YTRING

Professor Oddrun Samdal (rektorkandidat) og professor Nils Gunnar Kvamstø (prorektorkandidat).

UiB må ha både topp og breidde med i kvalitetsarbeidet

Oddrun Samdal og Nils Gunnar Kvamstø er kandidatar til rektorvalet på UiB, og har skrive denne ytringa.

! Dette er en ytring. Innholdet i teksten er forfatterens egen mening.

Eit einsidig fokus på å bli best i verda medfører store, utilsikta omkostningar for både aktiviteten og kvaliteten av forskinga ved Universitetet i Bergen (UiB). Vi meiner UiB treng ei sterkare og systematisk satsing på heile breidda i eksternfinansieringsprogramma. Det vil ikkje berre kunne bidra til at fleire av dei gode ideane vinn fram og auka rekruttering av unge forskarar - men òg til ei brei heving av forskingskvaliteten ved UiB.

I På Høyden 11.01.21 seier rektor Hagen at UiB starta ein langsiktig prosess i 2018 som førte til at det hausten 2020 vart send 25 prosjektforslag til Forskingsrådet sitt program for Senter for framifrå forsking (SFF). Å få fleire SFFar er viktig fordi dei fremmer fri og grensesprengjande forsking, hevdar Hagen.

Vi er einige i at SFF er eit viktig verkemiddel både for institusjonen og dei enkelte fagmiljøa. SFF er ein attraktiv kvalitetsdrivar, som gir nokre utvalde miljø store faglege moglegheiter, inntekter, prestisje og merksemd. Vi stør at UiB bør ha mål om å henta ut meir frå denne ordninga. Vårt poeng er at dette målet ikkje bør vere det einaste målet for løfting av kvalitet i forskinga. Vi stiller altså ikkje spørsmål ved SFF-ordninga i seg sjølv, men UiB si strategiske og ressursmessige prioritering av dette arbeidet. Medlemmer av universitetsstyret har stilt kritiske spørsmål knytt til ein strategi som satsar så einsidig og stort gjennom å investere i heile 25 SFF-søknader. Vi deler denne bekymringa. Ei slik massiv søknadsmobilisering inneberer ein enorm ressursbruk, og der avkastninga er høgst usikker. Desse ressursane kunne alternativt ha blitt brukt til å faktisk forske, til å gje administrativ støtte til gjennomføring av eksisterande forskingsprosjekt og til å jobbe opp mot andre finansieringskjelder.

For det første, konkurransen er knallhard og dermed høg risiko for lågt tilslag : Forskningsrådet har løyvt 1 750 MNOK til SFF-programmet, noko som skal finansiere omlag 11 senter. Basert på tidlegare erfaringar, bør UiB vere budde på over 20 avslag. I eit kost-nytte perspektiv trur vi det hadde lønt seg med ein meir allsidig bruk av både dei faglege og administrative ressursane som er lagt inn i innsatsen med å søke om SFF.

For det andre: I styringssignala frå UiB-leiinga fram mot søknadsfristen gjekk det ikkje fram korleis denne satsinga heng saman med anna satsing. Kvifor vel ein å støtta så mange som 25 individuelle forslag? Er det utarbeidd ein plan B for framtidig realisering av dei ideane som ikkje får tilslag som SFF? Sett på spissen ser det ut som lotteritenkinga har tatt overhand: «dess fleir lodd i lotteriet dess større sjansar for gevinst».

For det tredje: For mykje fokus på verkemiddelet i seg sjølv, prestisje og konkurranse med andre kjem heller ikkje utan omkostningar for den einskilde søkar. Dette såg vi i fullt mon etter siste runde i Forskingsrådet sine ordinære tildelingar i 2020. Ein langsiktig strategi for å bygge opp forskingsmiljøa våre må bygge opp under forskarane sin motivasjon og faglege kvalitet. Eit enkelt, men kritisk viktig grep er å vise forskarane at ekstern finansiering, og særleg topp-ordningane, er eit middel til fagleg utvikling, ikkje eit mål i seg sjølv.

Vi meiner SFF-satsinga er eit eksempel på at det ikkje vert tenkt på heilskapen og på korleis UiB på lang sikt skal oppnå og nytte eksternfinansiering til å utvikle kvalitet, nyskaping og volum i forskinga. Det er sjeldan berre èin veg til målet, heller ikkje når det gjeld auka kvalitet og aktivitet i forskinga ved UiB. Vi etterlyser ei meir heilskapleg og differensiert tilnærming for det strategiske forskingsarbeidet ved UiB. Eit tiltak i ei slik retning vil vere å gå bort frå rektor Hagen sin strategi om å satse på søknadsvolumet og heller prioritere søknadskvalitet. Vi meiner det vil vere ein langt meir fornuftig ressursbruk å prioritere nokre få SFF-søknader og styrke deira konkurransekraft. Dette vil òg kunne frigjere store ressursar som kan settast inn på andre områder i forskingsarbeidet og såleis stimulere til at eit breiare og meir mangfaldig forskingslandskap kan utvikle seg. Det føreset at vi er villige til å ta i bruk heile breidda i relevante finansieringskjelder.

