SPESIALGLIMT

Turistar ved ein av dei «heilage» stadene i norsk reiselivshistorie, Rjukanfossen, garantert med ei reisehandbok i veska. Fotograf: Knud Knudsen, truleg i 1880-åra.

«Kognak bør altid medføres»: eit blikk på norske reisehandbøker.

I år er det 250 år sidan den første reisehandboka for Norge blei utgitt, i ein boksjanger som sidan 1774 har utvikla seg i takt med aukande turisme og reiseliv. Her skal me kortfatta sjå nærmare på to sentrale og særprega døme frå historia om den norske reisehandboksjangeren.

Publisert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Ei reisehandbok er ei faktabasert guidebok for reisande og turistar, som inneheld praktiske opplysningar om reiseruter og turistmål i eit geografisk område. Ei reisehandbok er soleis noko anna enn ein reiseskildring eller ein reisedagbok, som er ein litterær sjanger som omhandlar forfattaren sine opplevingar og erfaringar frå ei reise.

Vegvisarane

Den første norske reisehandboka, «Norsk Veyviser for Reysende», blei typisk nok skriven og utgitt av ein danske, Hans Holck. Han reiste i delar av Norge i 1769, og den vesle boka på 48 sider utgitt fem år seinare skildrar dei viktigaste vegane mellom byane i Norge, med opplysningar om avstandar og skysstasjonar, og ikkje minst om alle strabasane den stakkars Holck fekk oppleva, på dårlege vegar og i ein for han skremmande natur.

Tidleg på 1800-talet dukka det opp fleire reisehandbøker, basert på same mal som i boka til Holck. «Landeveiene mellom Norges Stæder» kom i 1814, og dei meir omfangsrike og «Norske Reiserouter» i 1821 og 1827, dei siste utgitt av C.B. Brinchmann. I «Norske Reiserouter» finn me for første gang subjektive kommentarar om standarden på vegar og skysstasjonar. Og truleg var det «Norske Reiserouter» vandraren og kunstnaren Catharine Hermine Kølle hadde med seg som guidebok på dei mange vandringane sine i Sør-Norge i første halvdel av 1800-talet.

Oppslag frå «Norske Reiserouter» utgitt i 1827, med opplysningar om vegar, avstandar og skysstasjonar.

På tur med «Yngvar»

Eit velbrukt eksemplar av 8. utgåve av «Reisehaandbog over Norge» av Yngvar Nielsen, utgitt i 1896.

Først i 1879 dukka det opp ei verkeleg nasjonal reisehandbok, som også fanga opp reiseruter og turistmål i «periferien» utanfor hovudvegane. Professor Yngvar Nielsen (1843-1916) - historikar, geograf, museumsstyrar og ihuga fotvandrar og reisande - ga ut «Reisehaandbog over Norge» på 440 tospalta sider. Boka var i oppsett og utsjånad inspirert av m.a. den kjente tyske Baedeker-serien med reisehandbøker, med mjuke, raude omslag.

Nielsen var ein særs konservativ mann frå borgarskapet i Christiania, og reisehandbøkene hans, som kom i 12 utgåver fram til 1915, er prega av at han hadde sterke meiningar om det meste.

I forordet til reisehandbøkene sine innfører Nielsen spesifikke råd og tips til reisande og fotvandrarar. Råda er mange og med dagens blikk, nokså snodige. Nielsen hadde ein hang til sjølvmotsigande leddsetningar, som gjorde råda ein smule forvirrande. «Renlighed, som alltid er god, er det især paa en Fodtur», «Kognak bør altid medføres. Et Par Draaber i ethvert Bæger Vand, navnlig naar der er smeltet Sne i dette, gjør godt, skjønt det ikke smager godt». Eit forvirrande høgdepunkt dukkar også opp på slutten av den 20 sider lange skildringa av Bergen, av dei mange båtrutene ut frå byen: «Da man hver Dag kan komme bort frå Byen, behøver man ikke at opholde sig længer i Bergen, end man selv ønsker». Javel.

Kart over Hardanger, frå «Reisehaandbog over Norge» av Yngvar Nielsen frå 1879.

Nielsen var ein streng smaksdommar av både natur og folk. Han blei reint ekstatisk av å reisa gjennom det «underdejlige» Hardanger – særleg Ullensvang og Ulvik, mens i nabobygda Eidfjord finner han alt «nøgent og stygt». Verre blei det når dei sterke meiningane utarta i tidstypiske fordommar mot folkeslag og folketypar, då særleg mot samar og kvenar. Dette er særleg tydeleg i boka «Reisebreve og Folkelivs-Studier» frå 1880, som fungerer som eit slags utvida appendiks til reisehandboka frå 1879, ei bok der m.a. skildringane av samar sklir ut i det me i dag vil kalla reinspikka rasisme. Men tendensen er også tydeleg til stades i reisehandbøkene.

