Torsdagsbildet: Den internasjonale dagen for kvinner i vitskapen 11.februar er den interansjonale dagen for kvinner i vitskapen. Men kvinner har ikkje alltid vore velkomne i akademia. Det var sagt at kvinner var ikkje fysisk utrusta for å utsetta seg for slike intellektuelle påkjenningar. Dette har endra seg markant. I dag er 60 prosent av studentane våre kvinner, og andelen kvinner som tar doktorgrad er aukande. I 2020 var 30 prosent av professorane ved UiB kvinner. Det er ei dobling på 15 år.