SPESIALGLIMT

Vi som hadde tid å nyte turen (Foto: Gerry Johannessen).

Gerry: Boksen med "ca 2500 lysbilder".

Ein stipendiats kvalifikasjonsfremjande arbeidsperiode på fem fulle veker skulle fyllast med innhald, der målet var å få innsikt i korleis ei fotosamling blir forvalta frå innsida. Sjølv om moglegheitene i Billedsamlingen var mange, sto eg til sist att med dette: ei lita samling som inkluderte kommunisme, vodka og slitte gardiner, eller den enigmatiske boksen merka «Gerry». Valet fall, om enn noko nølande, på sistnemnde.

Publisert Sist oppdatert

Boksen var nyleg kome til Billedsamlinga sitt magasin, saman med eit meir ordna materiale frå Bergen og Hordaland turlag. Under overleveringa var det ikkje så mykje som kunne seiast om Gerry-boksen, forutan at den hadde stått på eit loft saman med det meir offisielle arkivet til turlaget. Kven Gerry var, og kva type fotografi boksen innehaldt visste ingen. Ei forundarleg kribling vaks dermed i meg då boksen, ein kasse snekra saman av kryssfiner, sto klar på lesesalen i Billedsamlingen. Loket var ope, og boksen var fylt til randen med lysbilete. Eller som ein fotohistorikar ville sagt det: fylt til randen med potensielle forteljingar om vår relativt nære fortid.

Samlingssystem under arbeid. (Foto: Jorun Larsen)

Eit nitidig arbeid med å kartlegge og sortere i lysbileta starta.

Først var det litt som å famla i blinde. Korleis skulle eg gå fram? Kva var viktig? Skulle eg sjå etter noko spesielt? Kva om eg oversåg noko? Uvissa var der heile tida, men etterkvart som lysbileta vart plukka ut or boksen og studert, danna det seg likevel eit visst system.

Bunkar med lysbilete vart samla i mindre kategoriar. «Landskap», «folk i landskap», «namngjevne folk i landskap», samt «hytter/stølar/sel» viste seg å vera greie kategoriar å sortere under. Likeins vaks også dei litt mindre kategoriane fram, som «høst i Hordaland», «Bergen», «dyr», «båt», «isbre» og «Historisk opptog». At bordet på lesesalen snart vart overlesst med dias og post-it-lappar, såg heldigvis ikkje ut til å forstyrre dei tilsette nemneverdig.

Då kategoriane var etablert, var neste ledd i prosessen å gje kvart lysbilete ein eigen signatur. I overkant av 2400 handskrivne merkelappar vart til, og dernest limt på kvart unike fotoobjekt. Det gjekk ein HB-blyant med til arbeidet, før eg fekk lånt meg ein trykkblyant for resten.

Vidare skulle eit utval frå samlinga digitaliserast, noko eg fekk lov å gjera sjølv. Eg kasta meg følgjeleg både lukkeleg og engasjert over oppgåva. (Vissheita om at eit tipptopp utstyrt mørkerom eksisterte i rommet innanføre gjorde meg varm om hjarta, sjølv om Gerry-lysbileta «berre» skulle bli avfotografert.) Prosessen haldt dernest fram med katalogisering av dei digitale filene, samt ei endeleg publisering på Marcus. Der ligg det no i underkant av 300 fotografi frå Gerry-samlinga, i hovudsak frå åra mellom 1965-1985.

Undervegs i arbeidet kom det fram at Gerry, nærare bestemt Gerry Johannessen (1921-1993), hadde vore eit aktivt medlem i Fana IL og Bergen og Hordaland turlag. Fotografia avdekte mellom anna at han i løpet av desse åra vitja mange av DNT sine hytter, likeins fleire av landets nasjonalparkar, og at han var ein type som samla på dalsøkk, fjelltoppar og gode minner – anten med ski på beina, eller til fots.

Midtmaradalen (Foto: Gerry Johannessen)
Loselet Loenvann Krunebre (Foto: Gerry Johannessen)
På ski i kostyme (Foto: Gerry Johannessen)

Gerry levde ifølgje tidlegare turvener som einsleg, men dokumenterte ulike hendingar og utflukter, ofte omgitt av vener og turgrupper med plastikkposar utpå skoa, fargerike termosar og store, venlege smil. Truleg såg han sjølv at fotosamlinga hans kunne ha verdi for turlagshistoria, sidan Gerry-boksen hamna i lokala til turlaget etter at han døydde. 

Røvhaugstøl 1976 Kvanndalen (Foto: Gerry Johannessen)

Prolog: Potensialet startar her

Som fotohistorikar er eg utstyrt med eit uhelbredeleg forskingsfokus i møte med gamle bilete, noko som truleg påverka kva for fotografi eg enda opp med å digitalisere. Og blant det som utmerka seg i mine auge, var korleis fleire av fotografia i samlinga fremja nære relasjonar.

Gerry hadde nemleg fleire vener som gjennom denne perioden ofte var med han på tur. Han dokumenterte dette særeigne turfellesskapet med fotokameraet, noko som i etterkant vart ytterlegare presisert med små notat på mange av lysbileta. Gjennom å fotografere fellesskapet, stadfesta Gerry også si eiga rolle i dette fellesskapet som viktig. Dette er poeng som kan trekkjast fram som relevante innan fotoforskinga, også med tanke på dagens visuelle kultur og samfunn.

I arbeidet med å finne ut kven Gerry var, hadde eg elles nokre særs huggelege samtalar med røynde turlagsfolk frå regionen. Ein av dei takka meg for å ha fått spørsmål om han visste kven Gerry med kameraet var. «Kjekt høve for ein samtale med folk eg ikkje har hatt kontakt med på ei stund», skreiv han i ein sms.

Dersom ei samling som denne kan bidra til å blåse liv i og styrkja gamle relasjonar, eller eventuelt byggja nye, er jo også dét ein verdi verd å notere seg.

Nedenfor Svukuriset - Mikkelsen som rytter (Foto: Gerry Johannessen)

Men mellommenneskelege relasjonar var ikkje det einaste potensialet eg fann i Gerry-samlinga: Natur og naturvitskapleg interesserte forskarar vil mellom anna kunne nytta isbre-fotografia hans som dokument på korleis fleire av dei norske brearmane vaks seg større fram mot 1990, før dei igjen trekte seg tilbake. Ein kan dessutan nytte Gerry-samlinga til å snakke om utbyggjinga av turisthytter i den norske fjellheimen, samt om kommersialiseringa av turismen eigentleg gagnar naturen og vårt forhold til denne. I eit fotohistorisk perspektiv kan ein dessutan sjå korleis Gerry, bokstaveleg tala, har følgd i fotspora til pionerar innan det norske landskapsfotografiet, som Knud Knudsen og Axel Lindahl. Ein fotografisk sjanger som i våre dagar er massivt representert i sosiale medium, og dermed framleis relevant. Gerry-samlinga ber soleis med seg mange potensielle forteljingar om vår relativt nære fortid.

Endeleg kan den potensielt også inspirere fleire til å invitere vener med på tur, ein stad i den norske fjellheimen, ved neste høve. Om du treng tips til bekledning, gode rasteplassar, kreative regntrekk til ryggsekken, bortgøyde setrar eller andre turmål, er Gerry-samlinga der for deg.

Trollanut 1971 (Foto: Gerry Hohannessen)
Gunnar Jarle m/lemen (Foto: Gerry Johannessen)

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Powered by Labrador CMS