SPESIALGLIMT

Soga om eit syskenlag frå Lavik: fem brør frå Lavik gjorde seg sterkt gjeldande før og etter det førre hundreårsskiftet i dei såkalla “motkulturane”.

Spesialglimt: Brørne frå Lavik

To nye skrifter om den kjende Lavik-familien frå Eksingedalen kastar lys over dei norske “motkulturane” som voks fram i kjølvatnet av den haugianske rørsla på slutten av 1800-talet. Dette er eit forskingsfelt som framleis er relevant.

Publisert Sist oppdatert
Forsida av boka «The Saga of the Lavik Family», trykt i USA og donert til Spesialsamlingane frå professor i psykiatri ved UiB, Nils Johan Lavik, soneson av den eine av brørne, Johan Lavik.

Spesialsamlingane fekk i 2021 inn to skrifter om fem brør frå Lavik i Eksingedalen. “The Saga of the Lavik Family” er ei bok frå USA om den store greina av Lavik-slekta som finst der. Boka er truleg skriven rundt 1959. Det andre, “Brørne fra Lavik. Biografiske skisser av fem brødre fra gården Lavik i Eksingdalen” er eit hefte skrive av professor i psykiatri Nils Johan Lavik, soneson av den eine av brørne, Johan Lavik. Hans son att, Trygve, som arbeider ved UiB, har donert begge skriftene. Begge byggjer på ei “ættesoge” som Johannes A. Lavik skreiv i 1944. Dette manuskriptet har ikkje late seg spora, men er underlaget for store delar av den amerikanske publikasjonen.

Desse fem brørne frå Lavik gjorde seg sterkt gjeldande før og etter det førre hundeårsskiftet i dei såkalla “motkulturane”. Dei heitte Andres, Andreas, Johannes, Johan og Dore, og i tillegg hadde dei ei syster, Maria, som er mindre kjend. Alle har fått plass på ei minnetavle tvers over vegen frå butikken på Lavik.

Bilete av dei fem Lavik-brørne frå boka «The Saga of the Lavik Family».

Sosiologen Gabriel Øidne skreiv i 1957 ein kjend artikkel, “Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet”, der han påviste korleis dei tre motkulturane målsak, fråhaldssak og pietisme (indremisjon) skapte kulturelle skilnader mellom aust og vest i landet og dermed grunnlag for ulik politisk orientering. Han peika m.a. på at Vestlandet ikkje var kulturelt einsarta, men at det kunne identifiserast ulike “kulturregionar” der dei ulike motkulturane kunne ha ulike tyngdepunkt. På Vestlandet stod “den mørke kyststripa” i motsetnad til den meir frilynde “folkehøgskuleregionen” lenger inne i fjordane.

Dei fem brørne frå Lavik sprengde seg ut or bygdesamfunnet gjennom talent, oppdrift og hardt arbeid. Eldstebror Andres (1852–1941) vart verande på heimegarden, men sat på Stortinget frå 1898 til 1900. Dei andre vart “bondestudentar” i det same tidsrommet som Arne Garborg skreiv romanen med det namnet: Andreas (1854–1918) reiste ut som emissær og vart sentral i grunnlegginga av Det Vestlandske Indremisjonsselskap. Johannes (1856–1929) tok historisk-filosofisk embetseksamen, har fått æra for å ha grunnlagt Noregs Mållag i 1906 og grunnla avisa Gula Tidend i Bergen i 1904. Dore (Dorotheus, 1863–1908) var skodespelar og teatermann, oftast hugsa som sambuaren til skodespelaren Marie Andersen fram til ho møtte Knut Hamsun kort tid før Dore døydde. Den femte broren, Johan (1858–1931), var den i flokken som oppfylte draumen om full presteutdanning.

Dore Lavik som Dr. Thomas Stockmann i «En folkefiende» (ukjent år).

Systera Maria døydde tidleg (1865–1901). Ho er nemnd i dei to skriftene, men ikkje fyldig omtala, og det har sikkert med stoffmangel å gjera. Mykje tyder òg på at både brørne sjølve og etterslekta ikkje fann det opportunt å snakka så mykje om henne. Ho var i ferd med å bryta ut or norskdomsparadigmet og orientera seg mot feminisme og arbeidarrørsle. Ho leia Kvinnelig arbeiderforening i Bergen og var journalist i avisa Arbeidet, skriv slektning og namnesyster Maria Lavik om henne (Klassekampen (6.9.18).

Andreas og Dore er biograferte frå før, og har saman med Johannes vore sterkast framme i det nasjonale rampelyset, to som organisatorar og éin som kunstnar. Eldstebroren Andres er godt kjend lokalt, medan Johan aldri prøvde å spela noka politisk rolle. Det viktige med heftet som Nils Johan Lavik har skrive, er at vi får omtalar og vurderingar både av dei to andre brørne, Andres og Johan, og av samspelet mellom dei og foreldra og dermed av det miljøet dei kom frå.

