Om tedrikking og teikningar Eit prosaisk motiv med eit visst historisk sus, «The-pause paa Griegs kontor april 1921». Den ukjende fotografen har fanga tre menn i ein pause frå arbeidet på Bergens Museum, plasserte bak skrivebordet på kontoret til konservator James Alexanderssøn Grieg (1861-1936), mannen til venstre på biletet. I midten sit Henrich Bucher jr. (1854-1932), og til høgre, yngste mann i laget. Anton Mohr Wiesener (1879-1947).