SPESIALGLIMT

Skeivt arkivs historiker, Runar Jordåen, besøkte høsten 2022 Statsarkivet i Trondheim. Han ville lese dokumentene etter en straffesak i 1916 der to menn ble dømt for homoseksualitet.

«Han har fattet sådan kjærlighet til Schølberg at han ikke kan være ham foruten.»

Då ektemannen til Anna Nervik, Karl, flytta inn til kjærasten sin Johan Schjølberg, gjekk Anna til politiet. Saka frå Trondheim i 1916 gir eit eineståande innblikk i korleis kjærleik mellom menn kunne spela seg ut for over 100 år sidan.

Publisert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Ein vårdag i 1916 troppa Anna Nervik (28) opp på politikammeret i Trondheim. Ho forklarte at mannen hennar sto i eit "usedelig forhold" til ein annan mann. Slik starta ein prosess som skulle føra til fengsel og straff, men også eit livslangt samliv.

Skeivt arkiv har som eit dokumentasjons- og formidlingsprosjekt utforska denne saka gjennom to besøk på lesesalen på Statsarkivet i Trondheim hausten 2022. Eit av resultata er denne nye episoden i Skeivt arkivs podkast:

«Han kunne ikke leve ham foruten» by Skeivt arkiv (soundcloud.com)

DEI TO MENNENE

Karl Nervik (1889-1959) var fødd i Orkdalen, men flytta til Trondheim der han arbeidde som malarsvenn. Han blei i 1913 gift, og kona Anna (1887-?) kom opprinneleg frå Titran på Frøya. Saman fekk dei ein son. Johan Schjølberg (1866-1955) var kommunearbeidar og enkemann, og hadde både vaksne utflytta born og to mindreårige han hadde ansvar for. Han var også fødd i Orkdal.

Det var hausten 1915 den 26 år gamle Karl traff den over tjue år eldre Johan. Dei innleidde eit kjærleiksforhold, og våren 1916 budde dei saman hos sistnemnde, medan Anna og sonen var heime hos foreldra hennar på Frøya.

KRENKA SINE PLIKTER

Johan budde på adressa Fagerviken, som i dag er Bynesveien 42. Sjølv om Anna først hadde sett det som ei praktisk ordning av mannen hennar flytta inn til Johan Schjølberg medan han utførte eit målaroppdrag hos han, endra ho etter kvart meining. Kanskje var det som gjorde utslaget at ho ved heimkomsten frå Frøya oppdaga at planter, gardiner og anna innbu var fjerna frå leilegheita. Då ho drog ut til Johan i Fagerviken, fann ho både mannen Karl og desse eigendelane der.

Karl ville slett ikkje heim, og til slutt gjekk altså Anna til politiet. Her meldte ho mannen sin for eit usedeleg homoseksuelt forhold (§ 213) og for å ha krenka sine pliktar mot ektefelle og barn (§ 219).

For Anna Nervik var saka nok ei stor påkjenning, eit perspektiv som ikkje må gløymast i slike saker. I samtida var kvinnas perspektiv i slike forhold faktisk eit tema også i skjønnlitteraturen, til dømes i romanen Drude Helmers egteskab som Heidi Rohde Rafto på Skeivt arkiv har skrive om.

§ 213 OG SKEIVT KULTURÅR

§ 213 i Straffelova av 1902 gjorde «utuktig omgjengelse» mellom menn straffbart. I 2022 var det 50 år sidan paragrafen blei oppheva – og gjennom heile fjoråret markerte difor både Skeivt arkiv og Universitetet i Bergen Skeivt kulturår 2022. Året har resultert i utstillingar på både Universitetsmuseet og Universitetsbiblioteket og ei rekke foredrag, medieoppslag og publikasjonar frå Skeivt arkiv og andre forskarar ved Universitetet i Bergen.

I 2023 jobbar Skeivt arkiv vidare med dokumentasjon og formidling av skeiv historie, blant anna gjennom utforskinga av saka mot Karl Nervik og Johan Schjølberg.

