SPESIALGLIMT

Kunden skimta familienamnet Rosenberg. Då han zooma inn på bildet såg han mannen som står i døra.

Evig takknemleg for fire kvadratmillimeter bevart fotohistorie

Vi har mange nøgde kundar på Billedsamlingen kvart år, men ikkje alle som bestiller bilde hos oss uttrykker evig takksemd for noko så lite.

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

­I slutten av mai tikka det inn ei bestilling på eit Knud Knudsen-bilde frå Bryggesporden. Ingenting uvanleg med det, men i kommentarfeltet hadde bestillaren Tobias Rosenberg (30) skrive; «Heilt utruleg å tilfeldigvis sjå min tipp-tipp-oldefar i døra av Rosenbergs Barberstue. Evig takknemleg!»

I sin jakt på spor etter sine forfedre nærast snubla han over dette bildet av tipp-tipp-oldefaren.

– Det er utruleg spennande når ting nærast dukkar opp av seg sjølv, fortel Rosenberg.

– Eg sat og googla litt, og søkte i ulike digitalarkiv. Eg hadde funne ut at dei budde i dette området, og søkte etter Vetrlidsallmenningen. Det leda meg inn på www.marcus.uib.no.

Deepzoom-funksjon

Det aktuelle bildet var ikkje det første som kom opp, eit søk på Vetrlidsallmenningen gir 124 treff i databasen vår. Men medan han kikka gjennom bilda skimta han plutseleg familienamnet Rosenberg på ein plakat. Det store fleirtalet av bilde i Marcus har såkalla deepzoom-funksjon, som gjer at ein kan zoome inn på detaljar i bildet.

Det store fleirtalet av bilde i Marcus har såkalla deepzoom-funksjon, som gjer at ein kan zoome inn på detaljar i bildet. Slik ser bildet ut med maksimalt utsnitt. Skjermdump frå www.marcus.uib.no

– Det er kult at det er så høg oppløysing på bilda. Eg skimta namnet, zooma inn på det, og der stod mannen sjølv i døropninga, fortel han begeistra.

Sjå bildet i Marcus: https://marcus.uib.no/instance/photograph/ubb-kk-nbx-0575.html

På skiltet står det A. Rosenbergs Barberstue, og mannen som står lageleg til i døropninga er barberar Albert Martin Rosenberg.

– Eg har kryssjekka med andre bilde av han, som er i familiens eige, og fekk såleis stadfesta at det er han, seier tipp-tipp-oldebarnet.

Originalen: Slik ser originalbildet ut [Bryggesporden] (UBB-KK-NBX-0575). Foto: Knud Knudsen. Billedsamlingen, UiB.
Skimta namnet: Kunden skimta familienamnet Rosenberg. Då han zooma inn på bildet såg han mannen som står i døra. Foto: Knud Knudsen. Billedsamlingen, UiB.
Målestokk: Her er negativet avfotografert med millimetermål for å visa storleiken på detaljene. Foto: Knud Knudsen. Billedsamlingen, UiB.
Imponerande: Det er ganske imponerande å sjå at fire kvadratmillimeter på eit negativ, som er mellom 133 og 137 år gammalt, inneheld nok informasjon til å skildra eit ansikt. Foto: Knud Knudsen. Billedsamlingen, UiB.

Tørrplate

Det kan sjå ut som både barberaren og fleire andre personar på bildet bevisst har stilt seg opp for å bli med på bildet, anten på eige initiativ eller kanskje på spørsmål frå fotografen?

Den opprinnelege dateringa av bildet i Marcus var sett til mellom 1890 og 1905, men i jakta på meir informasjon om barberar Rosenberg kom vi over informasjon frå barberaren sjølv som gjorde at vi kunne stadfeste bildet mykje meir nøyaktig. I Bergens Tidende 28. oktober 1884 averterer Albert Rosenberg følgende tekst på forsida; «Min barberforretning er midlertidig flyttet til Bager Martens`s hus, Vitterlevsalminding. Albert Rosenberg.». I Bergens adressebok 1888, utgitt av Theodor Tønnesen, står barber Albert Rosenberg oppført på Vitterlevsalmending 5.

