NYHET

UiB-tilsette frå mange fakultet møtte opp då avdelingsdirektør Benedicte Løseth og andre fortalde om NAV-avtalen.

Mange ville ha NAV til frukost

UiB og NAV Vestland inviterte til forskingsfrukost. Slikt kan det bli forskingssamarbeid av.

Publisert

AVTALE MELLOM NAV OG UIB

  • En ny samarbeidsavtale ble inngått mellom UiB og NAV Vestland i juni 2022
  • Ambisjonen er å inspirere UiB-forskere til nye forskningsprosjekt rundt problemstillingene NAV støter på

– Her handlar det om å byggje partnarskap for å hente midlar, og det kan bli veldig spennande! Men det krev litt ressursar frå begge partar, seier forskings- og innovasjonsdirektør Benedicte Løseth ved UiB.

Måndag 28. november var UiB-tilsette invitert til forskingsfrukost om avtalen med NAV.

– For rektoratet er det viktig å vidareutvikle samarbeidet med offentleg sektor, og vi er stolte av den nye samarbeidsavtalen, der vi har styrka samarbeidet om forsking med NAV. Eit godt samarbeid med arbeidslivet, bedrifter og offentlege etatar er viktige føresetnader for at UiB skal utføre samfunnsoppdraget sitt. Eg er veldig glad for at vi møtest slik som i dag til ein god forskingsfrukost, seier viserektor for forsking og internasjonale relasjonar, Benedicte Carlsen.

Arrangementet markerer oppstarten av samarbeidet, etter at ein avtale blei inngått mellom UiB og NAV Vestland i juni 2022.

Fleire i arbeid, færre på trygd

NAV Vestland jobbar svært breitt med ulike problemstillingar, og mange fagområde passar godt inn med profilen til breiddeuniversitetet i Bergen.

– Det er mange grunnar til at vi ønskjer oss eit tettare samarbeid. Vårt mål er å få fleire i arbeid, færre på trygd, og gi brukarane økonomisk tryggleik, seier assisterande direktør Bjarte Hysing-Olsen.

At 20 prosent av befolkninga i arbeidsfør alder til eikvar tid får ei eller anna form for yting til livsopphald stiller mange spørsmål ein kan forske på, og ei særleg bekymring er utanforskap blant unge som ikkje er i jobb eller studerer.

Og felta NAV jobbar med er mange, og dei har allereie funne svar på mykje: Du har ni gonger så stor sjanse for å vere arbeidsledig dersom du har ei alvorleg psykisk liding. Og om du trur at du kjem deg tilbake i jobb har større forklaringskraft enn kva diagnose du har.

NAV har mange interessante tema ein kan forske på, fortalde assisterande direktør Bjarte Hysing-Olsen.

Kort veg mellom NAV og UiB

Håpet er at problemstillingane NAV støyter på kan inspirere UiB-forskarar til å finne nye forskingsprosjekt. Svært mange NAV-tilsette er utdanna ved UiB, og at det er kort veg mellom institusjonane lokalt er eit godt utgangspunkt for å få til felles prosjekt.

– Eg synest dette har vore ein inspirerande forskingsfrukost med gode innlegg frå NAV og UiB. No tek vi med oss mange gode innspel til korleis vi kan bidra til å konkretisere og realisere dei felles ambisjonane våre i det vidare. Ein veldig god start! Seier Benedicte Løseth.

UiB har ei eiga nettside om samarbeidet. Les meir om NAV-avtalen her.

Det vil bli arrangert fleire aktivitetar rundt NAV-samarbeidet, og aktuelle fagmiljø vil bli følgde opp direkte. Andre interesserte er òg velkomne til å ta kontakt.

Powered by Labrador CMS