«SOM INGEN KAN FORMÅ AT SØNDERRIVE»

I første omgang reagerte politiet ved å be Johan og Karl om å halda seg frå kvarandre. Dette blei ikkje etterkome, tvert om, dei flytta frå Fagerviken og Trondheim, og drog til gruvesamfunnet Løkken Verk der dei fekk seg arbeid, og leigde seg eit rom som dei delte i ein av arbeidarbrakkene.

Arbeidarbrakkene hvor Karl Nervik og Johan Scjølberg bodde i 1916.

Trondheimspolitiet hadde sine mistankar, og dei fekk lensmannen i Meldal til å undersøka saka. Han fann Karl Nervik heime i arbeidarbustaden, som forklarte at dei to delte bustad, men at Johan var tilbake i Trondheim ein tur. Når trondheimspolitiet fekk melding om dette tok dei straks affære. Johan blei arrestert. Då Karl fekk nyss om dette blei han i følgje ein av politirapportane «aldeles ute av sig selv» og drog rett til Trondheim for å få snakka med Johan. Resultatet var at også han blei arrestert.

Dette var i starten av juli, og i eit nytt politiforhør sa Karl at :

«han har fattet sådan kjærlighet til Schølberg at han ikke kan være ham foruten. Og det forhold som er oppstått mellom ham og Schølberg, er det ingen som kan sette seg inn i eller formå at sønderrive».

Saka gjekk i forhørsretten i Trondheim over fleire rettsmøte i juli og august 1916. Det heile enda med at dei begge blei dømd for brot på paragrafane 213 og 219 i Straffelova, til fengsel i 60 dagar.

FORFØRELSE OG FORARGELSE

Karl og Johans sak er uvanleg. Det er rettnok slik at § 213 forbaud sex mellom menn, men paragrafen hadde eit ledd om at påtale berre skulle finna stad når «almene hensyn» kravde det. Nærmare bestemt når det var skjedd «ungdoms forførelse» eller vakt «offentlig forargelse». Her var det snakk om det siste. Kjeldene tyder på at det blei snakka om det som skjedde mellom dei to mennene, til dømes hadde Anna Nervik høyrt rykte om at Johan var «kjæreste» med mannen hennar. Men det var ikkje nok, for Karl og Johan kunne sloppe unna dom om dei hadde gjort som politiet sa, og haldt seg vekke frå einannan.

Når dei trassa åtvaringane var det likevel gått for langt. Det som i tillegg spelte inn var at Karl hadde svikta sine plikter overfor Anna og sonen. Rettnok hevda han sjølv at dette ikkje stemte, men retten fann altså grunn til å døma også på dette punktet.

Mange av dei andre § 213-sakene me kjenner til gjaldt forhold med innslag av maktubalanse og misbruk. Utover på 1930-talet blei ei 21-årsgrense det avgjerande: Til dømes blei 34 menn dømde etter § 213 i ei stor sak i Bergen i 1938. Alle var menn over 21 år, som hadde hatt seksuelle forhold til gutar i aldersgruppa 16-21. I slike tilfelle var det då skjedd «ungdoms forførelse» ut frå eit resonnement om at unge menn kunne ta skade av og bli «smitta» av homoseksualiteten.

Likevel var det sjeldan paragrafen blei nytta, også i slike forføringssaker. Og etter andre verdskrig blei han så og seia aldri brukt. Ved opphevinga i 1972 var § 213 i praksis så godt som ei sovande lov. Symbolverdien var likevel stor, og det blei den norske homorørsla sin første store siger då paragrafen blei avskaffa i 1972. Forbodet hadde vore med på å understreka negative haldningar til homoseksualitet i samfunnet – og sannsynlegvis også bidratt til at politiet kunne tillata seg mykje overfor menn som hadde sex med menn – med andre midlar enn å reisa tiltale etter § 213. Mange skeive oppfatta seg som fritt vilt også i dei første tiåra etter andre verdskrig, noko til dømes ei av Skeivt arkivs «Skeive historier» vitnar om.