Det religiøse grunnlaget for Lavik-familien var haugianismen, med sterkt vekt på plikt, arbeid og fromheit. Mora Kari, fødd Kyte, var aktiv i det haugianske miljøet på Voss og ei sterk kvinne med store formidlingsevner og frimod til å ta ordet på kyrkjebakken. Den kristendomstypen som rådde i dette miljøet, har vorte karakterisert som “kulturopen”. Både Andres, Johannes og Johan gjekk på Sogndal folkehøgskule og vart personlege vener av Per Sivle.

Andres eller Anders Lavik fotografert av Arne Bjørndal (ubb-bs-ok-00628-002_sm).

1870- og 80-åra var ei brytingstid, nye og ‘radikale’ idear braut fram i kulturliv og politikk, og målspørsmålet var ein konfliktfaktor i høve til dei pietistiske straumdraga. Andreas tala for for allmenn røysterett for kvinner på Stortinget i 1890, det vart ikkje teke godt imot. Andres sat på Stortinget og røysta for diktarløn til Arne Garborg ni år seinare, og det var heller ikkje ukontroversielt. Nils Johan Lavik dokumenterer godt korleis dei ulike retningane Johannes og særleg Dore utvikla seg i, var opphav til uro og otte i familien for at brørne skulle komma på avstand til barnetrua. Ut frå det som vert fortalt om dei religiøse diskusjonane mellom brørne, har det sikkert vore ein endå vanskelegare situasjon rundt systera Maria då ho melde seg ut or statskyrkja.

Av dei tre motkulturane er fråhaldssaka minst synleg i dette materialet. Det å ta kampen for landsmålet utan å tapa barnetrua står fram som det sentrale for dei mest proflerte av brørne. Johannes har fått æra for at Noregs Mållag vart skipa i 1906. Dore er til stades i det nynorske miljøet rundt Hulda Garborg og var ein eksponent for nynorsk som teatermål, men døydde for tidleg til å få vera med på skipinga av Det Norske Teatret i 1912. I språkspørsmålet er Johan helst konturlaus, og Andreas var nok ein litt for tidleg figur i indremisjonsrørsla til å ha teke noko tydeleg språkpolitisk standpunkt.

Det finst fleire gjenstandar ved Manuskript- og Librarsamlingen som kjem frå Lavik-brørne. Meir presist ein brevsamling frå Johannes Lavik (1856-1929) og ein pamflett (ubb-ms-1163) med ein song «Sungen 3.juni 1919 i lag hjå Lavik fyr bladskrivarane i Gula Tidend den gangen han laut slutta vera politisk redaktør».

I dette perspektivet er kanskje eldstebroren Andres den mest interessante figuren. Han var den religiøse mentoren for brørne i Kristiania, han bygde kyrkja på Flatekval og kriga Blix-salmane inn i kyrkja i 1896, og han fekk sonen Nils (1884–1966) som vart sentral indremisjonsleiar og den første stortingsmannen for Kristeleg Folkeparti. Andres var med på å “rehabilitera” Arne Garborg for (kultur)radikale idear, medan sonen Nils slåst mot dei kulturradikale straumdraga før og etter krigen. Syntesen av heilhuga nynorsk og seinhaugiansk pietisme verkar som den konstante faktoren i livslaupet til desse to.

Motkulturane spelar framleis ei rolle i analysen av politiske preferansar og val i tradisjonen frå Stein Rokkan. Det har òg oppstått ny interesse for haugianismen som politisk og økonomisk fenomen, og motkulturane vart trekte fram av Kjartan Fløgstad i feiden omkring språkspørsmålet og nazismen i pamfletten Brennbart frå 2004.

Dei to skriftene fyller ut biletet av motkulturane med personar som stod midt oppe i denne utviklinga. Særleg er heftet om “Brørne” som Nils Johan Lavik skreiv, ei viktig skisse i mangelen av ein fullverdig fellesbiografi der både språkhistoriske, kulturhistoriske og religionssosiologiske perspektiv kan få ein plass.

Bibliografi

Johannes Lavik: Andreas Lavik. En biografisk skisse. Bergen 1919.

Nils Johan Lavik: En haugianer på teaterscenen. Dore Lavik - skuespiller og teaterdirektør. Oslo 2008.

Arve Kjell Uthaug: “Kongevegen, kara!" Andreas Lavik og lekmannsrørsla på Vestlandet. Hovudoppgåve, UiB. 1996.

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Powered by Labrador CMS