SPESIALGLIMT

Vinjeboka, den eldste kjende svarteboka i Norden, vart funne godt bevart under eit kyrkjegolv, og datert til ca.1500.

Ei 1700-tals svartebok frå Strandebarm

Blant manuskripta i Språksamlingane sitt arkiv hjå Seksjon for spesialsamlinger ved Universitetsbiblioteket i Bergen, finst avskrifta av ei svartebok...

Publisert Sist oppdatert

Ei svartebok tyder i denne samanhengen ei samling magiske boteråd for ulike plager, sjukdommar og skadar, samt ein bolk med svartekunst. Avskrifta vår blei sendt inn frå bygda Strandebarm i noverande Kvam herad, Hardanger.

Bygda Strandebarm. Udatert. Foto: K. Knudsen & Co.

Innsendaren melde i følgjeskrivet at den originale svarteboka, datert til 1773, tidvis var uleseleg, den allereie utydelege handskrifta på det to hundre år gamle falma papiret var fleire stader delvis løynt bak mørke blodflekkar. Han viste til den utbreidde førestillinga om at det å kutte fingrane til blods på arka medan ein bladde i svarteboka, og kline blodet på sidene, i seg sjølv skulle ha ein lækjande verknad (Tufteland 1971).

«En liden bog, ganske nyttig (…)». Fyrste side av svarteboka frå Strandebarm.

Det var ein av Norsk Målførearkiv (NMA) sine dialektinformantar, Johan Tufteland (1913-1998), som fekk laga det maskinskrivne manuskriptet og sende det til arkivet i 1971. På 1970-talet, då NMA var lokalisert på Blindern, hadde dei ei rekkje dialektinformantar spreidd over bygder frå heile landet. Desse fylte ut ordsetlar og spørjeskjema, men kunne òg utarbeide lengre ordlister, og fleire sette på eige initiativ i gang større prosjekt. Alt det uvurderlege arbeidet dialektinformantane la ned vart fortløpande honorert. Johan Tufteland, opphavleg frå Austevoll, var lyrikar, bygdebok- og romanforfattar, omsetjar, for ikkje å nemne lærar og fiskar. For det betydelege innsamlingsarbeidet han gjorde, vart han tildelt Kulturprisen i Austevoll i 1988 og i Kvam i 1990 (lokalhistoriewiki.no).

Svartebokstradisjonen

Det finst bevart originale eksemplar av tilsvarande oppskriftsbøker frå store delar av Noreg. Dei fleste er frå Austlandet, med vekt på Gudbrandsdalen, og berre ei handfull er kjende frå Vestlandet. Oftast ber innhaldet preg av at bøkene har vore i bruk i jordbruksmiljø, med vekt på remediar og ritual mot sjukdomar hjå folk og husdyr. Mange har innslag av svart, altså skadevaldande, magi. Nokre skal ha vore i omlaup blant tenestegjerande soldatar, og inngår difor i kategorien militære svartebøker. Innhaldet i somme av dei sistnemnde har klare fellestrekk med grimoirelitteraturen frå kontinentet, altså europeiske trolldomsbøker som særleg inneheld instruksjonar og oppskrifter på ande- og djevlemaning (Espeland 2014). Innhaldet i dei få bevarte bøkene frå Vestlandet er temmeleg ueinsarta, men noko som går att er t.d. råd om korleis ein skal avsløre, fjetre eller skade ein tjuv (Ibid.). Dette gjeld òg boka frå Strandebarm.

Tysk avskrift av Cyprianus, datert til 1706.