FRA DE HØIESTE TIL DE LAVESTE

Dommen mot Johan og Karl kan oppfattast som eit grelt eksempel på samfunnet si brutale undertrykking av likekjønna seksualitet. Men kjeldematerialet knytt til saka og det vidare livet til Karl og Johan fortel oss også ei anna historie.

Saksdokumenta gir eit rikt innblikk i seksualitet og kjærleik mellom menn i ei tid der me elles har særs få kjelder. Me har allereie høyrd korleis Karl skildra sin kjærleik til Johan i nokon av avhøyra. Han blei også undersøkt av ein lege, og til denne fortalde han litt om korleis han oppfatta sin seksualitet:

«Ved forespørgsel om hans abnorme sexuelle tilbøieligheder, oplyser han, at disse findes fra de høieste til de laveste. Nævner bl. a. Alexander den store, Katarina av Russland og Romerne […]»

Det gjekk fram at Karl, trass i at han kom frå arbeidarklassa i ei tid då tilgangen til skule og utdanning var særs avgrensa, hadde lese ein del og han hevda at litteraturen hadde fått han til å endra meining om mangt og mykje. Om han også hadde fått tankane om Alexander den store og andre historiske aktørar frå, veit me ikkje, det kan vera resultat av lesinga, eller det kan vera tankar som verserte i dei miljøa av menn som hadde sex med menn som fanst i Trondheim, og som saka gir eit lite innblikk i.

Uansett gir saka eit sjeldan innblikk i korleis to menn frå lågare sosiale lag tenkte om kjærleiken menn i mellom.

SAMLIVET

Det kanskje mest uventa i denne saka, er det som skjedde etter at straffa var sona hausten 1916. Dommen slo også fast at Karl sitt ekteskap no var oppløyst, i tråd med både hans og Anna sitt ønske.

Me veit ikkje kor dei to mennene budde det første året etter at dei kom ut av fengsel, men frå 1918 budde dei saman på ulike adresser i Trondheim. Den siste adressa dei budde på var Ilevolden 3b, som i dag er Nidareid 7. Her flytta dei inn rundt 1940 og blei buande til dei døde (Johan i 1955, Karl i 1959). Kor mykje «skandalen» i 1916 fekk å seia for resten av liva deira, er uvisst. Mykje tyder på at livet normaliserte seg. Me veit at barn, barnebarn, oldebarn og andre var til stades i Johans gravferd. I samband med denne blei han i avisa omtalt som ein "gammel, strevsom og sagtmodig mann".

Skeive heimeliv - Queerdom

Skeivt arkiv si utforsking av denne saka inngår også i eit forskingsprosjekt som starta opp på UiB i fjor: Queerdom. Prosjektet skal utforska «skeive hjemmeliv og intimitetar» i Noreg i perioden 1842-1972. Prosjektet, som er leia av professor Tone Hellesund på AHKR, undersøker korleis skeiv seksualitet blei forstått og praktisert av «vanlege folk» med fokus på heimen og privatlivet heller enn ekspertar som juristar og medisinarar. Fleire av dei involverte forskarane var i fjor med på å skrive boka «Skeiv lokalhistorie», som var eit samarbeid mellom UiB, Skeivt arkiv og Norsk lokalhistorisk institutt. Boka er gitt ut av Nasjonalbiblioteket og finst både i fysisk og digital utgåve.

Eit viktig perspektiv i prosjektet er at skeiv historie langt frå berre handlar om undertrykking og straff, men at det har vore større rom for likekjønna relasjonar enn ein gjerne har tenkt seg. Ved å utforska konkrete historier – som den om Karl og Johan – kan ein få meir kunnskap om både moglegheiter og motstand. Det står att å sjå om me kan finna fleire kjelder om liva til dei to trondheimsmennene i tiåra etter dommen.

Powered by Labrador CMS