Reisehandbøkene til Nielsen, som på folkemunne blei kalla «Yngvar», var likevel ein imponerande kraftinnsats, og blei ein kjempesuksess som fekk monopol på reisehandbok-marknaden. Inspirert av suksessen prøvde fleire aktørar seg i same sjangeren i tiåra etter 1915 , m.a. NSB og Landslaget for Reiselivet, og etter kvart dei nye bil-organisasjonane KNA og NAF. I takt med den aukande bilismen, blei den saklege og nærmast kjedeleg objektive vegboka til NAF den dominerande nasjonale reisehandboka i etterkrigstida og heilt fram til våre dagar, med siste utgåve no i 2024.

Til fots blant gløgge «mellemskaller»

I 1924 blei det utgitt ein ny type nasjonal reisehandbok, tiltenkt fot- og fjellvandrarar, og samtidig den særaste og på sitt vis mest skremmande reisehandboka utgitt i Norge. «Til Fots. Reisebok over Norge» blei utgitt av høgsterettsadvokat Nils Onsager og heisinspektør Nils Rustad, to svært erfarne fjellvandrarar. Boka inneheld i hovudsak fakta og skildringar frå vandreruter i fjell- og skogtrakter.

Det boka derimot har er nærgåande skildringar av det forfattarane kallar for «folketypar»: «På grunn av landets beskaffenhet har befolkningen i de enkelte daler og fjordegne levet nokså avstengt fra utenverdenen i århundreder, og selv mellom nærliggende landsdeler har der vært liten forbindelse. Der har derfor utviklet sig særegne folketyper som ikke alene i sprog men også i legemsbygning og karakter adskiller sig fra sine naboer».

Mange tidlegare reisehandbøker, m.a. hos Nielsen, hadde innslag av skildringar av karaktertrekk og «folketypar», og då særleg av telemarkingar og setesdølar, som ofte blei skildra som staute «høvdingskikkelsar» nærmast uforandra frå mellomalderen. I denne boka bikkar desse innslaga over i det absurde. Det var Nils Rustad som skreiv alle avsnitta om folketypane, han hadde ei livslang interesse for det som i samtida blei kalla fysisk antropologi, raseteoretiske samanlikningar av fysiologi og utsjånad hos ulike folketypar, med særleg vekt på såkalla skallemålingar (kort-, mellom- og langskallar).

Ein typisk illustrasjon av raseteoriane til Nils Rustad, frå memoarboka hans, «Minner frå fjell og skog», utruleg nok utgitt så seint som i 1945.

Heisinspektøren nøyer seg ikkje med å skildra telemarkingar generelt, han skil i tillegg mellom folketypar i ulik bygdelag og dalføre: «Heddølen er noget treg, egen og påholden. Gransheringen nordenfor er mere åpen og gjestfri og viser nærmere slektskap med de slanke, livlige og vennlige tinndøler. Blant disse har dog Vestfjorddalens beboere et visst særpreg; de er lavere, mere tettvoksne, mørke kortskaller og skal efter sagnet være en vestfra over Møsvann innvandret stamme en mongolid type. Vinjesokningene roses som særlig elskverdige, oplyste og intelligente. Fyresdølene, nærmest i slekt med Setesdalens mellemskaller, er gløgge og opvakte foregangsmenn med adskillige kunnskaper, planer og ideer. Blant nissedølene som er langskaller og noget tyngre av gang og vesen, treffer man nokså mange med gulaktig hudfarve og mørkt hår. Tørdal, et lite anneks til Drangedal danner noget for sig eiendommelig, det er den mest kortskallede bygd i hele Telemark, og skiller sig i åndelig henseende ganske fra hovedsognet». (s. 162-163)

Lest med eit kjapt blikk verkar dette sitatet i første omgang berre komisk og passe absurd. Men teoriane til Rustad har ei beksvart bakside, særleg når me seinare i «Til Fots» les skildringa av skoltesamane i Nord-Norge, som ein «degenerert og lavtstående rase». Raseteoriane som Rustad merkeleg nok integrerte i ei bok om fjellvandring, var dessverre vitskapleg gangbare både i Norge og Europa på denne tida, og fekk som alle veit konkrete undertrykkande og dødelege utslag i Europa dei neste tiåra. Den Norske Turistforening overtok etter kvart ansvaret for formidlinga av boka, og publiserte nye utgåver i 1935, 1949 og 1953, heldigvis og ikkje uventa reinska for folketypane og raseteoriane til Rustad.

_________________________

Delar av denne teksten er utdrag frå artikkelen «Venleik og villskap. Fyresdal i gamle reisehandbøker», som blir publisert i «Sjå deg attyvi», utgitt av Fyresdal Sogelag november 2024.

Powered by Labrador CMS