Professor i folkloristikk Bente Alver (2008) opererte med to kategoriar i svartebokstradisjonen: Dei faktiske, fysiske eksemplara av bøker på den eine sida, og på den andre sida den mytiske Svarteboka, som berre har eksistert på idénivå. I dåtidas førestellingsverd har sjølvsagt ikkje den fysiske og den mytiske boka vore åtskilde kategoriar, men heller nøye samanvovne. I mytologien rundt Svarteboka vart det fortald at ho skulle ha svarte sider med blodraud skrift, og om ein fyrst var eigar av henne var ho nærast uråd å kvitte seg med; ho kunne korkje brennast eller utan vidare gravast ned. Samstundes var det å skilje seg frå henne før ein døydde, heilt avgjerande for frelsa (Alver 2008). Eksemplar av svartebøker har vorte funne bevart under kyrkjegolv, t.d. i Vinje. Kanskje har nokon freista å frigjere seg ved å gøyme den under koret? (Espeland 2014)

Ytterlegare to sider frå Vinjeboka, den eldste kjende svarteboka i Norden.

Svarteboka frå Strandebarm

Sjølve den handskrivne boka frå Strandebarm var, i følgje det Tufteland skreiv, igjen ei avskrift av eit eldre eksemplar frå 1500-talet, som det vart sagt stamma frå ein lensmann i Jondal. Det er vanskeleg å vite om dette stemmer. Det eldste bevarte eksemplaret av ei oppskriftsbok frå denne tradisjonen i Skandinavia er Vinjeboka, anslått å vere frå nettopp 1500-talet (Ibid.) Det er ikkje så utenkeleg at boka frå Strandebarm kan ha opphav i same tid, men det er verdt å nemne at det i svartebokstradisjonen var vanleg å hevde høg alder; truleg kunne det underbygge ideen om sann og gammal kunnskap. Språkleg sett er denne svarteboka ei salig blanding av dansk, kvasi-latin og dialekt, med ymse og inkonsekvente stavemåtar, ikkje heilt ulikt det unormerte skriftspråket vi møter i kjelder attende til 1500-talet.

Manuskriptet vart sendt inn i to delar, som kan sjå ut til å ha opphav i kvar sin tradisjon. Av desse er det Del I som verkar å i størst grad inngå i svartebokstradisjonen, medan innhaldet i Del II kan minne meir om ei blanding tradisjonell folkemedisin og førmoderne legevitskap. Éin bolk av Del II listar opp ulike legeplantar og kva bruksområde dei har, og ein annan tek føre seg årelating og ein gjennomgang av dei viktigaste blodårane, og kva for sjukdommar som er knytte til desse. I denne delen finst det òg råd mot ulike sjukdomar, plager og skadar som minner om formatet i Del I, men ser ut til å i større grad, om ikkje utelukkande, ta utgangspunkt i erfaringsbasert og/eller overlevert kjennskap til korleis ulike plantar og urter kan lindre.

I det følgjande er det Del I som står i fokus.

Magiske objekt og ritual

Remediane som er nemnde i boka inkluderer ei rekkje ulike gjenstandar og materiale som var tillagt magisk kraft på ulike måtar, men det er òg stor vekt på sjølve handlingane rundt bruk av remediane som heilt vesentleg for den lækjande verknaden. Det er i underkant av 250 oppskrifter i Del I, nesten 200 av desse omhandlar råd mot rundt nitti plager og skadar som femnar alt frå smertefull fødsel, spedalskheit, kaldbrann og beinbrot, til ymse sår, flass og skallaheit.

Dei magiske gjenstandane kunne bestå av plantar, kroppsdelar, organ eller blod frå husdyr eller ville dyr, likdelar, morsmjølk, vievatn, rep brukt til henging av tjuvar m.m. Desse kunne etast, drikkast, smørast på, bindast rundt eller andast inn, avhengig av kva som gjaldt i den gitte situasjonen.

I byrjinga møter vi boteråd for høvesvis «kaaldsygen» (forkjøling?), og for dei som har blitt «brend av ild eller vand». I fyrste fall er det ein drikk beståande av forkola og pulverisert firfirslehovud blanda i varmt øl som gjeld. Eller for dei som tykte dette let litt vel drastisk, kunne ein ganske enkelt bitte ei handfull dampa frisk allehande rundt magen. For å lækje brannsår måtte avkok av linfrø, eller eventuelt varm kumøk til. For å kurere epilepsi kunne den «fallende siuge» drikke blodet til eit nyfødd lam (Tufteland 1971).

