YTRING

Oddrun Samdal og Nils Gunnar Kvamstø.

Team Samdal vil fordele meir, ikkje mindre ressursar til grunnplanet

Alle kan sove godt om natta – Team Samdal vil fordele meir, ikkje mindre ressursar til grunnplanet.

! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.

Dei to instituttlederane Leif Ove Larsen ved Institutt for informasjons- og medievitskap og Øyvind Frette ved Institutt for fysikk og teknologi skreiv i På Høyden fredag 5.mars 2021 at vi som rektorat vil føre ein økonomisk politikk der vi vil ta meir pengar frå institutt og fakultet for finansiering av sentrale tiltak. Det stemmer ikkje.

Team Samdal vil styrke finansieringsrammene der den faglege verksemda skjer. Dette har vi vore krystallklare på heile vegen både muntleg - og skriftleg. I diskusjonen etter den første rektordebatten 19.februar, stilte dekan ved det humanistiske fakultet, Jørgen Sejersted, spørsmål til begge rektorkandidatane om dei vil gå inn for like mykje eller mindre sentralisering av ressursar frå fakulteta til UiB sentralt. Vårt svar her var:

«Vi vil gå sterkt inn for ein betre dialog med fakulteta om nettopp økonomi. Vi meiner det er heilt avgjerande at fakulteta har økonomisk handlingsrom - det er i fagmiljøa verdiane skapast - ikkje sentralt.»

Vi har store utfordringar med å forstå korleis dette kan tolkast til at vi ønskjer ytterlegare sentralisering av ressursar.

Eksterne forskingsmidlar er øyremerka dei respektive prosjekta og skal sjølvsagt ikkje bli omfordelte til andre delar av organisasjonen. Larsen og Frette legg ikkje til grunn at det i UiBs totale budsjett på rundt fem milliardar kroner berre er 20 prosent som kjem frå eksterne kjelder. Det er med andre ord fire milliardar kroner som kjem som direkte finansiering til UiB. Her meiner vi det både er rom for, og at vi er forplikta til, å vurdere om delar av midlane kan brukast på ein meir målretta måte for heve kvalitet i forsking og utdanning.

Det inneberer å sjå med eit ekstra kritisk blikk på utgiftspostar som ikkje er direkte relaterte til fagleg verksemd. Eitt slikt døme er å sjå på reisekassa – ikkje til dei einskilde tilsette på institutta, men snarare på dei nasjonale reisene til rektoratet og sentraladministrasjonen samt rektoratets representasjonsreiser. Erfaringar frå pandemien har gitt dei fleste ved institusjonen erfaringar med digitale møteløysingar og har samstundes vist at det ikkje alltid er nødvendig med ei flyreise for eit kort leiarmøte i Oslo, eller representasjon i Brussel. Vidareføring av digitale møte i slike situasjonar vil ikkje berre spare UiB for pengar, men vil òg vere meir effektiv tidsbruk for dei tilsette som dette gjeld, òg det vil medverke til UiB sine berekraftsmål.

At Team Samdal ønskjer å ta pengar frå institutt og fakultet for å finansiere sentrale tiltak er derfor ikkje ei påstand med hald i røynda.

Oddrun Samdal (rektorkandidat)
Nils Gunnar Kvamstø (prorektorkandidat)

Powered by Labrador CMS