KORTNYTT

UiB-loppemarked i Kalfarveien

Treng du møblar til hytta, heimekontoret eller klubbhuset? Møt opp i Kalfarveien og hent det du vil ha.

Grunna ulike flytteprosjekt hos Sentraladministrasjonen ved UiB, har det vore gjort ei storstilt rydding i Kalfarveien 31.

Etter ryddinga står det igjen eit større antal kontormøblar, som stolar, bord og skrivepultar. Dei vil no bli gitt vekk.

UiB-tilsette vert med dette invitert til å hente gratis møblar i Kalfarveien 31, tysdag 22. september mellom klokka 10 og 14.

Inngangen til loppemarkedet er i første etasje i hovudbygningen. Møblane vert fordelt på to soner i første etasje og ei sone i andre etasje.

Praktisk informasjon om smittevern her.