NYHET

Ina Cabanillas Hansen fra StudyBuddies forklarar korleis deira innovasjon kan gjere kvardagen betre for studentar, og redusere fråfall i høgare utdanning.

Desse prosjekta får støtte frå UiB idé

Fiskesjukdommar, kreft hos nyfødde og manglande språkopplæring for flyktningar er alle problem som kan komme litt nærare å få ei løysing etter årets tildeling av UiB idé.

Publisert Sist oppdatert

UIB IDÉ

  • Verifikasjonsprogram som gjer tilsette og studentar mogelegheit for å søkje støtte til gode innovasjonsidear, som må utviklast og testast før dei blir utvikla vidare
  • Maksimalt støttebeløp er 500 000 kroner for forskarprosjekt, og 100 000 kroner for studentprosjekt
  • Ramma for programmet er 2 millionar kroner
  • I år får sju prosjekt støtte: tre studentprosjekt og fire forskarprosjekt
  • Les meir på uib.no/ide

– UiB idé er universitetets program for tidleg-innovasjon, som skal vere med på å mobilisere potensialet for innovasjon blant våre 20 000 studentar og nær 3000 vitskapleg tilsette frå alle fag og fakultet, forklarer Gottfried Greve, som er viserektor for innovasjon, satsingar og klynger.

Eit element i innovasjonssystemet ved UiB

UiB idé blir i år gjennomført for tredje gong, og heilt frå starten har ei lang rekkje fagmiljø frå alle fakultet nominert kandidatar.

Viserektor Gottfried Greve.

– UiB idé er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit element og ein fasilitator i innovasjonssystemet ved UiB, på vegen mot realisering og bruk av gode idear brakt fram av forsking og studium, seier Greve.

– Som UiB skal dette programmet ha ei brei og inkluderande forståing av omgrepet innovasjon, og ta utgangspunkt i særtrekka til faga.

Mange fekk avslag

Det er avgrensa finansiering i UiB idé, og det er difor mange gode prosjekt som ikkje oppnår finansiering. Men sjølv om prosjekta ikkje får finansiering kan dei likevel få råd og hjelp vidare på UiB, eller hos VIS – Vestlandets innovasjonsselskap.

Kandidatane til UiB idé er vurdert av ein eigen komité med eksternt fleirtal.

– Gjennom ein ekstern vurderingsprosess er målet å byggje kompetanse i innovasjonsarbeid blant alle søkarane, og ikkje berre dei som blir tildelt finansiell støtte, og på den måten å bidra til innovasjonskultur ved UiB, og understøtte vårt arbeid for å bidra til å løyse samfunnets mange utfordringar, seier Greve.

Det er lett å la seg imponere av prosjekta, og kunnskapen og forskinga som ligg bak.

Viserektor Gottfried Greve

I år fekk tre studentprosjekt støtte, og fire forskarprosjekt.

Desse studentprosjekta fekk støtte:

· Hedvig Bache Hungnes frå Institutt for informasjons- og medievitskap ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet fekk finansiering til prosjektet StudyBuddies, som er ein app som skal kople studentar saman slik at dei kan jobbe i lag. Dette skal igjen auke studiemeistring og redusere fråfall av studentar i høgare utdanning.

· August Tidemann Klevberg vann òg fram med sitt prosjekt, der han vil bruke kunstig intelligens for å skape digitale undervisningsopplegg for språkopplæring, som gjer at ein kan gå direkte frå eitt språk til eit anna, utan å måtte gå via engelsk.

· Axel Nybakken med fleire har fått finansiering til eit prosjekt som skal bruke lavtrofiske artar som tare, blåskjell og sekkedyr til å reinse vatn i forureina fjordar. Dei vil starte med å sjå på Oslofjorden.

Dette er forskarprosjekta:

· Gyri Teien Haugland frå Institutt for biovitskap vil utvikle ei mRNA-vaksine for fisk, som kan gi betre fiskehelse og betre utnytting av ressursane i oppdrettsindustrien.

· På institutt for klinisk odontologi har Shuntaro Yamada fått finansiering til å utvikle ein bioreaktor der ein kan dyrke fram beinvev i tre dimensjonar.

· Anastassia Serguienko frå Klinisk institutt 2 ved Det medisinske fakultetet nådde fram med sitt prosjekt for å forutsjå kreftrisiko hos nyfødde ved å analysere biomarkørar i blodprøver.

· Francine Schevenhoven ved Geofysisk institutt fekk òg finansiering for å utvikle ein prototype for eit spelbasert verktøy for å lære elevar i vidaregåande skule om korleis klimamodellar virkar.

Betydeleg potensial

– Alle prosjekta har eit betydeleg potensial ikkje berre for nye produkt og prosessar, men òg som sosial innovasjon. Det er lett å la seg imponere av prosjekta, og kunnskapen og forskinga som ligg bak, seier Greve.

Powered by Labrador CMS