SPESIALGLIMT
Revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka
Ordbøkene kom til Universitetet i Bergen som ein del av Språksamlingane overtatt frå Universitetet i Oslo i 2016. I Revisjonsprosjektet ved Universitetet i Bergen 2018–2024 har ein gjennomført ein grundig revisjon av ordbøkene.
Revisjonsprosjektet
Utarbeidinga av Bokmålsordboka og Nynorskordboka tok til midt på 70-talet og ordbøkene kom ut første gongen i 1986. Dei starta som tradisjonelle trykte ordbøker, men allereie i 1993 kom den første nettutgåva. Ordbøkene levde vidare i dei parallelle formata papir og digitalt fram til midten av 2000-talet. I løpet av denne tida vart det gjort mindre endringar i innhaldet, og rettskrivinga har blitt oppdatert i tråd med aktuelle vedtak. Dei to ordbøkene blei utarbeidde av separate redaksjonar, og sjølv om der var eit samarbeid, blei det forskjellar i ordutvalet, utforminga av artiklar og omfanget til ordbøkene.
Revisjonsprosjektet kom i gang i august 2018. Eitt av dei første vegvala som blei gjort av redaksjonen, var å gå vekk frå trykte bøker og satse på reint digitale ordbøker eller nettressursar. Digitalt har det vore gjort endringar både under overflata og på brukarsida. Databasen er over på nytt format, og redigeringsgrensesnittet til redaktørane er fornya, og ikkje minst er publikumssidene gjort meir bruakrvennlege.
I løpet av prosjektet har Nynorskordboka vakse frå cirka 90 000 til rundt 100 000 ordartiklar, og Bokmålsordboka har auka i omfang frå 65 000 til 90 000 oppslagsord. I løpet av eit døgn blir det gjort om lag 160 000 søk i ordbøkene, og brukarane våre er alt frå skuleelevar, ymse skribentar til statstilsette, som alle har behov for kvalitetssikra ordbøker. Søkeloggane viser ein søketopp når det er norskeksamenar i mai.
Redaktørane på prosjektet har lese og vurdert alle eksistande artiklar i ordbøkene, endra definisjonar og bruksdøme ved behov, og der det har vore umotiverte skilnader har ein jamna ut. Etter revisjonen er i alt 190 000 kvalitetssikra ordartiklar digitalt tilgjengeleg for brukarane våre. Det har òg vore arbeidd målretta med å legge til nytt og oppdatert ordtilfang. Brukarane skal møte eit språk og ordutval som dei møter i kvardagen og har behov for kunnskap om når dei skriv og les norsk tekst. Når ein går inn på ordbokene.no, får ein både smakebitar frå og døme på nytt i dei to ordbøkene.
Målet med dei nye nettsidene er at dei skal vere meir pedagogiske og lettare å navigere i. Artiklane har ein tydeleg struktur med overskrifter og «luft» mellom dei ulike delane som utgjer ein artikkel. Ein ser med ein gong at hermegås har både hermegåser og hermegjæser som fleirtal, og at hermegås kan vere anten ein barneleik eller ein person som hermar.
Redaksjonen har gønna på, og målet er at brukarane skal få i pose og sekk og finne stjerneeksempel på god norsk.