SPESIALGLIMT

Heilstuguhø fra Uladal, Jotunheim (UBB-KK-2127-1518).

Attende på vegen

Glasplatene til fotograf Knud Knudsen har vore på vegen før. Men på 1800-talet nytta dei hesteryggen, ikkje ein klimaregulert lastebil på perm frå oppdrag for Nasjonalmuseet.

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Det var på tide for Billedsamlingen å seie farvel til det gamle BT-bygget i Nygårdsgaten 5 (Sjå nedst i saka for film frå flyttinga).

Heldigvis skulle ikkje Knudsen sine millimetertjukke glasplater reise land og strand rundt i Noreg denne gongen.

Ein detaljprosjektert stad å hengje hatten vart sett i stand på Nygårdshøyden, i underetasjen hos Bibliotek for humaniora.

Klimaregulerte magasin forlenger levetida til verneverdige bilete.

Fire klimasoner, med temperatur, relativ fukt og luftfiltrering tilpassa materialtypane som finst i Billedsamlingen, skal sørge for at Jacob «Jack» Bjerknes i felten og meir enn ein million andre bilete får best mogeleg husly.

Kombinert med skreddarsydd og syrefri innpakning skal også framtida få glede av skattane.

Metereolog Jacob «Jack» Aall Bonnevie Bjerknes i aksjon (ubb-bs-ok-05795-005).

Og skatta er bileta, både nasjonalt og internasjonalt. Tidlegare nemnde Knudsen, ein av Noregs fremste landskapsfotografar, er del av Noregs dokumentarv. Medan nordlysforskar Sophus Tromholt sine fotografi er teke opp i UNESCOs verdsarvsregister.

Samlingane takkar alle dei som har vurdert tilstand og risiko, budsjettert, forhandla og bestilt, prosjektert, målt og bygd, kopla til, bretta og pakka om, programmert, finjustert og passa på, flytta, gjort reint eller medverka på anna vis.

Med tida ønsker vi velkommen innom Haakon Sheteligs plass 7, kor Billedsamlingen held til i underetasjen og kor nye utstillingsområde kjem i første etasje. Og vi ønsker allereie no velkommen til Marcus, kor Billedsamlingen er digitalt tilgjengeleg.

Stødige hender.

Sjå video frå flyttinga av Billedsamlingen. Film: Olaf Knarvik/ Universitetsbiblioteket i Bergen

Powered by Labrador CMS