KORTNYTT

SNL-treff på UiB: Kvalitetssikra kunnskap mot falske nyheiter

Publisert

I ei tid der falske nyheiter og desinformasjon får meir merksemd enn nokon gong, er Store norske leksikon (SNL) ein garantist for kvalitetssikra kunnskap. Universitetet i Bergen speler ei sentral rolle i dette arbeidet.

Tysdag 8. november besøkjer SNL Universitet i Bergen. UiB er viktig for SNLs stilling som garantist for kvalitetssikra kunnskap.

Les meir om arrangementet her

Dei siste åra og spesielt etter Russlands invasjon av Ukraina har søkjelyset på falske nyheiter, desinformasjon og hacking vorte stadig sterkare. Kva narrativ og kva informasjon ein kan stole på, har vorte ein viktig del av samfunnsdebatten. I denne samanhengen speler SNL ei viktig rolle: Me tilbyr samfunnet kunnskap og fakta som er sjekka av fagfolk og tilgjengeleg for folk flest.

Unikt i verda

Store norske leksikon er eit felles dugnadsprosjekt for alle dei norske universiteta og ei rekkje andre ideelle organisasjonar. Saman skaper desse institusjonane ein felles kunnskapsbase som er fritt tilgjengeleg for offentlegheita.

Universiteta er sjølve stammen i leksikonet. Det er unikt i verda at så mange kunnskapsorganisasjonar går saman om éin felles formidlingskanal til allmenta. Den faglege forankringa er synleg for lesarane og styrkjer truverdet vårt, seier sjefredaktør Erik Bolstad.

Powered by Labrador CMS