SPESIALGLIMT

Bufast under bergfall: «Parti fra Tokheim i Hardanger». Kolasteinen på Tokheim, fotografert 1869-70.

Bufast under bergfall

”Hardangerfjordens Omgivelser ere af Naturen just ikke meget behagelige”. Slik skildra Ivar Aasen Hardanger tidleg i 1840-åra, og viste med det at oppleving av natur og landskap til ei kvar tid er kulturelt bestemt.

Publisert Sist oppdatert

FRA SPESIALSNOP TIL SPESIALGLIMT

Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen har i flere år bidratt med ulike historiske og dagsaktuelle artikler til Universitetets nyhetsavis «På Høyden» under tittelen «Spesialsnop». Samarbeidet med «På Høyden» fortsetter nå under tittelen «Spesialglimt». Hver fredag vil de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, presentere godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film. Godt glimt!

Berre nokre år seinare blei Hardanger-landskapet nasjonalromantisk kanonisert gjennom ”Brudeferd i Hardanger” av Tidemand og Gude; det pittoreske og ”underdeilige” Hardanger var blitt eit nasjonalt ikon.

Men parallelt med dette utstilte landskapet fanst det eit anna Hardanger – arbeidslandskapet, det produktive landskapet – som ikkje fekk del i den nasjonalromantiske rusen, anna enn i generelle festtalar om den ”stolte norske bonde”. For bøndene langs Sørfjorden i Indre Hardanger var det pittoreske og storslåtte synonymt med eit tungdrive og trassig kulturlandskap, under trugande bergfall og den glasiale pusten frå breen.

«Part fra Hardanger»: Frukttreplanting i samteig på Tokheim, 1872.

Brytninga mellom det pittoreske og det produktive landskapet i Hardanger er eit sentralt element i dei tidlege bileta til fotografen Knud Knudsen (1832-1915), bevart ved Billedsamlingen på Universitetsbiblioteket i Bergen. Knudsen var både deltakar og observatør i dette landskapet, fruktdyrkar på Tokheim i Odda og fotograf med blikk for den veksande turistmarknaden.

Samstundes med at Knudsen blir ein pioner i visualiseringa av det pittoreske Noreg, dokumenterer han i 1870-åra og seinare folke- og arbeidslivet på Tokheim og andre stader i Indre Hardanger, m.a. gjennom 63 fotografi i serien «Motiv for malere». Desse rett nok arrangerte bileta skildrar kvardagslege arbeidsprosessar og situasjonar frå livet på garden; møkakøyring, slakting, slått, frukthausting, klesvask, fiske osv. Arbeidsfolka har tillit til den lokalkjende fotografen, dei er fanga med respekt, fullt fokuserte på handgrepa i arbeidet.

«Storvask ved elven. Motiv for Malere», Tokheim ca. 1875.

Ein annan harding med same tvisynet som Knudsen var diktaren Olav H. Hauge (1908-1994). Ved Spesialsamlingen har me brevsamlinga, diktmanusa og alle skrivebøkene etter Hauge, ein uvurderleg kulturskatt. Som Knudsen var Hauge både kunstnar og fruktdyrkar, og levde eit langt liv med poesi og poding i frukthagen og kårhuset på Rossvoll i Ulvik, avbrote av sjukdomsperiodar som pasient på Valen sjukehus.

Hardanger-landskapet er svært så synleg i diktinga til Hauge, både som symbolmetta natur og som konkret utgangspunkt for mange av dikta, som i «Under bergfallet», titteldiktet i den andre diktsamlinga til Hauge, publisert i 1951. Det er ei kjend sak at Hauge aldri blei «ferdig» med dikta sine, noko som er svært synleg i alle diktmanusa og skrivebøkene i samlingane våre - i nokre tilfelle reviderte og filte han på ord og verseliner gjennom fleire tiår. Dette er også tilfelle for «Under bergfallet», der den handskrivne manusversjonen frå 1951 blei revidert før boka gjekk i trykken. Hauge var også frampå med rettepennen før diktet skulle utgis i «Dikt i samling» over tjue år seinare, i 1972, utan at endringane i korrekturen kom på trykk i boka.

Under bergfallet

Rettingane i første del av «Under bergfallet» i Hauge si korrekturutgåve av «Dikt i samling», Noregs Boklag 1972. Manuskript- og librarsamlingen UBB.

Du bur under bergfall.
Og du veit det.
Men du sår din åker
og trør trygt ditt tun
og lèt dine born leika
og legg deg
som inkje var.

Det hender,
når du stør deg til ljåen
ein sumarkveld,
at augo sviv som snarast
yver bergsida
der dei segjer
sprekken
skal vera,
og det hender
du vert liggjande vaken
og lyda etter
steinsprang
ei natt.

Og kjem raset,
kjem det ikkje uventa.
Men du tek til å rydja
den grøne boti
under berget
- um du då har livet.

Omslag av diktsamlinga «Seljefløyta», utgitt av Samlaget 2018, med dikt henta frå det opphavleg refuserte diktmanuset frå 1930-talet, eit manus som er bevart ved Manuskript- og librarsamlingen ved UBB.

Diktet til Hauge og bileta til Knudsen synleggjer kva bøndene har hatt å bala med i dei bratte fjellsidene under breen; menneska blir små i det store landskapet. Samstundes formidlar fotografia samspelet mellom menneske og natur, gjennom innblikk i ein tidsepoke med driftsformer som no er historie. Såleis blir bileta dels eit blikk tilbake mot ei brytningstid i bondesamfunnet, i tida før hamskiftet endra driftsvilkåra, og dels ei påminning om at kjensla av å vera og å virka i dette kulturlandskapet var like sterk før som ho er no.

Små menneske i stort landskap, «Aanarbeide i Hardanger», fotografert av Knud Knudsen på Tokheim i 1864. Billedsamlingen UBB.

Gjennom historia har folket i Indre Hardanger, bufaste under bergfall, forma naturen rundt seg til eit eineståande kulturlandskap. Fotografia til Knud Knudsen viser oss fragment frå denne historia, poetisk akkompagnert av «Under bergfallet». Felles for desse fragmenta er dokumentasjonen av arbeidsliv og arbeidsprosessar, personar og handgrep.

Den konkrete utforminga av kulturlandskapet er ein uendeleg prosess, ei historie som i praksis må bli fysisk foredla og formidla frå generasjon til generasjon. Den vesle guten med det store og undrande blikket har enno ein lang veg å gå i denne historia, men kan vandra inn i landskapet med ei trygg lærehand å halda i og ei open grind framfor seg.

Liten gut på veg inn i kulturlandskapet, med undrande blikk og ei trygg hand å halda i. Fotografert på Tokheim, ca. 1870-1875.

Deler av teksten har vore publisert som katalogtekst til utstillinga «Bufast under bergfall», Aga-tunet i Hardanger 2005.

Powered by Labrador CMS