Eksternfinansieringa bidrar mellom anna til:

  • Å auke det totale ressursgrunnlaget
  • Stimulere forskarane til å formulere og legge planar for å utvikle og realisere dei gode ideane
  • Styrka konkurranseevna gjennom vedvarande evaluering av idear, planar, kvalitet, kostnadsnivå og gjennomføringsevne
  • Auka inntekter til rekruttering av yngre forskarar
  • Utvikle utdanningskvalitet, digitalisering og internasjonalisering i forsking og utdanning
  • Auka inntekter til å investere i infrastruktur
  • Å styrke samarbeid og nettverk internt, nasjonalt og internasjonalt innan akademia og med næringsliv og forvalting
  • Strategisk slagkraft

Programma i EU og Forskningsrådet legg ulik vekt på faktorane nemnd over. UiB er ein stor, heterogen institusjon med ulike tradisjonar og demografi og kan difor utnytte heile breidda av program og verkemiddel i finansieringsinstitusjonane til å utvikle dei gode ideane. Vi meiner det særleg er i EU at UiB har ubrukt potensial. Vi kan til dømes nemna Research Innovation Actions (RIA) ) i det nye EU rammeprogrammet Horizon Europe som eit større, internasjonalt alternativ til forskarprosjekt i Forskningsrådets tematiske program. Andre relevante program utanfor dei store rammeprogramma (t.d.Joint Programming Initiative (JPI), Public Private Partnerships (PPP), European Space Agency (ESA), European Economic Area (EEA) grants) er lite kjende eller nytta i mange av fagmiljøa våre. I motsett ende av skalaen kunne UIB med fordel hatt ei større prosjektportefølje hos dei regionale forskingsfonda.

Ei mangfaldig eksternportefølje er eit godt og meir finmaska verktøy til å identifisere og utvikle kvalitet og relevans gjennom auking i talet på gode kontaktpunkt med omverda. Dette vil ikkje stå vegen for satsinga på eliteprogramma, men vil heller over tid betre grunnlaget for slik satsing over eit breiare felt samstundes som ressursbruken blir betre proporsjonert. Eit meir mangfaldig prosjektlandskap har større potensial til å gi finansiering av fleire gode idear og slik gjere institusjonen betre rusta til å drive forsking og utdanning av høg kvalitet på mange fleire felt -òg innan område som no (eller i ei framtid) er definerte med stor samfunnsrelevans. Det er bra for forskinga, for studentane og for institusjonen.

Å utvikle over tid både topp og mangfald i eksternfinansieringa meiner vi er eit leiaransvar. For å få dette til, krevst god informasjonsflyt til dei aktuelle fagmiljøa og spesialisert kompetanse og kapasitet i støtteapparatet. Vi må òg ha vilje til å diskutere fordelinga av desse bemanningsressursane mellom fagnært og sentralt nivå. Fellesoppgåver for fagmiljøa og gode støttesystem vil då vere å:

  • samle kompetanse om mål og funksjon som oppdragsgivar legg vekt på
  • dele erfaring og verdiar (strukturkapital) som er skapt i prosjekta og prosjektutviklinga (teorigrunnlag, data, metodar, praktisk erfaring, viktige nettverk) på tvers av fagmiljøa og organisasjonen.

Over tid vil eit slikt arbeid betre evna til å utvikle prosjektporteføljen som samanlagt fører ulike fagområde og dermed institusjonen UiB framover fordi fleire gode idear lar seg utforske. Etter kvart som fleire og fleire utviklar relasjonar til oppdragsgivarar og tar i bruk høva som breidda i finansieringsinstitusjonar utanfor UiB opnar for, så vil institusjonen bli meir robust både fagleg og økonomisk. Dette aukar motivasjonen hos den einskilde forskaren og forskingsgruppene. Fleire vil då få stadig meir erfaring i å skanne horisonten på utkikk etter nye finansieringskjelder for problemstillingar som treng utforsking og som kan finne si løysing til beste både for oppdragsgivarar, forskinga og utdanninga ved UiB og for samfunnet i brei forstand. Tema som kan utviklast til ein nasjonal SFF, SFI eller FME-søknad eller til eit internasjonalt prosjekt, meiner vi best kjem som eit resultat av ei mangfaldig ekstern prosjektportefølje. Eksternfinansieringa er forskarane sitt verkemiddel og ikkje målet.

Professor Oddrun Samdal
Rektorkandidat

Professor Nils Gunnar Kvamstø
Prorektorkandidat

Powered by Labrador CMS