SPESIALGLIMT

Detaljekart for Herdal. I midten ligg Herdal, med Raunesteinslia nedst i det høgre hjørnet og Slaget i det øvste venstre hjørnet.

Sagn gjer stadane levande

Somme tider snublar ein over usedvanlege stadnamn når ein let fingrane løpe gjennom setlande i Språksamlingane sine arkiv, som i Bustadnamnregisteret...

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

I dei omfattande Språksamlingane finn vi ei stadnamsamling som er kalla Bustadnamnregisteret. Registeret er frå 1950- og 1960-talet og er i hovudsaka meint som ein registrant over uttalen til stadnamna. Men på setlane står det ofte også omtala brotstykke av forteljingar, både historiske og sagn. Brotstykka er ofte ganske lakoniske, men likevel informative nok til å vekke interesse – som i tilfellet med stadnamna frå Herdal i Agder.

Oversiktskart for Lyngdal og auststover. Herdal er ytst til høgre med raud understreking. Den grøne firkanten markerer Raunesteinslia, og den blå firkanten staden der Slaget ligg.

Garden Herdal er ramme om to sagn – kvart av dei med kvar sine kongar. Herdal ligg i Lyngdal kommune på strekninga litt aust for Rom, langs E39. For gardsnamnet Herdal finst det i alt tre setlar. Ein på sjølve gardsnamnet, og to på stader på markene til Herdal.

Setel på Herdal fra Bustadnamnregisteret.

Eit av bruka på Herdal heiter Raunesteinslia (kalla Raunelia i matrikkelen av 1886 og seinare). Bustadnamnregisteret sin setel på stadnamnet gjev ei heller uengasjert skildring: ”Låg ein runestein her. Var nokre strekar innteikna på steinen. Sjeldan brukt no. Vert kalla berre Lia”. Ikkje noko særleg, men nok til at ein stoppar opp. Finst det ein runestein i Lyngdal? Jau, der er ein frå Belland på kysten i Lyngdal, men det er ikkje nokon kjende frå inne i landet i Lyngdal kommune. Eit raskt søk i Kulturminnesøk gjev svaret:

Setel på Raunesteinslia fra Bustadnamnregisteret.

«På Å prestegård i Lyngdal bodde en gang en prest som hadde en sønn som het ‘Bondesønnen fra Å’. Denne kom en gang ridende forbi Runesteinslia, som ligger på heien østover, før den kom til dalen. Lien er såkalt, for en gang ble det funnet en stein der det ble skåret noen runer, og hellige St. Olav måtte ha skåret dem med sverdet. […] Runesteinen sies fremdeles å finnes på Herdals kvernhus.»

Den såkalla runesteinen frå Raunesteinslia. © Oddleif Lian, Lyngdal 3, 1986.

Olav den heilage er ein sentral figur i norsk historie og sjølvforståing. Men kvifor skal han ha hogge runer i ein stein? Raunesteinslia, der runesteinen opprinnelig skal ha lege, strekker seg nede frå elva Litlåna og E39 oppover til foten av Forefjellet. I følgje sagnet skulle steinen endå ligge ved Herdal kvernhus. Kvernhuset, eller Herdal mølle, eksisterer ikkje lengre. Det låg i vegen då E39 skulle utvidast i 1974. Samtidig vart runesteinen flytta til smia på Herdal, der han endå ligg i hagen. Det er ei stor sandsteinsblokk på godt 130 kg med lange, rette merke i seg. Spør du dei som bur i Herdal, vil dei ikkje seie at det er runer, men derimot frå den gang Olav den heilage brukte steinen til å kvesse sverdet sitt på. Det er altså usikkert om merka i det heile er runer – nett difor er det ikkje nokon kjend runestein herifrå. Ei arkeologisk synfaring frå 2018 skildrar merka som ‘rette slipemerke’ på omtrent 20 cm, som ser menneskeskapte ut, men ikkje liknar runer.

