SPESIALGLIMT

I felten, på jakt etter meininga med snø. Teltleir på Råstojaure, 2. mai 1912.

På jakt etter meininga med snø

I løpet av sju månader i 1911 og 1912 drog ein havforskar, ein litteraturvitar og ein samisk bonde rundt i øydemarka i Nord-Sverige og Troms, på jakt etter meininga med snø.

Publisert

FRA SPESIALSNOP TIL SPESIALGLIMT

Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen har i flere år bidratt med ulike historiske og dagsaktuelle artikler til Universitetets nyhetsavis «På Høyden» under tittelen «Spesialsnop». Samarbeidet med «På Høyden» fortsetter nå under tittelen «Spesialglimt». Hver fredag vil de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, presentere godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film. Godt glimt!

I løpet av det som trioen sjølv kalla «Lappmarks-ekspedisjonen», dokumenterte dei snølandskap og snøtilhøve på meir enn 2000 fotografi og i 15 feltbøker. Ein ekspedisjon og eit materiale som sidan blei gløymt, og som først dukka opp 100 år seinare, gøymt på eit støvete loft på Geofysisk institutt i Bergen, og no trygt bevart ved Spesialsamlingane.

Materialet som me rota fram frå mørkeloftet var 172 glasplatenegativ, 49 store albumblad med over 700 fotografi, eit par hundre lause fotografi, 15 feltbøker, og null opplysningar.

Etter støvtørking og preservering blei det ein langvarig detektivjakt for å pusla saman meiningsinnhaldet i materialet, ein prosess som enda opp i ein fascinerande forteljing om ein gløymt vitskapleg ekspedisjon.

Bjørn Helland-Hansen fotografert på «Lappmarks-ekspedisjonen».

Om ekspedisjonen

Deltakarane på ekspedisjonen var Bjørn Helland-Hansen (1877-1957), havforskar og seinare professor ved Bergens Museum og Geofysisk institutt; Ingebrigt (Illit) Grøndahl (1882-1970), litteraturvitar, forfattar, og frå 1910 til 1916 assistent ved Biologisk stasjon i Bergen; og Johannes Persen (1861-1943), samisk gardbrukar frå Karasjok.

Oppgåvene til denne litt snodig samansette gjengen var å studera «den biologiske betydningen av sne» i Nord-Sverige («Torne Lappmark», noverande Kiruna kommune) og i Troms. Det konkrete målet var å undersøka beiteforholda for den samiske reindrifta langs dei eldgamle driftevegane mellom Sverige og Norge, gjennom å dokumentera og måla snøtilhøva – mengde, vekt, temperatur osv – over ein periode på to år, mars- mai i 1911, og mars-juni i 1912.

Ekspedisjonen hadde både i 1911 og 1912 base i den vesle tettstaden Vittangi ved Torne-elva, aust for Kiruna, og farta vidt omkring i den sakte smeltande vårsnøen i Kiruna-regionen med reinsdyrslede og ski, før dei kryssa grensa over til Troms og enda opp i Tromsø.

Feltstudie frå Vittangivarre, 20. april 1912

Om arkivmaterialet

Med hjelp av dateringar og stadnamn i dei 15 feltbøkene er det mogleg å pusla saman reiserutene til ekspedisjonen, sjølv om desse opplysningane druknar litt i den endelause mengda av måleresultat og lausrivne notat. Helland-Hansen produserte 6 feltbøker, Grøndahl 8, og Persen 1.

Det er påfallande å lesa korleis Helland-Hansen tyr til havforskarspråket sitt for å skildra snølandskap og snøtilhøve – med ord som bølger, bølgelengder, krusningar, straumar, snøhav osv. Feltbøkene inneheld også svært detaljerte lister over alle motiva som blei fotograferte i løpet av ekspedisjonen, totalt 2010 fotografi, halvparten av dei bevarte ved Spesialsamlingane.

