SPESIALGLIMT

Eit lite utval almanakkar frå Helland-samlinga, 1864-1874.

Almanakk: på sporet av den tapte tida

Gjennom historia har almanakkane, saman med bibelen og salmeboka, vore blant dei mest brukte og selde bøkene i Norge. I samlingane våre finst det store mengder av slike små unnselege almanakkar, velbrukte og ofte spekka med notat, marginalia og teikningar.

Publisert Sist oppdatert

SPESIALGLIMT

Hver fredag presenterer de forskjellige delene av Spesialsamlingene, nemlig Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingene, godbiter fra samlingenes spennende og varierte materiale i form av tekst, bilder og film.

Historia til almanakken er lang, godt over 1000 år, og opphavet til sjølve ordet ‘almanakk’ er temmeleg dunkelt og omstridd. Uansett, til alle tider har innhaldet i almanakkane på ymse vis vore dominert av stoff om meteorologi, klima, jordbruk og astronomi, kortfatta små artiklar av meir eller mindre vitskapleg karakter, i tillegg til ein kalenderdel – slik det fortsatt er no i 2023.

379 år med almanakkhistorie. Faksimile av den første almanakken (og boka) trykka i Norge, saman med den meir moderne 2023-utgåva.

Den første norske almanakken blei trykka i 1643, «En Ny Almanach paa det Aar efter Jesu Christi Fødsel 1644». Dette var samstundes den første boka trykka i Norge, på det nyoppretta og kortvarige trykkeriet til den danske boktrykkaren Tyge Nielssøn. Denne vesle boka, 48 sider og 10 x 7 cm stor, med dårleg trykk og skakk og skeiv typografi, var nok eit resultat av manglande trykkefagleg kunnskap og utstyr. Den var også trykka utan løyve frå danskekongen, i så måte ein piratalmanakk. Den finst i dag berre i eitt eksemplar ved Nasjonalbiblioteket. I 1678 kom den neste norske almanakken, trykka av boktrykkaren Hans Hoff i Christiania. Det einaste ukomplette eksemplaret som er bevart finst ved det Kongelege Bibliotek i København.

Den norske almanakkhistoria starta for alvor i 1804, då kom det to utgåver av «Almanak for det Aar efter Christi Fødsel 1804», utrekna etter polhøgde- eller breiddegrad-koordinatane for Christiania og Trondheim. Bergenserane fekk ein særs kortvarig birolle i den norske almanakkhistoria i 1814, det einaste året det har vore publisert ein almanakk utrekna etter polhøgda i Bergen. Frå 1923 kom nordlendingane inn i almanakkane, med ein eigen «Hålogalandsutgåve». I tillegg har det heilt fram til i dag blitt publisert flust av meir spesialiserte almanakkar – for skog- og landbrukarar, sjøfolk og fiskarar.

Modifisert almanakk og notatbok, laga av skipsføraren Enoch Helland i 1851.

I samlingane våre finst det store mengder almanakkar, men den mest fascinerande og komplette samlinga er 143 almanakkar skapt gjennom ein hundreårsperiode av tre generasjonar i den bergenske familien Helland. Først ut var haugianaren og kjøpmannen Amund Helland (1786-1870), opphavleg frå Bjerkreim i Rogaland, der han møtte Hans Nielsen Hauge i 1804, og følgde med Hauge til Bergen, der han fekk borgarbrev som kjøpmann i 1813 og dreiv seinare handel med eigne skip. I samlinga finst det 27 almanakkar etter Amund, frå 1829 fram til han døde i 1870. På dei blanke kalendersidene i almanakkane har Amund med sirleg handskrift skrive korte innførslar om fødslar og dødsfall, reiser og møter med folk.

Sonen, skipsføraren Enoch Helland (1818-1884), var desto meir skrivekåt i almanakkane sine, totalt 40 er bevarte. I ti år var Enoch kaptein på faren sine skip, m.a. «Cort Adeler», og brukte i denne perioden almanakkane sine som ein slags skipslogg, med korte daglege tekster om vær og vind. I ein periode tidleg i 1850-åra batt han almanakksidene inn i heimelaga skrivebøker, tettpakka med skrift og ofte med teikningar av skip. Etter kona til Enoch, Rachel Helland (1816-1903), er det bevart 7 almanakkar, med fragmentariske notat om feriereiser, fødslar og høgtider.

Velbrukte heimelaga almanakkar, laga og kladda på av Enoch Helland, 1849-1850.

Eldste sonen til Rachel og Enoch, skipsreiaren Peter Helland (1847-1935), fortsette almanakktradisjonen i familien i nærmare 60 år, frå 1877 til han døde i 1935. Han skreiv sporadiske korte innførslar om reiser, arbeid, og om kvardagslege hendingar – om den første snøen på Byfjella, og i mai 1899 om gleda ved å høyra gauken som eit etterlengta vårteikn.

På ymse vis er almanakksamlinga etter familien Helland viktig kjeldemateriale. Innførslane i almanakkane gir små gløtt inn i familiehistorie, høgtider og kvardagsliv og hendingar i bergenshistoria gjennom 100 år, og hos Enoch – inn i bergensk sjøfartshistorie. I manuskriptsamlinga vår er det bevart store brevsamlingar etter familien Helland, både etter dei tre generasjonane nemnde her, men også etter dottera og barnebarna til Peter, m.a. den kjende politikaren, journalisten og feministen Rachel Grepp (1879-1961), og journalisten Gerda Grepp (1907-1940). Almanakkane etter Helland-familien, med sine fragmentariske tekstar og blikk på kvardagsliv og historiske hendingar, gir såleis eit viktig supplement til den fascinerande familiehistoria som finst i breva.

Fargerike almanakkar frå Helland-samlinga.
Powered by Labrador CMS