Men kvifor skal Olav den heilage ha vore her for å slipe sverdet sitt? I følgje soga om Olav Tryggvason var far til Olav den heilage, Harald Grenske, herskar over Agder, Vestfold, Viken og Vingulmark, men han skal først og fremst ha halde til i Ringerike eller Oppland. Heller ikkje noko av Olav sine slag i samlinga av Noreg var i nærleiken av Lyngdal eller Agder, i følgje sogene. Så kvifor finn vi sagnet om kong Olav her? Det er ikkje godt å vite, men kanskje skuldast det påverknad frå eit anna sagn frå Herdal. Det handlar nemleg også om kongar – og store slag.

Vest om gardstunet på Herdal, mellom E39 og elva, ligg jordstykket Slaget eller Slagjet. Denne staden er omtala under Herdal i Bustadnamregisteret med orda: ”Trongt mellom fjellet og Litlåna. Skal ha stått eit slag her”.

Setel på Slaget fra Bustadnamnregisteret.

Igjen må vi i eit anna arkiv for å finne fleire opplysningar. I Kulturminnesøk kan vi lese følgjande om slaget:

«Kong Bring rådde over både Bringsjord, Å og Rom. Han kom i strid med ein konge på Oppsal og kom med sine menn oppover Herdalen for å ta Oppsalkongen. Oppsalkongen samla sin hær i Herdalen, derav namnet Herdalen. Slaget mellom dei to hærane stod i Slagjet, og Oppsalkongen vann. I tida etterpå bygde kong Bring fleire forsvarsverk på begge sider av vadet nedanfor Presthølen. Seinare kom Oppsalkongen med hæren sin og ville gjera ende på kong Bring og hæren hans. Det endelege slaget stod på Vodden. Kong Bring sin hærmann, Vidrik Verlandsson, kløyvde Oppsalkongen i to og sa: ‘Sveklingen hev jo aller bein i kroppen’.»

Herdal mølle frø før rivinga i 1974.

Sagnet om kong Bring og Oppsalkongen ser ut til å beskrive eit slag mellom to lokale stormenn i Lyngdal-traktene. Bringsjord, Rom og Oppsal er alle lokale gardar, og Å er det opprinnelege namnet på Lyngdal prestegrad – det er også det opprinnelege namnet på soknet. Slagjet ligg på grensa mellom Rom og Herdal, og er ein velvald stad for ein grensestrid. Striden bølgjar fram og attende for til slutt å ende med Oppsalkongens død. Denne forteljinga høyrer klart heime ute i «sagnskodda», men gjengir kan hende ein tidlegare grensestrid som kan ha vara ganske lenge, og som kanskje først slutta ved kristninga av Noreg. Dette er kan hende grunnen til at slipemerka i steinen frå Raunesteinslia blir tilrekna kong Olav, kven veit? Det er i alle fall påfallande at Herdal har så mange sagn der framferda til kongar er del av historia.

Våningshuset til hovedbruket på Herdal.

Utan desse opplysningane på setlane til Raunesteinslia og Slaget, ville ein kvar ha bladd vidare i setelkartoteket utan å skjenke Herdal ein tanke meir. Dette er nemleg styrken og det magiske ved arkiv – dei gir vidare informasjon, og ofte informasjon som ikkje eigentleg var viktig, men berre ein ekstra informasjon. Grunnen til at setlane frå Herdal vart laga i si tid, var dokumentasjon av uttalen av stadnamna der. Men det er sagnopplysningane som fangar merksemda, gjer oss nysgjerrige og gir oss grunn til å leite vidare. Det vi ikkje finn i eit arkiv, det finst ofte i eit anna – det er berre om å gjere å leite.

Som vi ser her, må vi som regel i andre arkiv for å finne ut av meir. Difor må vi aldri undervurdere verdien av arkiv uansett karakter, bruk, eller opphav. Det som startar som ein sær opplysning, blir til eit drabeleg sagn om kongar, krig og strid – og stadene får liv på ein ny og annan måte. Tenk på dette neste gong du susar forbi Herdal på E39. Kan hende var det ein gong kongars stridsplass – kan hende er alt berre fri fantasi?

Kjelder:

Bustadnamnregistreret, Språksamlingane, Universitetet i Bergen.

Kulturminnesøk: www.kulturminnesok.no

Oddleif Lian: Lyngdal 3: Østre del. Gard og folk. Utg. Lyngdal kommune. Lyngdal, 1986

Powered by Labrador CMS