På bildet er barbersalongen i Bager Martens hus, som har adresse Vetrlidsallmenning 1. Dermed må bildet være tatt mellom 1884 og 1888. Det er fotografert på eit glasnegativ med gelatin som bindeledd for den lysfølsame emulsjonen, ei såkalla tørrplate. Tørrplata kom i 1878, og var ei vidareutvikling av våtplata, som måtte framkallast før emulsjonen tørka. Ei lyskjensle 20 til 25 gonger høgare enn våtplata, opna for motiv der ein kunne fotografere folk i røyrsle, og fotografen trengte ikkje lenger ha med seg mørkeromsutstyr ut i feltet.

Det er ganske imponerande å sjå at fire kvadratmillimeter på eit negativ, som er mellom 133 og 137 år gammalt, inneheld nok informasjon til å skildra eit ansikt.

Glasplata bildet er tatt på måler 15x21 cm i yttermål. Som ein ser på bildet over måler ansiktet til barberaren om lag 2x2 millimeter på negativet, som er 0,01 % av det samla arealet av glasplata. Det er ganske imponerande å sjå at fire kvadratmillimeter på eit negativ, som er mellom 133 og 137 år gammalt, inneheld nok informasjon til å skildra eit ansikt. Trekka er tydelege, og ein kan sjå både barten og det som kan vera eit imponerande kinnskjegg.

Illustrasjon av korleis 55x55 pikslar ser ut.

For teknisk interesserte vil 0,01 % av bildeflaten på eit typisk speglreflekskamera som Canon EOS 5D IV med 31,7 megapikslar, svare til om lag 55x55 pikslar av den totale bildeflaten på 6720x4480 pikslar.

Inspirert til skattejakt

Inspirert av den vellukka oppdaginga av Rosenberg, sette eg i gang min eigen vesle utforsking av arkivet til Billedsamlingen. Gjennom arbeidet mitt med digitalisering av Atelier KK sitt arkiv, som er etterkommarane av fotograf Knud Knudsen, kom eg over bilde fotografert på oppdrag frå Eidsvåg fabrikker. Min eigen morfar jobba heile livet som fargar på tekstilfabrikken i Eidsvåg, og eit lite håp om å finne spor av min slekt var sådd.

Eit søk på Marcus gav 47 treff, og mellom dei dukka det opp eit bilde av dei tilsette. Igjen vart deepzoom-funksjonen tatt i bruk, og eit kjent fjes dukka opp under ein sixpence på nest bakarste rad.

Bildet er ein reproduksjon av eit fotografi som viser dei tilsette ved Eidsvåg fabrikker (UBB-KK-N-456-264).

Der står altså min morfar Lars Jakob Ervik, fødd 18. mai 1906. Han starta i fabrikken som 14-15-åring, og bildet er nok ikkje tatt så lenge etter at han starta.

Dette bildet er ein reproduksjon av eit fotografi med ukjent fotograf og fotograferingstidspunkt. Bildet er truleg avfotografert samtidig med at fotografen var på oppdrag ved Eidsvåg fabrikker, basert på kva vi finn av nærliggande negativ i arkivet. Sjølv om det er ein reproduksjon av eit fotografi held negativet høg kvalitet, som utsnittet viser.

Sjølv om det er ein reproduksjon av eit fotografi held negativet høg kvalitet, som ein kan sjå på utsnittet til høgre.

Kor mange slike skjulte skattar som berre ligg og ventar på å bli oppdaga i vårt store arkiv tør eg ikkje gjetta på. Vi finn stadig små og store funn i vårt daglege arbeid. Men det er utan tvil gull å finne mellom grå negativ, og www.marcus.uib.no er open for skattejakt kvar dag, året rundt.

Powered by Labrador CMS