NYHET

Augeblinken då rektor Margareth Hagen fekk vite valresultatet .

Team Hagen er vinnar av rektorvalet ved UiB

Rektor Margareth Hagen og prorektor Pinar Heggernes skal saman med resten av Team Hagen leie den største kunnskapsinstitusjonen på Vestlandet dei neste fire åra.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er verkeleg ei stor ære og tillitserklæring for oss, seier ein strålande fornøgd vinnar av rektorvalet saman med prorektorkandidat Pinar Heggernes like etter at resultatet er gjort kjend.

Torsdag 25. mars klokka 12 stengde dei digitale «vallokala» og valstyret ved Universitetet har godkjend det endelege valresultatet.

Frå venstre: Pinar Heggernes, Margareth Hagen, Annelin Eriksen og Gottfried Greve

Saman med resten av teamet, prorektorkandidat Heggernes og viserektorkandidatane Annelin Eriksen og Gottfried Greve, fekk dei 62,6 prosent av stemmene.

– Det har vore ein lang og intens valkamp. Eg vil takke alle studentar og tilsette som har stemt på oss, og eg vil også få takke motstandarane i Team Samdal for ein god valkamp, seier Hagen, som dermed held fram i rektorgjerninga med ny prorektor og nye viserektorar frå 1. august.

Oddrun Samdal, som ikkje nådde opp i valet, ønsker å gratulere valvinnaren.

– Eg gratulerer Margareth og teamet hennar, samtidig som eg vil takke for tilliten frå alle som stemde på oss. Det har vore ein intens og hyggeleg valkamp i møte med veljarane, og no ønsker eg vinnarteamet lukke til med oppgåvene som ligg framfor dei, seier Samdal.

Grunna koronapandemien har valkampen i hovudsak vore digital. Eirik Holmøyvik, leiar av valstyret, seier han gjerne skulle sett at fleire nytta stemmeretten.

– Valstyret har godkjent valresultatet, og vi har fått ein vinnar. Universitetsdemokratiet står sterkt ved Universitetet i Bergen, sjølv om vi gjerne skulle sett at fleire nytta stemmeretten. Eg er fornøgd med at det har vore ein valkamp prega av gode debattar der kandidatane har fått presentert seg sjølve og visjonane dei har for universitetet, sjølv om det har vore digitalt.

4564 personer stemte ved valet. Av tilsette i undervisnings- og forskarstilling var valdeltakinga 59, 7 %. Den var 54,2 % blant dei teknisk-administrativt tilsette og 12,0 % blant studentane.

Augeblinken då Margareth Hagen fekk vite at ho vann rektorvalet.
Powered by Labrador CMS