– KI forandrar, på godt og vondt, og kunst gir oss krafta til å møte dette med både kreativt og kritisk blikk, seier Scott Rettberg, professor og leiar ved Senter for digitale forteljingar (CDN).

Når kunst møter kunstig intelligens

Korleis formar KI det kreative landskapet? Ei ny utstilling i Bergen møter utviklinga med kritisk og kreativt blikk.

Publisert Sist oppdatert

Utstillinga «More than Meets AI» ser på påverknaden kunstig intelligens (KI) har på kreativitet, historieforteljing og kunstnerisk innovasjon.

– KI forandrar, på godt og vondt, og kunst gir oss krafta til å møte dette med både kreativt og kritisk blikk, seier Scott Rettberg, professor og leiar ved Senter for digitale forteljingar (CDN).

– Arbeida vi viser i denne store utstillinga reflekterar korleis kunst og historieforteljing endrar seg akkurat no, her me møter nye plattformar og nye måtar å skape historier på. Saman med professor Eamon O’Kane ved Fakultet for kunst, musikk og design, samt kunstnarane og forskarane Jhave Johnston, Jill Miller og Alex Saum, har han satt saman eit program som både kritiserer og gleder seg over måten KI møter samfunnet, litteraturen og kunsten.

Brer seg utover Bergen frå fredag 20. september

«More Than Meets AI» presenterer et vidt spekter av verk som leker seg med forståelsen av forfatterskap og kreativitet. Utstillinga byrjar med filmverk i Kunstgarasjen frå fredag 20. september, opning klokka 19.00, men beveger seg etter kvart rundt i Bergen.

På fire ulike stader i Bergen, fra BIFF på Verftet, til våre eigne kontorlandskap på Nygårdshøyden, til Kunstgarasjen og KMD i Møllendal set utstillinga lys på korleis kunstnarar kan forsøke å halde KI i tømmene. I tillegg held CDN eit opent seminar i Tårnsalen på Universitetsmuseet den 17. oktober.

KI kan brukast for å produsere arbeid som kritiserer dominerende maktstrukturar, snakker om skeivheit og ulikskap i fordommar og samfunn, for å lage nye typer forteljingar og visuell kunst. Ved å vise fram eksempel ynskjer utstillinga at publikum tek inn over seg dei etiske og kulturelle følgjene av å ta KI inn i den kreative prosessen:

– Eit av dei sentrale tema i utstillinga er konseptet cyborg-forfattar eller hybridkunstnar, hvis arbeid kjem frå samhandlinga mellom menneskeleg kreativitet og maskina sin «intelligens», seier Rettberg.

Skildrar den valdsamme KI-utviklinga

Ein versjon av utstillinga vart vist på UC Berkeley i fjor haust, men berre sidan den gong har det vore enorm utvikling i KI-feltet. Bergen-versjonen av utstillinga tek inn over seg dei store endringane, og det nyaste kunstverket er knappe månaden gamal. Anten du er kunstnar, teknolog, eller berre nysgjerrig på korleis samfunnet møter KI-kunst, gir «More than meets AI» eit overblikk på stoda nett no.

Utstillinga er arrangert av Senter for digitale forteljingar i samarbeid med Norsk Forskingsråd-prosjektet Extending Digital Narrative, Peder Sather for Advanced Study, fakultet for humaniora og kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen, University of California, Berkeley, og vertsstadene.

Velkomen til opning på Kunstgarasjen fredag 20. september klokka 19.00. Velkomen til introduksjon til temaet for utstillinga på Senter for digitale forteljingar den 27. september.

Powered by Labrador CMS