Råd mot fluger og epilepsi. Utdrag frå svarteboka frå Strandebarm.

Svartekunst – å tvinge viljen sin på nokon

Siste bolk av Del I har preg av mørkare trolldom, med drygt femti oppskrifter eller formlar. I denne bolken vert sjølve dei rituelle handlingane og magiske ordformlar endå meir sentrale. Her er det innslag av både skadevaldande magi, og ritual som skal motverke vondsinna trolldom.

Formlane og rituala kunne hjelpe med å tvinge viljen eins på, eller å lure nokon; meir spesifikt mane fram, fjetre eller eventuelt slå ut auget på ein tjuv som har stole noko frå ein, framstille «dvaledrikk», vinne i spel, få ein person til å ville ligge med ein, eller få nokon til å kome med ei innrømming i søvne. Ville ein gjere seg usynleg, innebar det ein del innsats, inkludert eit blodoffer: Då måtte ein risse inn ein kross i hjartet til ein svart katt, grave det ned nord på kyrkjegarden ein torsdagskveld etter solnedgang, og så vente i ni døgn til hjartet vart omdanna til ein ring. «Naar du haver den på din finger da kan ingen se dig». (Ibid.)

Ein nokså omstendeleg prosess for å slå ut auget på ein tjuv. Utdrag frå svarteboka frå Strandebarm.

«Likt kurerer likt» og sjølvbekreftande fraser

Fleire av råda i denne svarteboka går under «likt kurerer likt»-prinsippet, til dømes der beinmerg frå hest skal kurere beinverk eller eit steikt svinehjarte hjelper mot hjarteproblem. Å legge tanna til ein daud mann inntil si eiga tann var ein effektiv kur mot tannpine.

På slutten av dei fleste oppskriftene står det sjølvbekreftande fraser og setningar som «det hielper», «det er en visse konst», «det er forsøgt mange ganger», «det har en vis mann sagt» og «denne lægedom har hjulpet mange». (Ibid.)

Respekten for ordet

Det skrivne ord var i seg sjølv tillagt stor respekt og magisk kraft i ei tid der analfabetisme var utbreidd. Utanom salmeboka var ikkje bøker eit vanleg innslag i folk sine heimar (Espeland 2014). Presten sin maktposisjon i lokalsamfunnet og førestillinga om at han kunne beskytte folk mot mørkemaktene, har nok vore styrka av at han meistra skriftspråket. I tradisjonen rundt svartebøkene vart det fortald om svartebokspresten; han hadde fått undervisning i dei mørke kunstane på akademiet i Wittenberg, og hadde evna til å t.d. fjetre eller binde andre menneske, eller sågar Djevelen (Alver 2008).

I ei segn frå Strandebarm, vert det fortald om Ola Gjerdrum, som var sokneprest der frå 1689 til 1732, at han midt i preika braut ut «Stat der!», og med dei orda fjetra ein halmtjuv som under gudstenesta hadde forsynt seg av presten sin låve (Ibid.) Om Gjerdrum kan ha hatt eit eldre eksemplar av «vår» svartebok i sitt eige, er ikkje råd å svare på, men det er ein forlokkande tanke.

Kjelder

Alver, Bente Gullveig. 2008. Mellem mennesker og magter. Magi i hekseforfølgelsernes tid. Scandinavian Academic Press/ Spartacus Forlag AS, Oslo. S.177-181

Espeland, Velle. 2014. Svartebøker. Fra Svarteboka til Necronomicon. Humanist Forlag, Oslo. S.31-93

lokalhistoriewiki.no/wiki/Johan_Tufteland

Tufteland, Johan (avskrift). 1971. Svarteboka frå Strandebarm. Upublisert manuskript, avskrift av handskriven bok (truleg tapt) datert til 1773, ukjend forfattar. Språksamlingane, Universitetsbiblioteket i Bergen.

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Powered by Labrador CMS