KORTNYTT

UiB får over 8 millionar til vidareutdanning i digital kompetanse

Regjeringa deler ut 34,5 millionar kroner til vidareutdanning i digital kompetanse. Universitetet i Bergen får mest.

– Den digitale utviklinga gjer at vi alle saman har behov for å oppdatere kunnskapen vår for å kunne henge med. Derfor bruker vi pengar på at fagskular, høgskular og universitet kan utvikle vidareutdanningstilbod saman med næringslivet, kommunar og andre verksemder. Tilboda skal vere tilpassa behovet i arbeidslivet og fleksible slik at tilsette kan kombinere tilbodet med jobb, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Desse UiB tilboda får pengar

Fleksibel vidareutdanning i digitalisering i helsesektoren (DigiFleksHelse) får 4 940 400,-

Samarbeidspartnarar: Bergen kommune, Alver kommune, Voss herad, Bergen næringsråd, Alrek helseklynge, Norwegian Smart Care Cluster, Helse Vest Ikt AS, Helse Bergen HF, Vaksdal kommune

Datareisen får 2 850 400,-

Samarbeidspartnarar: DigitalNorway, Smart Innovation Runway, DNB, Norske havner, Samfunnsbedriftene, FN-sambandet i Norge, Oslo kommune

Fleksibel vidareutdanning i kunstig intelligens får 1 187 434,-

Samarbeidspartnarar: Insitute of Transport of Economics, Bergen næringsråd, Bouvet Norge AS, Capgemini Norge AS

Les heile pressemeldinga på regjeringa.no