NYHET
Populære ordbøker i ny drakt
Universitetet i Bergen fekk i 2016 ansvaret for Bokmålsordboka og Nynorskordboka. No kan du vitje dei populære nettsidene i ny drakt og nytte deg av oppdatert innhald.
– Det har vore litt av ein jobb. Saman med Språksamlingane og IT-avdelinga har vi i Revisjonsprosjektet jobba for å få oppdatert innhaldet og designet, seier Margunn Rauset som leier arbeidet med revisjon av ordbøkene.
Revisjonsprosjektet blei starta for tre år sidan og skal halde fram i to år til. Dei viktigaste oppgåvene i prosjektet er å få inn nye ord i ordbøkene, sørgje for at innhaldet er i tråd med moderne språkbruk og gjere utvalet av oppslagsord i Bokmålsordboka og Nynorskordboka likare.
– Til dømes har mellom anna karamell har fått seg to nye tydingar: eit kraftig slag («han fekk seg ein skikkeleg karamell midt på nasen») og løn, påskjøning (ho vonar jubileet kan vere ein ekstra karamell»), seier Rauset.
– Ordbøkene har over 50 millionar søk kvart år. Og har hatt eit sårt tiltrengt behov for oppdatering. Innhaldsrevisjonen er eit krevjande arbeid som vert gjort i tett samarbeid med Språkrådet, som er medeigar av ordbøkene. Det er dei som bestemmer korleis orda skal skrivast og bøyast, medan redaksjonen ved UiB tek stilling til kva ord og tydingar som skal vere med, seier Rauset.
Ny utsjånad
I den nye visninga er det eit heilt nytt og mykje luftigare design. Prosjektet har hatt som mål å lage eit meir pedagogisk oppsett både av ordartiklane og bøyingsinformasjonen. Den gamle sida tilfredsstilte ikkje krava til universell utforming, men det er viktig at den nye sida blir god å bruke for alle, både på store og små skjermar.
– Vi har jobba saman med Netlife som har snakka med erfarne, nye, vaksne og unge brukarar for å få ei oversikt over korleis dei opplever ordbøkene. Dei yngre brukarane sa det var vanskeleg å finne fram og tykte dei såg utdaterte ut. Dei erfarne brukarane som har lært seg alle kodane og kvar informasjonen er å finne, er meir opptekne av at den nye sida må vere effektiv å navigere på, seier Rauset.
Etter at Netlife hadde utarbeidd ei skisse, tok IT-avdelinga og Språksamlinga over og laga nettsidene.
– Det vart jobba mykje med korleis ein kan møte dei erfarne brukarane og samstundes gjere nettsidene meir brukarvennlege og intuitive for nye og yngre brukarar, seier Rauset.
– Den nye sida vert hovudside frå nyttår. Men for dei som føretrekkjer det gamle designet, så vil dette vere tilgjengeleg ei stund framover, men sjølve sida kjem ikkje til å bli oppdatert, seier Rauset.
Tett dialog med brukaren
Dersom du er ein iherdig brukar av ordbøkene og har innspel, eller oppdagar noko du meiner kan gjerast annleis, finst det enno ei moglegheit for å påverke det endelege resultatet.
– Vi har jamt over fått gode tilbakemeldingar, og den nye nettsida vert oppfatta som lett å bruke. Særleg nyttige er konkrete innspel om kva som kan gjerast annleis, seier Rauset før ho fortset:
– Nedst på nettsida finn du ei e-postadresse der du kan sende inn innspel.
Ikkje berre ord i ordboka
Det er ikkje berre ord og grammatikk som er oppdatert. Det er også lagt inn fleire uttrykk.
– Det er finst mange kjente og kjære uttrykk i daglegtalen, men veit du kva dei eigentleg betyr? Derfor jobbar vi også med å legge inn uttrykk som ikkje var like vanlege då ordbøkene først kom ut. Til dømes har vi i nynorsk nyleg lagt til krevje sin mann/si kvinne og tenkje koffert og i bokmål køle på og få/sette ræva i gir. Då kan ein enkelt finne ut kva dei eigentleg betyr, seier Rauset.
Ordbøkene er også omtalt på nrk.no.