KORTNYTT

Tre nye UiB-forskarar valt inn i DNVA

Publisert

Professorane Tor Eldevik (Geofysisk institutt), Nele Meckler (Institutt for geovitskap) og Rebecca Jane Cox (Klinisk institutt 2 og leiar av Influensasenteret) frå Universitetet i Bergen er valt inn som nye medlemmer i Det Norske Videnskaps-Akademi.

Medlemskap i DNVA er ei ærefull utmerking. Akademiet har no 949 norske og utanlandske akademikarar som medlemmer.

Den matematisk-naturvitskapelege klassen kan ha opptil 140 norske og 100 utanlandske medlemmer. Klassen for humaniora og samfunnsvitskap kan ha opptil 120 norske og 60 utanlandske medlemmer. Ein plass blir ledig når eit medlem fyller 70 år, eller ved dødsfall.

Du kan lese meir om Det Norske Videnskaps-Akademi her.

Powered by Labrador CMS