NYHET

Rektor Margareth Hagen ved UiB og direktør Anne Kverneland Bogsnes ved NAV Vestland signerte 24. juni ein avtale om tettare samarbeid om forsking og innovasjon. Målet er at begge institusjonane skal bli styrkte i prosessen.

UiB og NAV vil forske meir saman

NAV Vestland og Universitetet i Bergen (UiB) har inngått ein ny avtale for å styrke arbeidet med forsking, innovasjon og nyskaping.

Publisert
Samarbeidet tar særleg sikte på å styrke forsking og kompetanse på område der NAV treng kunnskap, og UiB har sterke fagmiljø.

Målet med avtalen er å styrke forsking og fagutvikling på område som er viktige for både UiB og NAV, og slik spele begge institusjonane betre. Det følgjer ikkje midlar med avtalen, men samarbeidet vil kunne styrke gjennomslagskrafta til relevante forskingsfelt hos Norges forskingsråd og EU.

– Det å få vidareutvikle avtalen med NAV og leggje til rette for at UiB og NAV saman kan gå inn i forskingsprosjekt vil vere til stor nytte for begge, seier UiBs rektor Margareth Hagen.

Direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland gler seg til at samarbeidet kan gir meir kunnskap om velferd og arbeidsliv:

– Vi ser for oss å få til ein del forskingssamarbeid gjennom denne avtalen, seier ho.

Samarbeid om både forsking og utdanning

Samarbeidet tar særleg sikte på å styrke forsking og kompetanse på område der NAV treng kunnskap, og UiB har sterke fagmiljø. Å få betre gjennomslag for forskingssøknader vil vere ei av effektane.

Dei to partane ønskjer og å leggje til rette for eit tettare samarbeid mellom dei ulike høgare utdanningane på Vestlandet, som UiB, Høgskulen på Vestlandet og Norges handelshøgskule.

NAV og UiB skal òg utvikle samarbeid om forsking og utdanning som har relevans og samfunnsnytte på det arbeids- og velferdspolitiske området innanfor NAV-relevante felt, i tillegg til samarbeid rundt etter- og vidareutdanning.

Over sommaren vil ein setje i gang aktivitetar som frukostmøte og nettsider for å nå ut til dei relevante fagmiljøa ved begge institusjonar.

Samarbeid etter korona

UiB og NAV har hatt ein samarbeidsavtale sidan 2019, men koronaepidemien har gjort det vanskeleg å utnytte denne fullt ut. Avtalen som no er inngått er oppdatert og i endå større grad retta inn mot forsking.

– Det har vore eit veldig godt samarbeid fram mot denne avtalen. Målet vårt er at avtalen skal få forskingsmiljøa til å tenkje litt ekstra på kva mulegheiter som ligg i eit slikt samarbeid, seier avdelingsdirektør Frode Storvik ved NAV Vestland.

Kontaktpersonar for avtalen er Benedicte Løseth og Rune Smistad ved UiB, og Knut Steinar Eitungjerde ved NAV.

Powered by Labrador CMS