KORTNYTT

UiB-leiinga bekymra for situasjonen for studentar og tilsette

Universitetsleiinga ved UiB hadde torsdag eit møte med Bergen kommune. Temaet var koronasituasjonen, og korleis den påverkar tilsette og studentar.

– Det har vore lang tid med strenge restriksjonar og stengd campus. Saman med andre representantar frå UiB-leiinga har eg uttrykt mi bekymring for den alvorlege situasjonen som studentar og tilsette no er i. Dette er ei uro vi deler med andre leiarar i UH-sektoren, seier rektor Margareth Hagen.

UiB-leiinga understreka at særleg studentar har eit behov for å returnere til campus.

I løpet av dei komande dagane vil leiinga i Bergen kommune vurdere kva tiltak som det er aktuelt å vidareføre frå og med måndag 22. februar.

– Vi vil tidlegast i morgon torsdag 18. februar få melding om det blir aktuelt å lette på tiltaka. Universitetsleiinga vil uansett vere budd på å opne campus på kort tid. Også fakulteta vil legge dette til grunn i si planlegging, seier Margareth Hagen.

Powered by Labrador CMS