram
  • Toppforskarprogram
  • Lokalt balansearbeid
  • Målretta kjønnsnøytralt rekrutteringsarbeid

Tiltakspakke 2 - Utviklingsprogram for kvinnelige forskere

  • Nettverksbygging yngre forskere
  • Karriereplanlegging
  • Opprykkskvalifisering

– Snu kulturen

Ragnhild Gya er doktorgradskandidat på Institutt for biovitskap, og innvald i fakultetsstyret.

– Eg håpar at GenderAct kan vera med på å snu kulturen om at det er damene som må fiksast, og heller hjelpe systemet som byggjer opp under alle dei små tinga som tilsaman gjer det vanskelegare for kvinner enn menn å klare seg i akademia. Eg forventar at når eg kjem til det punktet i karriera mi at eg skal søka stlling som førssteamanuensis, då skal eg møte mindre hindringar enn dei kvinnene som søkjer no har.

Ragnhild Gya, stipendiat og fakultetsstyremedlem på MatNat-fakultetet

Professor Atle Rotevatn er samd med Gya at kulturen må endrast og at ein må gjere dei usynlege delane av problema synlege. Han forventar raske, konkrete og målbare resultat. Han peikar på at berre to av tolv nytilsette førsteamanuensisar det siste året var kvinner.

Atle Rotevatn, professor på MatNat-fakultetet

– Det er openbart at dette ikkje er fordi det ikkje finst kvalifiserte, framifrå kvinnelige forskarar der ute - men kvifor klarer vi ikkje å tiltrekke og tilsette desse?

Han meiner GenderAct må sjå på hele verdikjeden for tilsettingar, frå planlegging og formulering av utlysingar, evalueringskriterier, bruk av leitekomitear til samansetjing av evalueringskomiteane.

– Bruk sterke virkemiddel

Noko av det viktigaste ein bør gjere er å ta tak i systematiske problem som gjer at kvinner møter meir motstand enn menn, meiner Gya.

– Til dømes er det svært viktig at vi alle saman blir klar over kva ubevisste fordommar vi har. Vi er dessverre alle ein del av problemet, meg sjølv inkludert, og vi treng hjelp til å snu desse fordommane, og vi må alle jobbe aktivt imot fordommane. For å gjere det må vi vere klar over kva fordommar vi har, seier ho.

Rotevatn meiner også at kulturending og bevisstgjering vert det viktigaste på lang sikt for å hanskast med problemet.

– Samstundes tenkjer eg at me må vere villige til bruke sterke virkemiddel for å skape ein rask og radikal endring. Til dømes kan me ta i bruk kalling, krav til balanse på søkarlister og å lyse ut stillnga på nytt om det ikkje er balanse. Me må sjå med nye augo på både rekrutterings- og tilsetjingsprosessen og korleis me tar vare på dei tilsette me knyt til oss, seier Rotevatn.

Ny og betre verktøyskasse

GenderAct skal verte ei ny og betre verktøyskasse for utjamning, meiner fakultetsdirektør Müller Lysebo.

– Men det aller viktigaste er nok å alltid ha mangfald og kjønnsbalanse høgt på agendaen. Det gjeld i alle stillingskategoriar, men også i arbeidet med studentrekruttering. Eg trur òg at vi ikkje har hatt nok kunnskap om og innsikt i at meritokratiet kan hende ikkje er så nøytralt som vi likar å tru. Med innsikt i kunnskapen som er opparbeidd om dette, har vi høve til å gjere reflekterte val som skapar ei endring i haldningar og handlingar.

Ein jamnare kjønnsfordeling vil berre vere positivt, meiner dekan Dahle.

– Det er ingen grunn til å tru noko anna enn at dette vil styrke oss som forskingsinstitusjon og føre til betre undervisning. Det vil òg gje nye moglegheiter i den kunnskapsbaserte innovasjonen, seier han.

Powered by Labrador CMS