Gerry: Boksen med "ca 2500 lysbilder". Ein stipendiats kvalifikasjonsfremjande arbeidsperiode på fem fulle veker skulle fyllast med innhald, der målet var å få innsikt i korleis ei fotosamling blir forvalta frå innsida. Sjølv om moglegheitene i Billedsamlingen var mange, sto eg til sist att med dette: ei lita samling som inkluderte kommunisme, vodka og slitte gardiner, eller den enigmatiske boksen merka «Gerry». Valet fall, om enn noko nølande, på sistnemnde.