SPESIALGLIMT
![Wilhelm F. K. Christie reiste rundt og samla inn målføreord, mellom anna «Nogle Bergenhusiske Ord». Målet hans var å gje ut ei ordbok med tilfang frå Hordaland, Sogn, Sunnfjord og ikkje minst heimtraktene hans på Nordmøre.](https://image.pahoyden.no/137336.webp?imageId=137336&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=720&format=jpg)
200 år med ordsamling i Bergen
22. januar 2025 lanserte Universitetet i Bergen dei reviderte utgåvene av standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka på ordbøkene.no. Men ordbokarbeid er ingen ny aktivitet ved UiB.
Terje Svardal skreiv tidlegare i På Høyden om lanseringa av dei reviderte utgåvene av standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka på ordbøkene.no. Men ordbokarbeid er ingen ny aktivitet ved UiB. Via dei første professorane i nordistikk, først og fremst Torleiv Hannaas, går det ei linje tilbake til grunnleggjaren av Bergens Museum, Wilhelm Frimann Koren Christie. Mellom mange andre livsoppgåver hadde Christie òg som føremål å samle, dokumentere, analysere og formidle kunnskap om norsk språkleg tradisjon.
Christie, Bergens Museum og leksikografien
Det er ein interessant samanheng mellom lanseringa av standardordbøkene og 200-årsjubileet for Bergens Museum. Museumsgrunnleggjaren Wilhelm F. K. Christie gjorde ein stor innsats for å samle og formidle kunnskap om det norske talemålet. Etter at UiB tok eit avgjerande nasjonalt ansvar for norsk språk ved å overta Språksamlingane i 2016, inkludert standardordbøkene og Norsk Ordbok, kan ein seie at UiB har teke alvorleg eit sentralt element i tankane Christie hadde for oppbygginga av Bergens Museum: Den immaterielle kulturarven måtte få ein plass jamsides den materielle.
![Språksamlingane frå Universitetet i Oslo kom til Bergen i 2016, og den første faglege leiaren for Språksamlingane ved UiB, Rune Kyrkjebø, tek her imot det første arkivskapet.](https://image.pahoyden.no/137348.webp?imageId=137348&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=720&format=jpg)
Filologen og historikaren Gustav Indrebø gav som ein del av serien Bergens Museums Årbok i 1937 ut W.F.K. Christie: Norsk Dialect-Lexicon og nokre folkeminne og brev. I innleiinga skriv Indrebø om korleis dei kulturelle og vitskaplege interessene til Christie, og då særleg samlarinteressa, var eldre enn 1825, då han sende ut invitasjon til å skipe Bergens Museum. Som 19-åring i 1797 starta han på ei stor bok med sitat og utdrag frå tekstar om m.a. antikvitetar, historie og gamle språk; medan han var sorenskrivar i Nordhordland starta han rundt 1810 å skrive opp bygdemålsord, eller «Bønderners Mundart» som han kalla det; og før 1818 oppmuntra han ein kjøpmann i Bergen til å skrive opp ordtak og vendingar i bergensmålet. I ein del år hadde Christie fullt opp på den rikspolitiske arenaen og med arbeidet som stiftamtmann, men frå 1824 tok han opp igjen målføreinnsamlingane.
Christie-biograf Runar Jordåen (2014: 419) skriv om korleis Christie lærte seg islandsk og med utgangspunkt i dei islandske eller gammalnorske stamorda utforma rettskrivingsreglar, i tillegg til å bruke meir talenære skrivemåtar. Christie arbeidde med ei norsk ordbok, som han rekna som ein viktig del av livsverket sitt, men som han ikkje rakk å gje ut sjølv. Tilfanget kom stort sett frå det som i dag er Hordaland, Sogn, Sunnfjord og ikkje minst heimtraktene hans på Nordmøre. At tyngdepunktet i ordboka var frå Bergen stift og områda nærast Bergen, kjem av at Christie meinte at den «bergenhusiske Dialect og Udtale» låg nærast det norrøne. Parallelt med den leksikografiske verksemda arbeidde han med stadnamn og runer og gjorde oppskrifter av folkeminne. I 1825 hadde Christie utvikla planar om å få til samlingar, m.a. for desse interessefelta, med vitskapleg arbeid knytt til dei, og han inviterte til å grunnleggje eit Museum «af Oldsager og Konstsager» og eit «Naturaliekabinett av indenlandske Naturalier».
