KORTNYTT

UiB-forskar kåra til årets litteraturkritiker 2021

Førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap Frode Helmich Pedersen er av Norsk kritikerlag kåra til Årets litteraturkritiker 2021.

Juryen skriv blant anna:

Sikre og slagferdig formulerte smaksdommar er eit kvalitetsteikn i kritikken, når dei byggjer på kvalifiserte og grundige grunngivingar. Årets kritikar demonstrerer til fulle at kritikk nettopp er ein grunngivingskunst, og dessutan at humør og temperament ikkje er uforeineleg med sindig refleksjon og solid argumentasjon: Vurderingane hans byggjer på observant lesing, kyndig kontekstualisering og innforliva kjennskap til tradisjonen. Dette kjem til syne når han melder bøker i dags- eller vekeaviser, når han luftar større litteratur- og kulturkritiske hypotesar i tidsskrift, når han drøftar prinsipielle spørsmål om litteratur og kritikk i spalteformat, og når han feller poengterte litterære dommar for open scene i Litteraturhuset i Bergens faste forum for litteraturkritikk.

Les mer om juryens grunngjeving hos Kritikerlaget.

Powered by Labrador CMS