YTRING

Team Samdal

Team Samdal vil utvikle satsingsområda saman med fagmiljøa

I eit innlegg i På høyden 10.03.21 ønsker Team Hagen å tydeleggjere forskjellar mellom laga våre i høve til satsingsområde. Det er prisverdig, men innlegget etterlet uklarheiter både om Team Samdals målsettingar og av kva som eigentleg er Team Hagen sin politikk på dette området.

! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.

Vi er rettnok einige med Team Hagen om at satsingane ikkje skal vere «topp-initierte, sentrale satsinger». Samtidig er det er interessant at Team Hagen skildrar satsingane på nettopp denne måten, og inntar dette standpunktet no. Rektorkandidat Margareth Hagen har ikkje tidlegare gitt uttrykk for at dette har vore problematisk. Det gjorde ho heller ikkje då ho i rolla som pro-rektor mellom anna leia arbeidet med revidering av UiB sin strategi i 2019 – som nettopp tok sitt namn etter dei tre strategiske satsingane «Kunnskap som former samfunnet. Hav. Liv. Samfunn/Strategi 2019–2022». Her er det ikkje lett å skilje mellom rollene og sjå kva posisjon ho tar.

Når Team Hagen meiner vi vil «legge til rette for økte sentrale kutt», er dette eit retorisk grep som stimulerer mistankens hermeneutikk om at Team Samdal vil ta fleire ressursar frå fagmiljøa - noko som ikkje er tilfellet. Her lar Team Hagen òg vere å informere lesaren om at universitetsstyret allereie har meisla ut ein økonomisk politikk for dei neste åra – inkludert for kutt og prioriteringar. Universitetsstyret har i strategibudsjett for 2020–2025 vedtatt at fleire av midlane i felleskassa skal gå til strategiske satsingar. Til dømes har styret vedtatt at posten for «tverrfaglighet og nye kunnskapsområder» skal aukast frå nesten åtte millionar i 2020 til over 30 millionar i 2025. Tilsvarande har universitetsstyret vedtatt at «strategiposter, reserver og fremtidige strategiske tiltak» skal aukast frå nesten 28 millionar i 2020 til heile 163 millionar i 2025. Desse pengane skal sjølvsagt ikkje skal brukast på Muséplassen, men kanaliserast ut til fagmiljøa. For oss i Team Samdal gjer prioriteringa i langtidsbudsjettet det derfor enno meir presserande å sørge for at fleire fagmiljø kan få moglegheit til å ta del i desse satsingane – gitt at dei ønskjer det sjølve.

I innlegget sitt skriv Team Hagen også at: «Vi vil være forsiktige med å legge til rette for økte sentrale kutt for å finansiere nye sentrale satsingsideer, og heller arbeide med de vi har.» Her er det fleire ting som er problematisk. Team Hagen vil altså jobbe med desse «toppstyrte» satsingane, men som dei eigentleg er i mot. Dei tek til orde for ein gjennomgang av satsingane, men har allereie konkludert før evalueringa er gjennomført med at det er desse tre som skal vidareførast. Og dei ser UiB sin økonomi som eit nullsumspel, i staden for å fokusere på korleis UiB kan vinne fram i konkurransen om nasjonale og internasjonale eksterne midlar. Dette er ei oppskrift på å tape terreng.

Vi i Team Samdal meiner at satsingsområda bør styrkast og utviklast. I plattforma vår, i alle valmøte, samt i intervju i Khrono, har vi forklart at vidareutviklinga av satsingsområda skal skje i dialog med fakulteta og fagmiljøa etter ein brei gjennomgang av erfaringane så langt. Dersom denne prosessen tilseier det, er vi òg opne for å etablere eitt eller to nye temaområde. Det vil vere særleg interessant å finne fram til nye satsingar som kan engasjere dei samfunns- og humanvitskaplege miljøa, rettsvitskapen og dei skapande og utøvande faga ved UiB i større grad enn det vi har oppnådd med dei eksisterande satsingane. Samtidig vil vi ha ein tydeleg politikk på at alle satsingsområda til UiB skal vere komplekse og samansette tema der UIB kan bidra til å flytte forskingsfronten og auke vår samfunnsrelevans gjennom brei og tverrfagleg deltaking. Vår grunngjeving er altså ikkje at det skal vera eit tiltak for å betre strukturelle utfordringar for dei samfunns- og humanvitskaplege –faga og kunstfaga.

For oss er fornying i satsingsområda òg eit verkemiddel til å styrke UiB som eit synleg universitet i forsking, utdanning, og samfunn; samtidig som dei styrker UiB som institusjon gjennom til å auke eksternfinansieringa vår. Og dette siste trengs – i følgje UiB sitt meldingsblad nr 12 (Teikn og tal i tida) har UiB ei svakare utvikling i eksternfinansiert forsking (auke på 40 %) enn NTNU (63 %) og UiO (58 %).

Breiddeuniversiteta har eit heilt unikt utgangspunkt for å kunne sette saman ekspertise frå mange felt for å forske fram forståing om komplekse tverrfaglege samanhengar. Team Samdal meiner at UiB her har eit unytta potensial. Det vil vi gripe fatt i. Dei tverrfaglege satsingsområda er eit av fleire verkemiddel vi ønskjer å ta i bruk i dette arbeidet. For oss er det ikkje motsetnad mellom sterke disiplin- og profesjonsfag og tverrfagleg forsking. Tvert i mot. Tverrfagleg forsking av ypparste merke føreset jo nettopp sterk fagleg kunnskap.

Å jobbe på tvers av fag og organisasjonsstruktur kan vere utfordrande, men vi meiner dette likevel ikkje er god nok grunn til å gi slepp på denne målsetjinga. Om vi lukkast med å etablere gode arenaer og insentiv for tverrfagleg forsking vil dei vera kvalitetsdrivande, auke samfunnsrelevansen i forskinga og utdanningane våre, og dessutan gi inntekter tilbake til grunnplanet, slik at faga og miljøa våre kan utvikle seg vidare. Den aller viktigaste motivasjonskrafta for å lukkast med dei tverrfaglege satsingane våre er imidlertid denne; det vi gje oss både kunnskap og kompetente kandidatar for å handtere dei store og akselererande globale utfordringane vi som samfunn står framfor i dag. For UiB handlar dette også om truverd når institusjonen tek på seg forplikting i FN om vitskapsrådgjeving.

Rosettasteinen er ein fin analogi. Men den er ikkje meir enn nettopp det – ein analogi. Vi oppfordrar derfor Team Hagen til å bruke mindre energi på å tillegge Team Samdal meiningar som vi ikkje kjenner oss igjen i, og heller bli konkrete på kva dei meiner og kva dei vil gjere sjølve. Først då kan vi ha ein skikkeleg debatt om kva som er den beste universitetspolitikken for å ta UiB inn i framtida.

Team Samdal:
Oddrun Samdal
Nils Gunnar Kvamstø
Camilla Brautaset
Kristine Jørgensen
Arne Tjølsen

Powered by Labrador CMS