Ivar Aasen og Christie
![Ivar Aasen angra på at han ikkje hadde tatt kontakt med Christie tidlegare, fordi «Ingen af de Store i Landet har en saadan omfattende Kundskap om Almuesproget […] som han har.»](https://image.pahoyden.no/137350.webp?imageId=137350&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=1440&format=jpg)
I 1843 oppheldt Ivar Aasen seg i åtte månader hos lensmann Bruvik på garden Litlebergen i Nordhordland, og der utarbeidde han det første utkastet til ein landsomfatande grammatikk, ein grammatikk for «alle de Dialekter, som jeg til den Tid kjendte, og var derhos indrettet som Grundlag til en Grammatik for Landets Almuesprog i det Hele», som han skreiv i dagboka si frå denne perioden (Ivar Aasen. Brev og Dagbøker. Band 3: Dagbøker 1830–1896, pag. 85). Der skreiv Aasen òg om Christie og det leksikografiske arbeidet hans. Aasen gjorde ikkje mindre enn ni reiser inn til Bergen i desse månadene og knytte kontakt med Christie, som han gav denne attesten:
Paa en af disse Reiser indfandt jeg mig hos forhenværende Stiftamtmand Christie, en Mand som jeg burde have gjort tidligere Bekjendtskab med, da Ingen af de Store i Landet har en saadan omfattende Kundskap om Almuesproget forenet med Interesse for samme, som han har. Denne Mand har ogsaa samlet Materialier til en Ordbog over Almuesproget, og hans Ordsamling indbefatter efter hans eget Udsagn henimot 10,000 Ord, hvilket forekom mig næsten utroligt, da min egen Ordsamling uagtet al den Rigdom paa den Tid ikke var betydelig større. (sst.)
Christie hadde òg bygd opp eit vitskapleg bibliotek
som Aasen fekk nyte godt av:
Christie er desuten i Besiddelse af mange Bøger i det oldnordiske og i beslægtede Sprog: blandt Andet fik jeg her see Ihres store Dialektordbog, som jeg saa ofte havde seet Henviisninger til. To vigtige Skrifter, nemlig de nordiske Sprogs Historie af Petersen, og det islandske Sprogs Oprindelse af Rask, fik jeg laant hos ham; og disse Bøgers Læsning var mig udentvivl til betydelig Nytte. (sst.)
Og Christie har vore ein av dei første «fagkonsulentane» som Aasen nytta i arbeidet med det som seinare vart til landsmålet/nynorsken. Christie fekk nemleg Aasens «Grammatik for de bergenhusiske Dialekter» til gjennomsyn, og somme av merknadane til Christie førte til at Aasen seinare gjorde endringar i teksten (sst.)
![Museumsgrunnleggjaren Wilhelm F. K. Christie gjorde ein stor innsats for å samle og formidle kunnskap om det norske talemålet, og han har på mange måtar vore viktig for utviklinga av norsk leksikografi. Her, statuen av Christie laga av Christopher Borch, avduka på Torgallmenningen 1868, men flytta til Muséplassen i 1925.](https://image.pahoyden.no/137374.webp?imageId=137374&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=1240&format=jpg)
Christie har såleis på mange vis vore ein viktig mann for norsk leksikografi og for norsk språkutvikling. Mange av områda Christie peika ut for museet, t.d. samlingane og granskingar knytt til arkeologi, kulturhistorie og folkeminne, vart vidareførte etter hans død, men språk og språkforskinga fall vekk ved Bergens Museum. Gustav Indrebø peika på at noko av forklaringa var at språkforskinga til Christie fall i skuggen av verka til Aasen (Aasens Grammatikk 1848, Ordbok 1850), men ifølgje Indrebø var den viktigaste årsaka at ingen av dei som hadde med museet å gjere etter at Christie døydde i 1849, var i stand til å bere fram og gjere meir ut av det enn Christie hadde kunna. Om Christies verk Norsk Dialect-Lexicon, som Indrebø sjølv gav ut i 1939, skriv redaktøren:
Ho hev rett nok ikkje den vitskaplege interessa no som ho vilde havt um ho hadde kome t.d. ikr. 1840. Ho er uferdig og hev mange feil og store lyte. Men ho er eit monument yver mannen og den varme fedrelandshugen hans, hev tidshistorisk interesse, og eit visst faglegt verde òg den dag i dag. (Indrebø 1937: 10)
