KORTNYTT

Søk studentlegat og fond

Som student ved Universitetet i Bergen er det ei rekke legat, fond og stipend du kan søke midlar frå, utover studielån og stipend frå Lånekassen.

Treng du til dømes midlar til feltarbeid, konferansereise eller innkjøp av utstyr? Ved å søke Meltzer prosjektstipend innan 1. desember, kan du få opp til 75.000 kr i stipend. Stipendet vert tildelt særskilt evnerike studentar og ph.d.-kandidatar ved Universitetet i Bergen.

Søknadsfrist for fond og legat er hovudsakleg 1. desember.

Les meir om studentlegat og fond her