Helland-Hansen fotograferte halvparten av fotografia, inkludert glasplatenegativa, med tre ulike kamera, mens Grøndahl var ansvarleg for resten. Den vekslande tekniske kvaliteten på fotomaterialet er først og fremst eit prov på at begge var amatørfotografar, men også på at arbeidstilhøva for fotograferinga i felten til tider var vanskelege.

Smeltande snø, 1912.

Fotomaterialet er som nemnt svært omfattande og mangetydig, og særleg er dei over 700 bileta på albumblada viktig dokumentasjon av ekspedisjonen. Bileta er daterte og geografisk plasserte, og har korte bilettekstar om motiva.

Glasplatenegativa er i utgangspunktet vanskelegare å forankra i tid og stad, men med hjelp av listene i feltbøkene er det mogleg å skapa ein kontekst og eit meiningsinnhald.

Motiva dekker eit bredt spekter, frå nærbilete av målestavar i snøgroper, nærbilete av snøflekker og smeltande snø, hundrevis av snølandskap, storslegne samansette panoramamotiv fotograferte frå fjelltoppar, bilete av bygningar, folkelivsbilete, og nokre få portrett av deltakarane og innleigde assistentar og køyrekarar.

Gruppeportrett, Vittangi, 1912. Me veit ikkje dessverre ikkje namna på nokon i denne lystige gjengen.

Vurdert reint estetisk som landskapsfotografi er brorparten av snølandskap-motiva i samlinga tilsynelatande uinteressante, men som vitskapleg dokumentasjon er det uvurderleg kjeldemateriale.

Helland-Hansen og Grøndahl fotograferte større område og avgrensa lokalitetar for å dokumentera snøtilhøve og snømengder, korleis snøen la seg i landskapet, i høve til beiteforhold, veksttilhøve og driftevegar, og lokalitetar fotograferte i 1911 blei refotograferte i 1912 for å dokumentera evt. endringar.

Fotomaterialet frå ekspedisjonen er derfor viktig både som historisk primærkjeldemateriale og som utgangspunkt for framtidig klima- og snøforsking i dette området.

Albumblad 39, Roston Selkä, mai 1912

Om meininga med snø

Om Helland-Hansen & co., etter sju månadar i felten, til slutt fann meininga med snø, er ikkje så lett å vita, ingenting blei nemleg publisert frå «Lappmarks-ekspedisjonen», med unnatak av eit lite foredrag av Helland-Hansen, trykt i tidsskriftet «Naturen» hausten 1912. Der lova han å skriva ein omfattande vitskapleg artikkel om ekspedisjonen i årboka til Bergens Museum, men den kom aldri på trykk. Ikkje så rart kanskje, hausten 1912 var nok Helland-Hansen mest opptatt med ferdigstillinga av hjartebarnet sitt, forskingsfartøyet «Armauer Hansen», som blei døypt og sjøsett i desember 1912.

Historia om «Lappmarksekspedisjonen» blei derfor berre ein liten fotnote i den imponerande merittlista til Helland-Hansen, som verdskjent havforskar og geofysikar.

Grøndahl deltok på det første toktet med «Armauer Hansen», saman med Helland-Hansen og m.a. Fridtjof Nansen, før han blei norsklærar i London, forfattar, og statsstipendiat i 1950.

Johannes Persen forsvann meir anonym ut av denne historia, heim til bruket i Karasjok, men har i det minste æra av å ha skapt den einaste feltboka skrive på samisk som er bevart ved Spesialsamlingane.

Johannes Persen, til venstre inni teltet, saman med ukjent assistent, 1912

For meir om meininga med snø, sjå: Ola Søndenå: The significance of Arctic snow: making sense of the photographic archive from the Norwegian Lappmarken Expedition 1911-1912, i Fjellestad, Acadia (red.):” Library and Information Studies for Arctic Social Sciences and Humanities.” London: Routledge 2020.

Powered by Labrador CMS