Men her kan ein seie at tida
arbeider for Christie: Dialektleksikonet vert våren 2025 lagt til rette
digitalt og skal innlemmast i den digitale kjeldesamlinga Ordbokhotellet, som
høyrer til Norsk Ordbok og altså er UiB sitt ansvar. Norsk Dialect-Lexicon har 19 300 artiklar, talet på
oppslagsord er nærare 24 000. Han har med ein del variantar, men også mange
samansetningar som ikkje har fått eigne oppslag (Oddrun Grønvik, personleg
kommunikasjon i e-post 29.01.2015)
Runar Jordåen viser til at innsamling av norske dialektord ikkje var noko nytt på starten av 1800-talet. I eit forsøk på å skape større forståing for det munnlege norske språket kom det særleg i siste halvdel av 1700-talet ut fleire slike ordsamlingar. Språket kunne vere ei kjelde til fortida, og såleis ein del av det antikvariske prosjektet til topografane, i tillegg til at mange meinte at det dansk-norske språket kunne bli rikare ved å inkludere tilfang frå allmugen. Arbeidet til Christie må ein sjå i samanheng med romantikken og kulturell oppvakning etter unionsoppløysinga frå Danmark:
![Torleiv Hannaas var professor i vestlandsk dialektforsking, og i 1921 oppretta han Bergens Museums Folkeminnesamling.](https://image.pahoyden.no/137370.webp?imageId=137370&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=1488&format=jpg)
Inn i dette miljøet av nasjonal lyfting og nasjonalt stræv fell arbeidet åt Christie med fornminne og folkekultur, mål og namn og folkeminne. Han var fyllt av nasjonal ihuge, og brennande i åndi for å byggja opp det nye Noreg kulturelt, og for å samstundes knyta notid til gamal fortid. (Indrebø 1937: 12)
Jordåen peikar på at
for Christie var språksamlinga og museumsarbeidet nøye knytt saman, og Christie
skreiv i 1846 at «Museet og Ordbogen i en vis Henseende kunne siges å være
Søskende». I periodar brukte han mykje av tida si på denne ordboka, ved
sidan av museet (Jordåen 2014: 421). Det var altså på den måten han tok
immateriell kultur på alvor.
Ein nordisk språkvitskap: Torleiv Hannaas 1918
Ikkje før i 1918 vart Christies tanke om museet og ordboka som «Søskende» til institusjonell realitet. Det året vart Torleiv Hannaas utnemnd til professor i «vestlandsk dialektforskning». I ordet dialektforsking låg det både ordsamling og folkeminnesamling, og ordbokarbeid har tilknyting til alle desse fagområda. Professoratet markerte at nordisk språkvitskap no hadde fått plass ved museet, og dette peikar fram mot danninga av eit humanistisk fakultet med språkforsking då UiB vart skipa i 1946 (Bondevik 1988). Hannaas var oppteken av å samle og dokumentere den norske språkarven, og han stod for innsamling av ordtak, gåter, ord og anna tradisjonsstoff. Han tok såleis initiativet til Bergens Museums Folkeminnesamling i 1921, med seinare samlingar for namnegransking, norrønt og målføre i tillegg til folkemusikk og folkekultur gjennom Arne Bjørndals samling.
![Hannaas reiste rundt og samla inn dialektord, segner og eventyr. Dette er nokre av dei såkalla oppskriftsbøkene etter han.](https://image.pahoyden.no/137352.webp?imageId=137352&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=720&format=jpg)
På den måten bygde Hannaas opp eit nettverk av lokale informantar og heimelsfolk som kom til nytte då ordbokarbeidet for alvor skaut fart på 1930-talet. Eit døme på dette er småbonden Elias Mjåtveit frå Frekhaug, som på eige initiativ tok til å sende Hannaas samlingar av lokale ord frå 1918, og som vart ein sentral heimelsmann då Norsk Ordbok kom i gang for alvor på 1930-talet. Hannaas fekk altså mangslags prov på at eit større ordbokverk var tiltrengt. Det var den store samlinga av språkleg tradisjonsstoff etter han, den såkalla Hannaas-samlinga, som vart grunnlaget for Bergens Museums Folkeminnesamling i 1921 (sjå t.d. samla.no og Bondevik 1988).
