SPESIALGLIMT

Løvetann bryt seg fram gjennom asfalten.

Å, den som var en løvetann...

Løvetann er helst rekna for eit ugras, og den som vil ha fin plen er vel lite begeistra, men rikdomen i setelsamlinga til Norsk Ordbok kan vel tyde på at kjært barn har mange namn.

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Med våren i emning kjem løvetann fram med det lysande gule hovudet sitt. No er nok «løvetann» den vanlegaste nemninga for Taraxacum, som planten heiter på latin. Namnet er omsett frå gresk leontodon og namnet kjem av at takkane på blada minner om rovdyrtenner. I Språksamlingane finn ein mange ulike nemningar og variasjonen i dei norske dialektane er stor. I Norsk Ordbok har vi ikkje mindre enn 112 artiklar om ord for denne planten.

Nemningane er mange og ikkje minst ulike. Det går frå at gausdølane seier grisblome til at masfjordingane kallar det vossehove (vossahovud), ettersom blomsteren liknar på skinnhuene som skreppekarane frå Voss gjekk med.

Illustrasjon av Taraxacum i Norsk flora.

Mange stader gjekk løvetann tradisjonelt under namnet gullboste, som viser til forma på blomsteren. Den ser ut som ein boste, som no er vanlegast å kalle ein børste. Denne nemninga finn vi i alle delar av landet.

Mange av nemingane har gul- eller gull- som førsteledd og det viser naturlegvis til fargen på blomsten. Ei fin nemning har dei i Søndeled på Sørlandet der ein seier gullgutter.

Andre namn av typen kveldsvæve og kveldsøve viser til at planten lukkar blomstrane om kvelden. Samlingane har dokumentasjon av denne nemingsbruken frå Telemark, Vestlandet og Nordland.

Kjelder:

Setelarkivet, Norsk Ordbok, Setelarkivet - Norsk ordbok (uib.no)

Høeg, Ove Arbo: ''Planter og tradisjon''. Utg. Universitetsforl.. 1974.

Lid, Johannes: ''Norsk flora''. Utg. Samlaget. 1994.

Prøysen, Alf: ''Alf Prøysens viser''. Utg. Norsk musikforlag. 1994.

Powered by Labrador CMS