SPESIALGLIMT

“Dioececis Stavangriensis & partes aliquot vicinæ, opera L. Scavenii, s.s.”. Den hollandske kartografen Joan Blaeu sin versjon av kartet til biskop Scavenius, her i utgåva frå storverket Atlas Major frå 1662.

Den kvite flekken på kartet

Tidleg på 1600-talet forsvann Telemark frå Norgeskarta, og dukka ikkje opp igjen før 150 år seinare.

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Som gutunge på syttitalet vandra eg kvar sommarferie vardelangs opp og ned høgdekotene mellom turistforeiningshyttene i Ryfylke- og Setesdalsheiane. Ein meir eller mindre trufast rettleiar på dei første turane i høgfjellet var det vidgjetne og nokså berykta turkartet «Setesdalen med omliggende heitrakter».

Far min hadde vandra etter dette kartet i 30 år, og insisterte framleis på å bruka det då svært så utdaterte kartet. Insisteringa varte heilt til me ein morgonstund møtte ein stri og vassrik elv som kartet ikkje visste om, og me måtte snu. Etter dette prestisjenederlaget gjekk fjellturen neste sommar trygt guida av dei moderne kartblada i M711-serien til Kartverket.

Det berykta og smått traumatiske «Setesdal med omliggende heitrakter», publisert 1940. Utsnitt.

«Setesdalen med omliggende heitrakter» blei utgitt 1940, trykt i svært liten målestokk (1:200 000), med utflytande trykksverte og tettsitjande høgdekoter. Som turkart til høgfjellsbruk var kartet derfor temmeleg ubrukeleg, med svære samanhengande område med blekkflekk-liknande topografi, kolsvarte flekker på kartet ein helst burde unngå for ikkje å gå seg vill. Går me nokre hundreår bakover i tid, var det derimot dei kvite flekkane på karta som symboliserte uutforska, eksotisk og ukjend topografi, på latin terra incognita, ukjend land.

På villspor i karthistoria

Utsnitt av det spektakulære Carta Marina frå 1539, teikna av den svenske katolske presten Olaus Magnus (1490-1557). Kartet blei trykt som tresnitt på ni kartblad, totalt 170 x 125 cm, og finst i dag i to originaleksemplar, i Uppsala og i München.

Det er like så lett å hamna på villspor når ein dykkar ned i den mangfaldige kartsamlinga ved Spesialsamlingane, inn i eit fascinerande, krevjande og ofte litt urovekkjande villnis av karthistorier.

I karta frå 15- og 1600-talet møter me framstillingar av verda og av Norge som bryt med alle våre etablerte koder og konvensjonar for korleis topografiske framstillingar på eit kart skal sjå ut. Karta liknar meir på fargerike og dekorative eventyrforteljingar eller handkolorerte kunstverk, spekka med religiøse, mytiske og historiske koder, og uforklarlege kvite flekkar.

Til dømes var Telemark i nokre hundreår ein slik kvit flekk på kartet.

Etter at Olaus Magnus for første gang sette Telemark på kartet i 1539, på det spektakulære Carta Marina, blei stadnamnet med nokre få unntak ein fast ingrediens for alle dei store kartografane på 15- og 1600-talet. Fram til midten av 1700-talet var det i hovudsak kartografar frå Italia, Nederland, Tyskland og Frankrike som teikna karta over Norge.

Kartografane kopierte og stal som ramnar frå kvarandre, «lånte» nye geografiske element og nye stadnamn til sine eigne kart, og i nokre tilfelle blei originale trykkplater gitt som arv eller vidareselde, og dei same karta blei soleis raskt publiserte på ny, berre med ørsmå skilnadar.

«Nova et accurata tabula episcopatvvm Stavangeriensis, Bergensis et Asloiensis vicinarumque aliquot territoriorum» av den hollandske kartografen Johannes Janssonius, som kopierte Scavenius-kartet alt i 1636. Her i ei utgåve frå 1658.