Norsk Ordbok – til Bergen?
Sterke krefter i fagmiljøet, m.a. Norsk Måldyrkingslag og i Det Norske Samlaget, arbeidde gjennom 1920-åra for å få støtte over statsbudsjettet til ei heildekkjande ordbok over det nynorske skriftmålet og talemåla. Ein søknad frå Samlaget ført i pennen av Gustav Indrebø i 1927 (Indrebø 080927) fekk ikkje tilslag, men ein ny søknad frå 1929 resulterte i ei løyving på 5000 for året 1930, og arbeidet var dermed igangsett (Vikør og Wetås 2016, Nes og Sandøy 2017, 44–47). Interessant nok sat samstundes professor Hannaas, som mot slutten av livet fekk ei sterk interesse for ordbokarbeid (Bondevik 1988: 14), i Bergen og arbeidde med liknande planar. I det handskrivne dokumentet «Plan fyr ei nynorsk ordbok» frå 1929 skriv han dette:
![Upplegget. Det me no treng, er ei vitskapleg ordbok yver heile det nynorske målet. Det vert då fyrst og fremst å taka med alle norske ord som liver no. Dinæst alle ord som me veit hev livt i nynorsk tid, etter 1525 eller so um lag. Råma vert soleis noko vidare enn hjå Aasen og Ross.](https://image.pahoyden.no/137362.webp?imageId=137362&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=480&format=jpg)
Hannaas såg òg for seg at arbeidet kanskje kunne gjerast i Bergen:
Skulde eg vera formann i ordboksnemndi, laut arbeidet verta lagt til Bergen. Og det skulde ingen vande vera med det. Eit sovore arbeid kunde ein gjera likso vel i Bergen som i Oslo eller nokon annan stad. Bergen vilde òg hava den fyremunen at her turvte ein ikkje rekna med noko utlegg til arbeidsrom. Eg råder yver tvo store og gode arbeidsrom på Bergens Museum, eitt på 52 og eitt på 23 m2. Det minste kunde skrivaren få heilt for seg sjølv. (Hannaas 328)
Men dette dokumentet var i røynda koordinert med det
initiativet Samlaget hadde teke. Notatet er handskrive og datert 12. september
1929, to månader før Hannaas døydde. Det er tale om ein plan til Samlaget med
konkrete framlegg om korleis arbeidet kunne leggjast opp, og dei som var
kandidatar til arbeidet som hovudredaktør, måtte skrive ein slik plan og sende
til Samlaget. Eivind Vågslid gjorde det tilsvarande, og seinare den vinteren
Leiv Heggstad, som vart tilsett i
stillinga (Nes og Sandøy 2017: 44–47). Hannaas sat altså i Bergen og arbeidde
med ein plan som var godt økonomisk og praktisk forankra, og det er dei same
fagfolka som figurerer i begge søknadene, først og fremst Leiv Heggstad.
Notatet markerer at Hannaas var budd på å ta eit fagleg og praktisk medansvar
for ei nasjonal ordboksatsing på vegner av Bergens Museum, men han var ikkje
førstevalet til Samlaget, og døydde altså nokre veker etter at notatet var
skrive.
At Leiv Heggstad vart den første hovudredaktøren av Norsk Ordbok, har likevel ei tilknyting til UiB. Gjert Kristoffersen skriv i den nyaste universitetshistoria at «[l]eksikografien hadde ei kortare blømingstid [enn talemålsgranskinga], frå midten av 1960-talet til slutten av 1990-talet, før den kom tilbake i stor skala mellom 2016 og 2019» (Kristoffersen 2021: 283). Det Kristoffersen refererer til her, er det viktige leksikologiske og terminologiske arbeidet ved Prosjekt for datamaskinell språkbehandling, seinare Norsk termbank (Kristoffersen 2021: 296ff.). Den som sette i gang dette arbeidet, var Kolbjørn Heggstad, sonen til Leiv Heggstad. På sitt vis var dette arbeidet òg med på å markere ein fagleg tradisjon som bidrog til at UiB var rusta for dei nye oppgåvene som kom til frå 2016. Linja frå terminologiarbeidet fører fram til Termportalen. Den vart etablert i 2021 og er ein del av Språksamlingane, slik ordbokarbeidet òg er.
