NYHET

BADEKLUBBEN: Grethe Meling, Olga Elise Frøyland, Linda Skuggen, Nina Bergheim Dahl, Gro Aase, Idunn Holthe, Kristen Steiner, Line Fjellhaug og Eva Svensson.
BADEKLUBBEN: Grethe Meling, Olga Elise Frøyland, Linda Skuggen, Nina Bergheim Dahl, Gro Aase, Idunn Holthe, Kristen Steiner, Line Fjellhaug og Eva Svensson.

Badar i havet året rundt

Badeklubben på SV-fakultetet lar seg ikkje stoppe av verken kuldegradar, nedbør eller iltre svaner.

Publisert

Under pandemien har fleire fakultet og avdelingar trivselstiltak på UiB. På SV-fakultetet møtes badeklubben kvar veke for å bade på Møhlenpris.

– Utpå hausten i fjor blei vi litt lei av pandemi og heimekontor. Alle dagar blir like, og du møter sjeldan nokon i helgene. Då fekk vi ein idé om å bade i havet. Den første gongen var det oktober og 15 varmegradar, fortel adminstrasjonssjef Gro Aase, som er ein av initiativtakarane.

Adrenalinrush i kaldt vatn

Eg trur folk blir hekta, for du får eit adrenalinrush når du badar i kaldt vatn

Gro Aase

Sidan har dei møttast, uansett vêr og temperatur. Tiltaket som starta med nokre få personar i administrasjonen ved institutta for geografi og sosialantropologi, har no blitt til ein god gjeng.

– Alle som har blitt med, har fortsett. Eg trur folk blir hekta, for du får eit adrenalinrush når du badar i kaldt vatn. Vi ser på yr.no for å finne kva dag i veka som har minst nedbør. Sjølv om det innimellom har vore kaldt og vindfullt er det òg ei oppleving, seier Aase.

Grethe Meling, Gro Aase, Nina Bergheim Dahl, Line Fjellhaug, og Alena Koslerova.
Grethe Meling, Gro Aase, Nina Bergheim Dahl, Line Fjellhaug, og Alena Koslerova.

Møtte iltre svaner

Bortsett frå eit møte med ein ilter svanekoloni som forsvarte territoriet sitt på Møhlenpris, har badeklubben berre positive erfaringar med å kome seg ut.

– Du går heile dagen og gru-gleder deg, ser ut vindauget og håpar vinden skal løye eller regnet stoppe i tide, seier Nina Bergheim Dahl, som er ein av organisatorane.

Det er litt festleg kvar gong nokon seier" Kva, har du bada no? I sjøen??"

Nina Bergheim Dahl

– Eg likar at alle er litt fnisete når vi møtast på stranda. Sjølve badet er ein restart av kroppen, som sit lenge i. Også er det litt festleg kvar gong nokon seier «Kva, har du bada no? I sjøen??», fortel ho.

Litt kaldt vatn?
Litt kaldt vatn?

Møteplass med mykje latter

Eva Svensson blei med fordi ho lenge hatt lyst til å teste ut å bade i sjøen heile året.

– Både fordi det er sunt, og fordi eg får mykje energi av det. Særleg under pandemien har det vore viktig å møtes kvar veke med gode kollegaer. Det gir samhald og glede, seier Svensson.

Også for Grethe Meling har tiltaket blitt eit viktig, fast innslag i arbeidsveka.

– Dette har blitt ein møteplass for oss med mykje latter og eit lite kaldt sjokk gjennom systemet, som er forfriskande etter dagar på heimekontor, seier ho.

Fleire kan bli med

Sjølv om badinga har starta som eit tiltak på administrasjonen ved SV-fakultetet, er badeklubben opne for at fleire kan bli med om dei vil.

– Det er berre å kome seg på e-post lista vår, enten ved å sende e-post til meg eller til Nina Bergheim Dahl, seier Gro Aase.

Har ditt fakultet eller avdeling trivselstiltak under pandemien? Kontakt [email protected] og fortel oss om det!