Biskopen og den kvite flekken på kartet

På kart frå 1600-talet var det ikkje så lett å sjå at Telemark faktisk eksisterte, anna enn som ein svær kvit flekk, eit terra incognita. Skulda for den manglande eksistensen hadde ein kartteiknande stavangerbiskop, Laurids Clausen Scavenius (1562-1626).

Scavenius var opphavleg dansk, og blei utnemnd til biskop i Stavanger bispedømme i 1605. Bispedømmet omfatta på den tida både Rogaland, Agder, Hallingdal og Valdres, så Scavenius må ha hatt slitsame visitasreiser. Scavenius var ein særs iherdig biskop i eit geografisk svært omfattande stift.

Han laga m.a. jordebok over stiftet, kalla «Grågås», men er likevel mest kjend for å ha laga eit kart over stiftet sitt. Rett nok har originalkartet truleg vore tapt i 2-300 år, ingen i dag veit nøyaktig korleis kartet såg ut, men gjennom andre kopierande kartografar har Scavenius-kartet blitt eit omgrep i den norske karthistoria.

Scavenius teikna truleg kartet sitt ca. 1618, det ga ein detaljert framstilling av områda som høyrde til bispedømmet, og han har naturleg nok brydd seg fint lite om resten av Sør-Norge (Bergensområdet og Austlandet).

Det mest slåande med framstillinga på kopiane etter Scavenius er likevel den iaugefallande kvite flekken som er Telemark; paradoksalt nok blir det fråverande det mest dominerande på kartet.

Utsnitt av Blaeu-versjonen av Scavenius-kartet, med det fråverande Telemark som ein kvit flekk.

Det fråverande Telemark

Den hollandske kartografen Johannes Janssonius var i 1636 den første som kopierte og publiserte kartet til Scavenius, men utan å kreditere han som opphavsmann. Det gjorde derimot landsmannen og rivalen hans, Joan Blaeu, då han ga ut sin versjon av Scavenius-kartet i 1640.

Joan Blaeu (1596-1673) overtok saman med broren Cornelius boktrykkeri og kartverksemd etter faren Willem, som døydde i 1638, og Blaeu-karta er bland dei mest kjende, utbreidde og vakraste karta som er laga. Storverket til kartforlaget Blaeu var det 11-band store Atlas Major frå 1662, utgitt på mange språk, med om lag 600 kart og over 3000 tekstsider.

Versjonen av Scavenius-kartet var med i Atlas Major, saman med sju andre kart frå Norge, og biskopens stiftskart blei soleis spreidd i svære opplag over heile Europa. Problemet var at det som i utgangspunktet var eit avgrensa stiftskart blei av Blaeu, og av seinare kartografar, utgitt som standardkartet over Sør-Norge, noko som sjølvsagt fekk visse konsekvensar for det fråverande Telemark.

Skildringa av Telemark som terra incognita blei ein gjengangar til langt utpå 1700-talet. Utsnitt frå «Norvegia Regnum : Divisum in suos Dioeceses Nidrosiensem, Bergensem, Opsloensem, et Stavangriensem et Praefecturam Bahusiae» av den hollandske kartografen Frederick de Wit, truleg utgitt kring 1730.

Karta til Blaeu og Janssonius (og Scavenius) skapte sjølve malen for korleis Sør-Norge og Telemark blei framstilt på kart i nesten 150 år framover. M.a. franske, tyske og italienske kartografar kopierte karta til hollendarane, og reproduserte og publiserte ukritisk Telemark som ein ukjend og uoppdaga kvit flekk. Den opphavlege konteksten hos Scavenius – stiftskartet – manglar heilt.

Det er difor ikkje til å undrast over at Telemark blei sett på som eit mystisk, avsidesliggjande og uutforska område på 16- og 1700-talet; eit stempel som paradoksalt nok bidrog til å tiltrekka seg både norske og utanlandske turistar og «oppdagarar» med romantisk sinna sjeleliv og natursyn på første halvdel av 1800-talet.

Deler av teksten har tidlegare vore publisert i «Sjå deg attyvi», Fyresdal Sogelag 2015.

Powered by Labrador CMS