![Ordbokredaktørar og stipendiatar som i delar av eller i heile prosjektperioden 2018–2024 var tilknytte Revisjonsprosjektet. Framme frå venstre: Anne Engø, Bente Selback, Margunn Rauset, Kari-Anne Selvik, Klara Sjo og Gunn Inger Lyse. Bak frå venstre: Kjersti Sørum Mjelde, Mikkel Ekeland Paulsen, Marita Kristiansen og Terje Svardal.](https://image.pahoyden.no/137368.webp?imageId=137368&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=720&format=jpg)
Tidene skifter ...
Det vart eit fagmiljø ved Universitetet i Oslo som stod for gjennomføringa av dei store ordbokverka. Folkeminnesamlinga ved Bergens Museum var likevel med i arbeidet med Norsk Ordbok på ymse måtar, særleg utveksling av materiale. Tyngdepunktet i ordbokarbeidet flytta seg ikkje til Bergen før i 2016, sjølv om det altså vart utført viktig leksikografisk, leksikologisk og terminologisk arbeid ved UiB frå 1960-åra og fram mot tusenårsskiftet.
Bokmålsordboka og Nynorskordboka, eller standardordbøkene som dei blir kalla, har i dag fått ei oppgradering og modernisering som UiB kan vere stolt av å ha fått tillit til å gjennomføre, og innsatsen og resultatet er vel verdt ei feiring. Dei to ordbøkene er «dotterprosjekt» til dei to store ordbokverka Norsk Riksmålsordbok og Norsk Ordbok. Materialet til begge desse ordbokverka er no lagra og forvalta av UiB gjennom Språksamlingane.
Dei historiske linjene er eit par hundre år gamle: Museumsgrunnleggjaren Christie var ein pioner i innsamlinga av ord frå bygdemåla, og dialektleksikonet hans vert no – våren 2025 – normert og lagt inn i Ordbokhotellet, som er ein del av det digitale kjeldearkivet til Norsk Ordbok.
Og tanken om Bergen som senter for ordbokarbeid var altså ikkje heilt framand i 1929!
Litteratur
Bondevik, Jarle. 1988. Torleiv Hannaas. Professor 1/7 1918 – 18/11 1929. Frå smått til stort. Nordistikk i Bergen gjennom 70 år. Bergen: Nordisk institutt. (= Eigenproduksjon nr. 23). 7–45.
Hannaas 328 = Plan fyr ei nynorsk ordbok. Manuskript. Hannaas-samlinga nr. 328, 1929. UiB: www.samla.no. Lese 15.01.25. (Finst òg som transkripsjon ved Terje Aarset 16.02.16)
Gustav Indrebø (utg.) 1937. W.F.K. Christie: Norsk Dialect-Lexicon og nokre folkeminne og brev. Bergens Museums Årbok, 1937.
Indrebø 080927 = Søknad frå Det Norske Samlaget til Det Kongelege Kyrkje- og undervisnings-departementet 08.09.1927, J.nr. 110/1927. Transkribert utgåve ved Terje Aarset 27.4.2016, personleg opplysning.
Ivar Aasen. Brev og Dagbøker. Band 3: Dagbøker 1830–1896. Ved Reidar Djupedal. Det Norske Samlaget, Oslo 1960.
Jordåen, Runar. 2014. Wilhelm F. K. Christie, Presidenten. Bergen: Fagbokforlaget.
Kristoffersen, Gjert. 2021. Teknologi og utvikling av språkressursar. I Andresen, Astri, Dunja Blažević, Kari Tove Elvbakken (red.) 2021. Vitenskap og vitenskapshistorier. Universitetet i Bergen 1946-2021. Bind 2, kap 8. Bergen: Fagbokforlaget. 277– 319. >. Lese 15.01.25.
Nes, Oddvar og Helge Sandøy. 2017. Norsk Ordbok – nasjonalverket i mål. Namn og nemne. Tidsskrift for norsk namnegransking. 34. Bergen: Norsk namnelag. 35–66.
Vikør, Lars S. og Åse Wetås. 2016. Norsk Ordbok – om folket – av folket – for folket. Historia om ordboksverket fram til i dag. I Karlsen, Helene U. m.fl. (red.) 2016. Livet er æve, og evig er ordet. Festskrift til Norsk Ordbok 1930–2016. Oslo: Samlaget. 15–39.